Gjeldsforsikring er det same som livsforsikring, som gir utbetaling til etterlatne ved død. Men det finst også forsikringar som sikrar deg ved arbeidsløyse, permisjon og sjukdom.
Gjeldsforsikring
Kva er gjeldsforsikring?
Gjeldsforsikring er eit anna namn på livsforsikring. Livsforsikring betalar ut eit eingongsbeløp til dei etterlatne, ved død. Du vel kor stor summen skal vere når du kjøper forsikringa.
Du bestemmer kven utbetalinan skal gå til, og dei som mottar utbetalinga bestemmer sjølv kva dei ønsker å bruke pengane på. Mange bruker pengane på å betale ned bustadlån, forbrukslån eller anna gjeld, slik at dei til dømes kan behalde hus, hytte og bil.
Kva kostar gjeldsforsikring?
Du kan sjekke pris på gjeldsforsikring med vår kalkulator. Då treng vi litt informasjon om deg og kva forsikringssum du ønsker (1.000.000 - 3.000.000 kr).
For å kjøpe gjeldsforsikring må du vere mellom 16 og 79 år, og fylle ut ei helseerklæring.
Arbeidsløyse eller sjukdom
Du kan også forsikre kredittkortgjeld, forbrukslån og lån på køyretøy viss du skulle bli arbeidsledig, permittert eller sjuk. Då betalar forsikringa ned på gjelda di i den tida du er sjuk eller arbeidsledig, innan ein gitt periode.
Betalingsforsikring kan du kjøpe samtidig som du søker om lån, eller du kan kjøpe det i tilknyting til eit lån du allereie har hos oss.
Kva lurer andre på?
Kor stor livsforsikringssum du bør ha, blir påverka blant anna av inntekta di og gjelda til den som blir sittande att etter dødsfallet ditt. Inntekta seier noko om kor mykje gjeld og utgifter den etterlatne klarer å betene.
I tillegg til inntekt og gjeld er det også viktig å tenke på kven som har rett på arv etter deg. Arvelova regulerer kven som arvar deg og korleis arven skal fordelast.
Har de barn saman vil dette påverke utgiftsnivået, og barna sin alder vil igjen påverke lengda på dette utgiftsnivået. For mange bør livsforsikringa vere stor nok til at heile gjelda vert sletta, for å kunne oppretthalde ein god økonomisk levestandard.
Når du skal velje kor stor livsforsikringssum du ønsker skal stå i forsikringsavtalen, bør du mellom anna tenke på:
- kor mykje de har i bustadlån, billån og andre lån.
- kven som har rett på arv etter deg. Er de sambuarar eller har de særkullsbarn, er dette spesielt viktig å ha eit forhold til.
- sambuar/ektefelle og barna sine moglegheiter utan inntekta di.
For at dei etterlatne skal sleppe ubehagelege overraskingar, skaff dykk ei oversikt. Livsforsikring saman med testament kan kome godt med for å handtere eit arveoppgjer.
Er du usikker, hjelper vi deg gjerne med å få oversikt og velje rett sum for deg og din partnar. Kontakt oss for ein prat.
Aldersgrensa på livsforsikringa er 80 år (din alder). Det betyr at livsforsikringsavtalen din går til du fyller 80 år, med mindre du seier den opp før dette. Når du fyller 80 år blir forsikringa avslutta automatisk.
Du kan kjøpe livsforsikring frå alder 16 år til 79 år.
Sjå også
Kven får utbetalinga?
Kva livsforsikringssum bør eg velje?
Kva kostar livsforsikring?
Er det skatt på utbetalinga?
Nei, utbetalinga av ei livsforsikring er skattefri. Det betyr at dine etterlatne får heile beløpet som er avtalt i livsforsikringa, utan at det blir trekt skatt. Livsforsikring er ei eingongsutbetaling som går direkte til dei som er oppførte som begunstiga i avtalen, og den blir ikkje rekna som skattepliktig inntekt for dei som får pengane.
Pengane kan brukast fritt, til dømes til å betale ned gjeld og sikre inntekt i ein overgangsperiode.
Har du derimot gruppelivsforsikring via jobben, er dette rekna som lønn/tilsettgode og er rapporteringspliktig. Då må du altså skatte av den prisen som blir betalt inn for deg, for forsikringa. Men utbetalinga av ei gruppelivsforsikring er også skattefri.
Sjå også:
Kva kostar livsforsikring?
Kor stor livsforsikringssum bør eg velje?
Kven får utbetalinga frå min livsforsikring?
Kor lenge varer livsforsikringa?
Er ein gift er det ektemaken som får utbetalinga. Dersom ikkje, utbetaler vi til arvingane dine, etter arvelova eller testamentet ditt.
Vil du at sambuaren din, barna eller andre skal få utbetalinga frå livsforsikringa di, må du gi oss spesielt beskjed om kven som skal få den.
Du kan dele beløpet på fleire ved å legge til fleire personar. Dette gjer du anten når du kjøper forsikring, eller du kan endre når du ønsker. Då vil dette stå i forsikringsavtalen under begunstigelse. Denne måten å fordele på er vanleg dersom ein har sambuar.
Livsforsikringa dekker dødsfall, uansett årsak.
Utbetalinga (forsikringssummen) er skattefri og blir utbetalt til dine næraste (begunstigede eller arverekkefølge). Storleiken på denne utbetalinga vel du sjølv når du kjøper forsikringa. Høgaste livsforsikringssum du kan velje er basert på inntekt og bustadgjeld.
Er de avhengig av to inntekter, bør de kryssforsikrast (livsforsikring på både deg og partnaren din).