Samanlikn bilforsikringane før du bestemmer deg. Ansvarsforsikring er lovpålagt om bilen er registrert. I tillegg kan du utvide til delkasko, kasko eller toppkasko avhengig av kor gammal bilen din er og korleis du bruker den.
Ved sal av bilen vil bilforsikringa bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer salsmeldinga. Dette gjeld også viss bilen blir registrert som vraka eller meldt stolen.
Avregistrering av bilen
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes ikke av Ansvar
Dersom du avregistrer bilen din, vil forsikringa automatisk gå over til ein lagringsforsikring, der du slepp å betale trafikkforsikringsavgift og for ansvarsdekninga. Prisen vil også bli lågare.
Kva dekker forsikringa?
Ansvar
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes av Ansvar
Ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig ein bil som blir brukt på vegen. Den dekker skade på personar, og skader du påfører andre personar sine køyretøy, eigedom og eigedelar.
Du får veghjelp ved små og store problem, anten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, vil bilen bli frakta til nærmaste verkstad.
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester.
Maskinskade er tilfeldig og plutseleg mekanisk skade på motor, girkasse, drivverk, høgvoltsbatteri og ladeenhet. Maskinskade gjeld fram til bilen blir 10 år (maks 250.000 km).
Du vel eigenandelen sjølv når du kjøper kasko eller toppkasko. Viss du vel ein høgare eigenandel vil du få ein billegare forsikringspris. Nokre eigenandelar er imidlertid faste.
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Du kan få inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine. Er du i tillegg bankkunde, får du 5 % i ekstra rabatt.
Nokre mindre skadar kan det lønne seg å betale sjølv, viss eigenandelen og bonustapet blir dyrare enn reparasjonen. Er du bilforsikringskunde hos oss får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade.
Meld skaden
Du får rettleiing, kan bestille veghjelp og melder skaden.
Saka blir registrert Du får eit skadenummer, kan følge saka og kommunisere med saksbehandlar via «mine skadesaker».
Taksering Bilen blir levert til det avtalte verkstaden for taksering. Ein leigebil kan stå klar når du leverer bilen.
Vurdering hos saksbehandlar Saksbehandlar vurderer saka opp mot vilkåra. Du får beskjed om skaden er dekt, og informasjon om eigendel og eventuelt bonustap.
Reparasjon Verkstaden sender tilbod om reparasjon til Fremtind for godkjenning. Dei vurderer tilbodet og snakkar med verkstaden din. Når tilbodet er godkjent blir reparasjon sett i gang.
Avslutning av saka Verkstaden fakturerer Fremtind direkte, med unntak av eventuell eigendel. Deretter er saka avslutta.
Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Bruk kalkulatoren for å tilpasse forsikringa til det som passar for deg og bilen din. Du ser både pris og kva som er inkludert. Ønsker du å tenke på tilbodet, blir det liggjande under «mine forsikringar».
Du kan forsikre deg mot motorhavari med toppkasko bilforsikring. Då må bilen vere nyare enn 10 år og ikkje ha gått lengre enn 250.000 km. Motorhavariet må vere ein tilfeldig og plutseleg mekanisk skade.
Maskinskadedekninga kan også dekke tilfeldige og plutselege skader på girkasse, drivverk (drivakslar, mellomakslar, bakaksel), motorens og automatgirkassa si elektroniske hovudstyreenhet, samt hybrid-/elbiler si batteripakke. I tillegg vert dynamo, starter, turbo, mellomkasse og EGR-ventil dekka.
Det er fleire ting du kan gjere for å påverke prisen på bilforsikringane dine. Her er eit par tips som gjer at forsikringane blir billegare:
Jo høgare eigenandel du vel, jo lågare blir prisen på forsikringane.
Jo lågare køyrelengde, jo lågare forsikringspris. Hugs at du kan justere ned køyrelengda dersom du ser at du ikkje kjem til å køyre så langt som du har valt.
Samlar du fleire forsikringar hos oss kan du få inntil 20 % rabatt
Køyrer du skadefritt aukar du bonusen, og bilforsikringane blir billegare. Vår startbonus for førstegangs-kjøparar er på 60 %, eller heile 70 % viss du øvelseskøyrer 2.000 km.
Har du ein eldre bil som ikkje er så dyr bør du vurdere å velge ein billegare bilforsikring, som ansvar eller delkasko framfor kasko eller toppkasko.
Er du over 23 år, i tillegg til at alle som skal køyre bilen er over 23 år? Då vel du dette ved kjøp eller endrar i etterkant, og prisen blir lågare. Hugs at du ikkje treng å velje «ung sjåfør» ved lærekøyring.
Bilmerket og bilmodellen påverkar også prisen ein del. I følge finansavisa er det eksempelvis dyrare å forsikre ein BMW i4 enn ein Toyota RAV4, til tross for at BMW'en er ein billegare bil enn Toyota'en. Prisen påverkast mellom anna av kor ofte bilen får skadar, og kor dyre skadene er.
Kan eg avskilte bilen utan å levere skilt? Ja, det er ikkje lenger eit krav om at skilta på avregistrerte køyretøy skal leverast inn til ein trafikkstasjon, ved midlertidig avregistrering av køyretøy. Du kan sjølv midlertidig avregistrere køyretøyet på vegvesen.no når du sjølv ønsker. Det vil framleis vere mogleg å møte fysisk med skilta på ein trafikkstasjon dersom du ønsker det.
Kva med forsikringa?
Når du avregistrerer/avskiltar bilen midlertidig, går forsikringa di automatisk over på ei lagringsforsikring. Då er bilen din berre forsikra for lagring, og du kan ikkje køyre bilen.
Køyre avregistrert bil
Har du avregistrert bilen har du lagringsforsikring, men ikkje den lovpålagte ansvarsforsikringa. Køyrar du rundt med lagringsforsikring, køyrer du utan forsikring. Blir du stoppa medan du køyrer utan ansvarsforsikring er bota høg, men det verste er viss du blir skuldig i ei ulykke med personskadar. I tillegg til den vonde kjensla av å ha skada nokon for livet, kan erstatningsbeløpet fort komme opp i millionklassen.
Om du treng å køyre/flytte bilen medan den er avregistrert må du bestille prøveskilt/dagsforsikring hos Statens vegvesen. Du treng ikkje eige ansvarsforsikring når du køyrer med prøveskilt då dagsforsikringa inkluderer dette, og blir dekt av Statens vegvesen viss noko skulle skje. Du kan bruke prøveskilt ved:
prøvekøyring, for eksempel i samband med kjøp og sal
flytting av køyretøy frå ein stad til ein annan
prøving av køyretøy i samband med reparasjon eller anna
køyring i samband med fortolling, godkjenning og registrering
Korleis registrerer eg ein avregistrert bil? For å kunne registrere ein avregistrert bil må du fyrst ha ei bilforsikring. Om du alt har ei lagringsforsikring på bilen din, kan du logge inn på forsikringa for den bilen det gjeld og velje «Gjenoppta "dekning"».
Viss bilen blir køyrd av nokon under 23 år må dette stå i forsikringsavtalen for bilforsikringa. Det er fordi det er større sjanse for uhell når ein er under 23 år, som vil påverke prisen noko. Forsikringa kan bli avkorta viss dette ikkje står i avtalen og det skjer ei skade.
Er du usikker på kva som står i forsikringsavtalen din kan du sjekke dette i «mine forsikringar», eller i mobilbanken/nettbanken.
Endre sjåfør under 23 år Ønsker du å endre slik at personar under 23 år kan køyre bilen din? Endre dette sjølv ved å logge inn til mi bilforsikring og velje «endre forsikringa». Når du endrar til «sjåfør under 23 år», kan du ikkje endre tilbake før det har gått 3 månader.
Lærekøyre? Skal de ut å lærekøyre treng de ikkje registrere førar under 23 år. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer.
Mange bestemmer om dei ønsker å ha delkasko eller kasko på bakgrunn av alder og verdi på bilen. Har du ein eldre bil med låg verdi held det kanskje med delkasko eller ansvarsforsikring. Har du ein ny og dyr bil bør du vurdere kasko eller toppkasko. Har du lån med pant i bilen er det ofte eit krav til kasko som minimum.
Delkasko er ein god bilforsikring, men dersom du ønsker å få dekka skader på eigen bil må du oppgradere til kasko eller toppkasko. Kasko dekker i tillegg skader på eigen bil som mellom anna:
Nei, du treng ikkje seie opp bilforsikring, verken om du sel bilen eller vrake den. Når du sel bilen vil bilforsikring bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salgsmsg) på bilen. Det same gjeld om bilen blir registrert som vraka eller meldt stjålen.
Ved sal, ver merksam på at den som kjøper bilen, også må kjøpe ei eiga bilforsikring før de kan omregistrere bilen til ny eier. Dette er for å unngå dagsgebyret frå Trafikkforsikringsforeningen ved uforsikra registrert køyretøy.
Viss bilnøkkelen er stole eller du ikkje finn den (og ikkje har ein reserve-bilnøkkel) må du kontakte bilforhandlaren din og bestille ein ny bilnøkkel. Har du ein eldre bil utan avansert nøkkelteknologi, kan du òg kontakte låsesmed. Hugs å ha identifikasjon og eigarskapsbevis for bilen din tilgjengeleg.
Hva dekker nøkkelforsikringen i bilforsikringa mi? Vi dekker ny bilnøkkel, programmering og omkoding hos autorisert verkstad/låsesmed, for følgjande typar bilforsikring.
Har du fått glasskade eller steinsprut er det ingen eigenandel viss noverande glasrute kan reparerast. Viss glasruta må skiftast ut med ein heilt ny rute må du betale eigenandel.
Gjeld det glasskade i vindu eller dør på bygning, sjå hus- eller hytteforsikring.
Kva verkstad skal eg bruke? Finn næraste Hurtigruta Carglass glasverkstad og kontakt verkstaden direkte for bestilling av time. Du kan òg velje å reparere ruta på den verkstaden du sjølv ønsker. Verkstaden ordnar alt det praktiske (skademelding og eventuell eigenandel) med forsikring.»
Du kan også ringe oss på (+47 915) 02300 for bestilling av reparasjon. Du blir sett direkte over til samarbeidspartnararane våre frå telefonmenyen.
Steinsprutplaster Til neste gong, hugs steinsprutplaster dersom du ikkje alt brukar det.
Greitt å vite
I alle forsikringane våre som har kasko, del-/minikasko, inngår reparasjon av glasskade. Reparasjon eller skifte av rute går ikkje utover bonus du har opptent.
Har du fylt bensin på ein dieselbil, er du ikkje åleine. Det er mindre vanleg at diesel fyllast på ein bensinbil, då dieselpistolen vanlegvis ikkje passar inn i påfyllingsholet til ein bensinbil. Uansett, så hjelper vi deg.
Kva gjer eg no?
Det viktigaste er å ikkje starte bilen, så du unngår at drivstoffet som er fylt feil når fram til motoren. Ring oss på (+47 915 02300) så fort du har lese dette, så sender vi veghjelp. Bilbergaren kan vanlegvis både tømme og rense tanken din på staden, så lenge du ikkje har starta motoren.
Kva viss eg må flytte bilen? Er du nødt til å flytte bilen bort frå pumpene, vri kun om tenninga til første hakk, slik at du får løsna rattlåsen. Det er viktig at du ikkje startar motoren, for då vil drivstoffet gå inn i motoren. Har bilen nøkkelfri start, må du finne ut korleis du får frigjort rattlåsen utan å starte bilen. Vanlegvis kan du trykke på startknappen utan å halde inne bremsen, eller sjekke instruksjonsboka for å frigjere rattlåsen. Få hjelp til å dytte bilen til ein trygg stad.
Er eg dekka av forsikringa?
Delkasko: Dekkjer veghjelp, inkludert tømming og rens av tanken viss bilbergaren kan utføre dette på staden.
Kasko/toppkasko: Dekkjer i tillegg feilfylling dersom motoren har blitt starta, samt leiebil (dersom du har dette inkludert i forsikringsavtalen). Ved verkstadbesøk grunna feilfylling av drivstoff, må du betale eigenandel og du mistar bonus, men kun dersom du brukar forsikringen. Ofte er reparasjonskostnaden lågare enn eigenandelen..
Kontakt oss så hjelper vi deg med både veghjelp, verkstad og leiebil.
Når du bestiller veghjelp digitalt tar det som regel kortare tid å få hjelp, då du slepp å stå i ei eventuell telefonkø. I tillegg får vi lettare innhenta opplysningar om blant anna posisjonen til køyretøyet ditt.
3. Mens du ventar Etter du har bestilt veghjelp vil du motta ein SMS med bekrefting om at bilbergar er på veg, med informasjon om telefonnummeret til bilbergaren, forventa ankomsttid og moglegheit for å følge med på bergingsbilen undervegs.
Kjedelig å vente på veghjelp? Bruk tida på å sjekke om du er riktig forsikra. Vel di livsfase og sjå kva andre i same situasjon har valt.
4. Når veghjelpa kjem Bilbergingsselskapet vil forsøke å fikse bilen din på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til næraste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Må bilen på verkstad, må du melde skade på køyretøyet så raskt som mogleg. Viss du treng leigebil vil du òg få hjelp med dette.
5. Ta vare på kvitteringar Ta vare på kvitteringar og dokumentasjon for eventuelle ekstrautgifter du har hatt i samband med bilberginga. Du kan søke om refusjon av billigste transport heim. Dersom du har brukt ei anna veghjelpsteneste enn vår samarbeidspartner SOS veghjelp, må du legge ut for heile rekninga sjølv. Du får dette refundert minus eigenandel, når du melder sak hos Fremtind.
Kva kostar veghjelp og bilberging? Prisen på veghjelp er eigenandelen, som er 750 kroner, med mindre det står noko anna i forsikringsbeviset ditt. Eigenandel må betalast så lenge du har delkasko, kasko eller toppkasko, i heile Europa. Viss du kun har ansvarsforsikring på køyretøyet, må du betale full pris for veghjelp (med mindre du er dekt av medlemskap eller annan type forsikring).
Har du kasko (med leigebil som tilval) eller toppkasko får du også leigebil, viss du skulle trenge det i samanheng med veghjelpa og reparasjon.
Kva kan eg få hjelp med? Du får veghjelp ved små og store problem, enten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla – heile døgnet, heile året. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til nærmaste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Du får hjelp ved til dømes:
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester. Dei hjelper deg enten det gjeld bil, motorsykkel eller lastebil.
Kva anna er eg dekt for? Du kan òg vere dekt for meirutgifter som til dømes:
påfylling etter å ha køyrt tom for drivstoff
utgifter til heimreise, med rimelegaste kommunikasjonsmiddel
(eller utgifter til avgjerdsstad i staden for heimreise, så lenge det er rimelegare enn heimreise)
transport av tilhengar som er med på turen (er det berre hengaren som er skada vil berre den bli frakta til verkstaden, men då må hengaren ha eiga forsikring)
Veghjelpsbevis
Tidlegare trengde du eit veghjelpsbevis for å vise bilbergaren at veghjelpa var dekt av forsikringa. No skjer alt automatisk når du oppgir registreringsnummeret på køyretøyet til bilbergaren.
Skriv ned kva som har skjedd, kvar og når Ta gjerne bilete av skaden eller skadane.
Om du har skada eit køyretøy der eigaren ikkje er til stades – legg igjen kontaktinformasjonen din eller kontakt eigaren direkte ved å finne eigaren av køyretøyet.
Er det fleire involverte anbefaler vi dykk å fylle ut skademeldingsskjema saman, då det kan vere avgjerande for å avklare ansvaret.
Dersom motparten er skuld i skaden? Har du kasko/toppkasko, vil Fremtind handtere saka for deg og krevje refusjon frå motparten sitt forsikringsselskap. Har du ansvarsforsikring eller delkasko, vil motparten sitt forsikringsselskap handtere skaden. I nokre tilfelle må ansvaret avklarast først.
4. Kva skjer etterpå? Du kan følge status på skadesaka di ved å logge inn til «mine skadesaker». Der kan du også laste opp vedlegg, bilete og dokumentasjon, og dessutan kommunisere med saksbehandlar. Før skadane blir fiksa og du får bilen tilbake må:
bilen blir levert til verkstad (eventuell leigebil blir utlevert)
skadane blir takserte av ein verkstad
takstrapporten blir vurdert av saksbehandlar om dei er dekte
reparasjon blir sett i gang
bilen blir utlevert og du betaler eventuelt eigenandel (leigebil blir levert tilbake)
Veghjelp og leigebil
Har bilforsikringa di kasko i namnet, har du også veghjelp i Norge og resten av Europa. Har du kasko eller toppkasko kan leigebil også vere inkludert.
Bonus på bilforsikringa kan berre arvast eller delast mellom gifte, sambuarar og partnarar. Det vil sei at barn ikkje kan arve bonusen til sine foreldre. Hjå oss er startbonusen også den høgaste i marknaden - på 60 %. Les meir om reglane for bilforsikring og bonus.
Dersom du skulle vere uheldig å køyre på eit dyr, vil personskadar alltid bli dekka av bilforsikring. Har du fått skadar på eiga bil, må du ha minimum kasko eller toppkasko bilforsikring for å vere dekka for skadene etter viltpåkjørsel. Ansvarsforsikring eller delkasko vil ikkje dekke skadar på eiga bil. Dersom du har delkasko eller betre vil forsikring dekke veihjelp.
Har du køyrt på eit dyr?
Vær trygg Hvis du har køyrt på eit dyr, er det viktig å handle raskt og sikkert. Setje på varsellys, plassere bilen på ein måte som ikkje skaper farlege situasjonar i trafikken, og ta på deg ei refleksvest. Setje også ut ein varseltrekant. Kontakt nødhjelp fyrst, hvis det har skjedd ei alvorleg ulykke.
Varsle politiet og viltnemnda Meld frå til politiet på tlf 02800 hvis du har køyrt på og skada eit dyr. Politiet vil varsle viltnemnda, som er ansvarlege for å ta seg av skadde eller døde dyr. Husk også å merke kor du er og kor dyret forsvann, for eksempel ved å setje opp midlertidige merke eller ta bilete av området.
Ring oss og få veihjelp Hvis du har problem med bilen etter viltpåkjørselen, kan du ringe oss på tlf (+47 915) 02300 for veihjelp. Vi hjelper deg døgnet rundt!
Det er viktig å melde frå om viltpåkøyrsel fordi dyret kan vera skada eller må avlivast. Du vil ikkje få bonustap, viss viltpåkøyrselen vert meldt til politiet eller viltnemnda. Egenandelen vil òg bli redusert med opptil 2.000 kroner.
2: Kontakt oss Ta kontakt med oss før du reparerer eventuelle skader på bilen. Det er som hovudregel den som eig eller har kjøpt forsikringa som kan melde saka.
3: Kva skjer etterpå? Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du kontaktar oss, blir vi raskt einige ved første telefonsamtale.
Er skiltet ditt stjåle eller blitt borte/mista må du melde ifrå til politiet og Statens vegvesen, før du kan bestille nye skilt digitalt eller på ein trafikkstasjon. Nye skilt kostar ca 60 kroner per skilt.
Skadar på bilen dekkjast av bilforsikringen som utleigeselskapet har på bilen. Ved tjuveri eller skade på leigebilen, blir du som regel bedt om å betale ein eigenandel til leigebilselskapet. Denne eigenandelen dekkjer reiseforsikringa di. Det betalar sjølv ingen eigenandel ved bruk av heilårs reiseforsikringa.
Så viss du har vår reiseforsikring kan du alltid takke nei til eigenandelsforsikring hos bilutleigeselskapet når du leiger bil i utlandet. Eigenandelsforsikringen gjeld også her i Noreg, så lenge det ikkje gjeld:
Eigenandel ved skade på heilårsleigd bil, leasingbil eller bil via bilpool.
Leigebil leigd i samband med flytting eller heimkøyring av varer.
Leigebil du har som følgje av at eigen bil er på verkstad.
Eigen bil: Bilforsikringen vår gjeld også på reise i utlandet.
Leigebil: Her gjeld utleigeselskapet sin forsikring. Følg godt med når du inngår leigekontrakten. Har du reiseforsikring har du eigenandelsforsikring på leigebilen hvis det skulle skje noko.
Hva gjer eg ved tjuveri og innbrot i utlandet?
Anmeld tjuveri, innbrot og hærverk på ein politistasjon.
Noter ned namn og telefonnummer på eventuelle vitner.
Dokumenter det som har skjedd, kva som er stjålet og kor det skjedde.
Eigen bil: Innbrudd og tjuveri frå eigen bil meldast til oss. Kontakt oss gjerne for praktisk og umiddelbar hjelp, elles kan du vente til du kjem heim.
Leigebil: Ring nummeret som er oppgitt i leigekontrakten. For skade på leigebil gjeld forsikringen som følgjer bilen. Eigenandelen dekkjast gjennom reiseforsikringa. Private gjenstandar dekkjast også av reiseforsikringa.
Veghjelp i utlandet
Eigen bil: Vi hjelper deg med veihjelp uansett kvar du er i Europa.
Leigebil: Ring nummeret du har fått oppgitt i leigekontrakten.
Tips med bil i utlandet
Før du reiser, sjekk kva du treng av ID for å kjøre i landet og gjeldande trafikkreglar. De kan variere mykje frå reglane i Noreg. I einkelte land treng du Grønt kort.
Husk også fysisk førarkort – utleigeselskapa godtar ikkje digitalt førarkort.
Når bilen blir kondemnert/vraka og blir levert til ein godkjent biloppsamlingsplass, skjer det meste automatisk etter dette. Hugs å la skilta følge køyretøyet til vraking eller lever inn skilta på ein trafikkstasjon for makulering, så dei ikkje blir misbrukt.
Statens vegvesen får automatisk beskjed om at køyretøyet er vraka. Du treng derfor ikkje avregistrere køyretøyet sjølv.
Vi får automatisk beskjed om at bilen er kondemnert/vraka og avsluttar forsikringa. Du får melding om at forsikringa blir avslutta frå dagen bilen blei vraka/kondemnert
Skatteetaten utbetaler vrakpant ca 5 virkedager etter at køyretøyet blei vraka på biloppsamlingsplassen.
Billån med pant
Viss du har eit billån med pant i bilen (hefte) må du betale ned billånet før du kondemnerer bilen. Kontakt banken (eller panthavar) for å innfri restgjeld på bilen først.
Totalskada bil
Med toppkasko får du ny bil ved totalskade på bil som er inntil 3 år gammal, så lenge bilen ikkje er køyrd meir enn 100.000 km.
Med kasko får du ny bil ved totalskade på bil som er inntil 1 år gammal, så lenge bilen ikkje er køyrd meir enn 15.000 km.
Ved erstatning på totalskada bil som er eldre enn dette, får du som utgangspunkt marknadspris for bilen. Beløpet forsikringsselskapet utbetaler må brukast til å innfri billånet. Viss marknadsprisen er lågare enn billånet, eller du ikkje er dekt for skaden, må du innfri restgjelda. Sjå døme og les meir om totalskadegaranti.
Kva er grønt kort?
Dersom du skal ha med deg bilen til utlandet, anbefaler vi at du har med deg Grønt kort. Grønt kort er eit internasjonalt forsikringsbevis som viser at du har gyldig ansvarsforsikring på køyretøyet. Grønt kort må ikkje vere grønt, det kan no også skrivast ut på kvitt papir med svart skrift.
Frå 1. januar 2025 blei alle samarbeidsland einige om å godta elektronisk visning av grønt kort. Det betyr at du kan vise fram kortet på mobil eller nettbrett. Kortet er gyldig i 3 månader og kan bestillast for alle typar køyretøy med pålagd ansvarsforsikring.
Kva land krev grønt kort?
Du kan køyre i store delar av Europa utan Grønt kort, men vi anbefaler å ta med Grønt kort til alle land utanfor Norden. Dei fleste trafikksituasjonar i utlandet løyser seg lettare ved bruk av Grønt kort. Det er likevel ikkje alle land i lista over vi utferdar Grønt kort for, på grunn av for høg risiko. Andre land krev grenseforsikring eller har eigne reglar for campingvogn og tilhengar.
Spesielt for Russland og Belarus Vi utferdar ikkje lenger Grønt kort med dekning i Russland og Belarus.
Spesielt for Tyskland Tyskland krev Grønt kort for campingvogn og tilhengar. Årsaka til dette er at Tyskland har innført sjølvstendig ansvarforsikring for tilhengar og campingvogn.
Spesielt for Kosovo Dette landet er ikkje med i Grønt kort-samarbeidet og ved køyring inn over grensene, må grenseforsikring kjøpast.
Bestill grønt kort
Grønt kort kan du enten få tilsendt på e-post (blir lagd fram på mobil/nettbrett eller skrive ut sjølv) eller bestille fysisk per post (tek 1-2 virkedagar pluss postgang). Logg deg inn i «mine forsikringar», vel køyretøy og finn både informasjon og bestillingsskjema.
1: Tenk på sikkerheit først
Sett på varsellys. Ta på deg refleksvest. Sett ut varseltrekant.
Ved personskade: Ring ambulanse 113
2: Dokumenter hendinga
Om andre køyretøy er involvert i hendinga:
Noter namn og telefonnummer til eventuelle vitne.
Ta gjerne bilete av skaden og kollisjonsstaden.
Fyll ut skademeldingsskjema. Konsentrer dykk om kva som har skjedd, ikkje kven som har skuld. Om du ikkje har skadeskjemaet i bilen, beskriv og teikn så nøyaktig som mogleg kva som har skjedd og noter all kontaktinformasjon.
Ved konfliktar tilkall politiet på 02800.
Er du uenig i kva som kjem fram i skademeldinga, merk og beskriv dette i punkt 14.
3: Bestill veghjelp og meld skade
Ring oss og bestill veghjelp på 915 02300 eller bestill det digitalt. Du får tilbod om leigebil viss forsikringa di dekker det.
4: Kva skjer etterpå?
Du kan følge status på skadesaka di ved å logge inn til «Mine skadesaker». Der kan du også laste opp vedlegg, bilete og dokumentasjon, sende meldingar, samt finne namn og telefonnummeret til din skadebehandlar.
Veghjelp og leigebil
I våre forsikringar som har kasko i namnet, inngår veghjelp i Norge og i Europa. Med kasko og toppkasko kan leigebil også vere inkludert.
Det er påbode å ha refleksvest og varseltrekant i bilen. I tillegg er det lurt å ha skademeldingsskjema, lommelykt, penn og papir i bilen.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}