Å ta vare på bilen du allereie har er som oftast lønnsamt – både for miljøet og deg. Vi har samla gode råd frå fagekspertane våre og Trygg Trafikk. Råda er også basert på skadestatistikk over hyppige skadar på bil.
Sørg for å ha rett mønsterdjupne på dekka og skift dekk i tide
Kvifor? Rett mønsterdjupne på dekk er essensielt for godt veggrep og sikkerheit på vegen. Minimumskrava er 3 mm for vinterdekk og 1,6 mm for sommardekk, men det er anbefalt å byte dekk før ein kjem nær desse grenseverdiane. Generelt bør mønsterdjupna vere minst 3 mm på sommardekk og 4 mm på vinterdekk. Alderen på dekka, slitasje og tilstand påverkar også yteevna, så det er viktig å følgje produsenten sine anbefalingar og sjekke dekka jamleg. Dekk som er eldre enn 5 år bør vurderast for utskifting. Hugs å følge opp serviceintervall slik at bilen til ei kvar tid er i god stand.
Følg opp serviceintervall slik at bilen til kvar tid er i god stand
Kvifor?
Regelmessig bilservice opprettheld sikkerheita ved å ta vare på bremser, dekk, styring og suspensjon, og reduserer risikoen for farlege situasjonar og uventa kostnadar. Sjølv om service kostar, forhindrar det små problem frå å bli store feil. Vedlikehald er også ein del av dei generelle sikkerheitsforskriftene til bilforsikring.
Korleis?
Følg produsenten sin anbefalte serviceplan for å oppretthalde garantidekninga og sikre optimal og miljøvennleg drift av bilen. Hald bilen din rein og spar pengar på sikt.
Kvifor? Å vaske bilen regelmessig opprettheld både utsjånaden og tilstanden, og bidrar til å bevare bilen sin verdi. Reins fjernar skit, insekt og fugleskit som kan skade lakken over tid og påverke sensorar og skilt. Skit, salt og kjemikaliar kan forårsake rust, spesielt om vinteren. Sjekk bankfordelar for rabattar på bilvask, og vel miljøbevisste verksemder som følger myndigheitskrava.
Kva treng du? Høgtrykksspylar, såpe, svamp og bøtte.
Det er anbefalt å vaske bilen grundig minst éin gong i månaden, men hyppigheita kan variere avhengig av vêrforhold, køyremønster og personlege preferansar.
Kvifor? Rust på bremseskivene reduserer bremsekrafta og aukar ulykkesrisikoen. Bremsar du hardt av og til, held du bremsene i god stand, noko som er betre for både sikkerheita og økonomien. Elbileigarar bør vere merksame på regenerativ bremsing og aktivt bruke bremsene for å unngå rust. Dette sikrar optimal bremsekraft og kan forhindre til kostbare utskiftingar.
Korleis? Finn ein trygg plass, brems hardt og jamt, og hald bremsepedalen nede til bilen har stoppa heilt.
Kvifor? I Norge er det lovpålagt å sikre barn i bil. Hovuda til barn er store og tunge i forhold til resten av kroppen. Det gjer dei meir utsett for alvorlege skadar ved ein frontkollisjon. Derfor er det ekstra viktig å sikre at barnet sit riktig i bilstolen.
Korleis? Vi anbefaler
å sitjr i bakovervendt bilsete såg lenge som mogleg (barn tar ikkje skade av å sitja med bøygde bein)
at barn under 135 cm alltid bruker godkjente bilseter som er tilpassa vekt og høgde på barnet
at du sjekkar at beltet sit godt ned mot hofte/lår, ligg tett på skulder og godt inn mot nakken
å ta av ytterjakke, så beltet sit tett på kroppen (er det kaldt i bilen ta heller beltet under jakka)
Unngå parkering i utsette område, lås bilen og ikkje oppbevar verdisaker i bilen
Kvifor? For å redusere risikoen for biltjuveri, følg sikkerheitsforskriftene nøye så du sikrar deg dekning frå forsikringa dersom noko skulle skje. Dette inkluderer å låse køyretøyet når du forlet det, oppbevare gjenstandar i låste rom, sikre fastmontert utstyr, og sørge for at nøklane oppbevarast trygt og ikkje kan brukast av uvedkomande.
Kontakt forsikringsselskapet ditt om du treng praktisk og umiddelbar hjelp.
Kvifor? Uoppmerksomheit forårsakar éin av tre bilulukker, ofte på grunn av mobilbruk. Når du bruker mobilen medan du køyrer, mistar du i snitt fokus i 4 sekund, noko som tilsvarar 100 meter i blinde. Sett mobilen i bilmodus for å unngå dette.
Bryt du forbodet mot bruk av handhaldt mobiltelefon når du køyrer bil, kan du få bot på 9.700 kroner og tre prikkar i førarkortet.
Korleis?
Sett iPhone i bilmodus.
Gå til Innstillingar, og trykk på «Fokus».
Trykk på plussteiknet, og deretter «Bilkøyring».
Trykk på «Neste», følg instruksjonane på skjermen og still inn dei alternativa du vil bruke.
Trykk på «Ferdig».
Sett Android-telefon i bilmodus.
Gå til «Innstillingar».
Trykk på «Tryggleik og nødssituasjonar».
Vel «Kutt lyden til varslar medan du køyrer»".
Aktiver modus og tilpass.
*Gjeld Samsung. Oppsett på andre Android-eniningar kan variere.
Kvifor? Reine ruter gir god sikt og aukar sikkerheita på vegen, medan skitne ruter avgrensar synsfeltet og reduserer evna til å oppdage hindringar. Ifølge vegtrafikklova må føraren sørge for tilstrekkeleg utsyn, inkludert fjerning av snø, is og dogg. Reine ruter hjelper også vindaugsviskarane til å fungere effektivt. Ha alltid spylarvæske tilgjengeleg.
Hald avstand til bilen framfor deg for å redusere risikoen for kollisjon og for steinsprut. Har du fått steinsprutskadar, kan du bestille reparasjon hos Cary eller Hurtigruta Carglass. Her får du gratis spylarvæske og steinsprutplaster.
Kvifor? På lange bilturar er pausar avgjerande for å oppretthalde merksemda og sikkerheita. Er du trøtt, har du svekka reaksjonsevne, så sjå på pausar som viktige for køyreglede og tryggleik. For yrkessjåførar er det lovpålagt med ein 45 minuttars pause etter maksimalt fire og ein halv time med køyring.
Korleis? Ta pausar på rasteplassar eller bensinstasjonar for å ete, drikke, eller svare på meldingar, og unngå slike distraksjonar medan du køyrer.
Sjekk om du har bankfordelar som gir rabattar på bensinstasjonar, mange fordelsprogram hos bankar har slike fordelar.
Dette må du vite før du lærekøyrer med ungdomen din
Kvifor? Før du let ungdomen din setje seg bak rattet, fokuser på tryggleik og det ansvaret som følger med å køyre bil. Lærekøyring er avgjerande for å utvikle gode køyreferdigheiter i dagens komplekse trafikkmiljø. Respekt for reglar og medtrafikantar er også avgjerande for å skape tryggare vegar. Unngå distraksjonar, følg fartsgrenser, hald avstand og tilpass køyringa etter forholda. Last ned Kör-appen, book køyretime, eller test deg sjølv på teori for å starte denne læringsprosessen.
Korleis? Vi anbefalar å
ta første køyretime hos ein trafikkskule for tips til heimeøving
starte lærekøyring tidleg for å bygge solid køyreferdigheit
gje konstruktiv tilbakemelding og rettleiing i ulike trafikksituasjonar
setje tydelege mål
planlegge ruter og diskutere trafikksikkerheit og gode køyrevanar
sørge for at bilen er i god stand med nødvendig utstyr som lærekøyringsskilt og ekstra spegel
Kva treng du? Krav og råd til lærekøyring inkluderer at den du lærekøyrer med er minst 25 år gammal med minst fem års førarkort, og at du bruker lærekøyringsskilt med stor L på kvit bakgrunn. Det er også anbefalt (ikkje eit krav) å bruke ekstra innvendig spegel for betre oversikt, og krav om gjennomført trafikalt grunnkurs for den som øver. Minimumsalder på den som skal lærekøyre i Norge er 16 år (varierande reglar i ulike land). Den du lærekøyrer med blir sett på som førar under lærekøyringa, og derfor treng ikkje foreldre å registrere «ung brukar» på forsikringane.
Har du bestått førarprøven og registrert 2.000 km i ein køyreapp? Då får du gode kundefordelar både for deg som nyleg har bestått førarprøven, men også for deg som skal dele bilen din.
Kvifor? Parkeringsplassar kan ofte vere vanskelege å navigere på. Vi anbefalar derfor at du alltid ryggar inn i parkeringslomma. Dette enkle, men effektive grepet gir deg betre sikt og kontroll ved utkøyring Ved å parkere med fronten ut, reduserer du også risikoen for ulykker, spesielt med tanke på blindsoner og små barn som ofte bevegar seg uforutsigbart. Ei lita endring i parkeringsvanane dine kan utgjere ein betydeleg forskjell for sikkerheita.
du installerte fast ladepunkt eller industrikontakt før 1. januar 2023 (som var krava frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB)
Det nye regelverket, NEK 400, krev ladeboks med type 2-kontakt ved nyinstallasjon for fast lading av elbilar heime og på hytta. Å lade elbilen heime med vanleg stikkontakt kan føre til avkorting på forsikringa ved brann og utgjer ein brannrisiko, då vanlege stikkontaktar ikkje er designa for den høge effekten elbilar krev. Overbelasting kan føre til varmgang og brann, som ofte startar ved sikringsskapet.
Kvifor? Sjølvsagt kan det vere nødvendig å bruke bilen når avstandane er lange eller du skal transportere tunge gjenstandar. Likevel, vel å sykle eller gå når det er mogleg, det er bra for miljøet, helsa og økonomien din. Viss du syklar er det viktig å investere i ein solid lås og hjelm for å verne deg mot både tjuveri og skade.
Bildekk er den største kjelda til mikroplast i Norge
Kvifor? Bildekk er ei betydeleg kjelde til mikroplastforureining i norsk natur. Når bildekk blir slitt, blir det frigjort små plastpartiklar som spreier seg i lufta, vatnet og jorda. Mikroplast, som er plastbitar mindre enn 5 millimeter, stammar frå ulike kjelder som bildekk, kosmetikk, tekstilar og fiskenett, og kan skade både miljøet og menneske si helse. Forsking viser aukande mengder av mikroplast i norsk natur, inkludert hav, innsjøar, jord og luft. Mikroplast kan påverke marine organismar og menneske negativt, med mogleg helseproblem som kreft, immunforstyrringar og reproduksjonsproblem ved inntak gjennom mat eller luft.
Korleis?
Feil lufttrykk slit ekstra på dekka. Sørg for å ha riktig lufttrykk og kontroller trykket regelmessig – helst ein gong i månaden, før lange bilturar og når du skiftar dekk. Ha ein roleg køyrestil utan hard akselerering og bremsing, så forhindrar du at du slit ut dekka fortare enn nødvendig. Bruk riktig dekk til riktig årstid: Gummien i vinterdekk er mjukare enn sommardekk og slitast fortare ut når det er varmare enn 7 grader.
Kjøp dekk laga av resirkulert plast for å redusere mikroplastutslepp, og sjekk dekka dine regelmessig for slitasje og hol, sidan slitne eller skadde dekk kan sleppe ut meir mikroplast.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}