Dei fleste forsikringar kan du avslutte sjølv i «mine forsikringar» (eller nettbank/mobilbank). Der vel du forsikringa du ønsker å seie opp, og under forsikringsdetaljar finn du "Avslutt forsikringa".
Korleis seier eg opp ei forsikring?
Skadeforsikringar
Viss du skal flytte skadeforsikringa til anna forsikringsselskap, får vi beskjed frå selskapet som overtar forsikringa, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag som forsikringa startar opp i nytt selskap. Det same gjeld viss du flyttar forsikringa til oss.
For nokre skadeforsikringar, er det eit par ting som kan vere kjekt å vite:
Køyretøy
For å seie opp ei køyretøyforsikring for eit registrert køyretøy, må du først avregistrere køyretøyet hos Statens vegvesen.
- Har du selt, vraka eller meldt kjøretøyet ditt stole, får vi beskjed frå Statens vegvesen, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag.
- Er det ein leasingbil må du kontakte oss for å avslutte forsikringa.
- Har du midlertidig avregistrert køyretøyet, går du automatisk over på ein lagringsforsikring. Viss du ikkje ønsker dette kan du logge inn og avslutte forsikringa.
Båt-, mc-, moped og snøscooterforsikring
Desse forsikringane har sesongvariert pris, som betyr at prisen avreknast når du avsluttar forsikringa. For mc-, moped- og snøscooterforsikring gjeld reglane over (for køyretøy) ved oppseiing. Båtforsikring er ikkje lovpålagt, og kan avsluttast sjølv når du ønsker.
Innbuforsikring
Innbuforsikringa kan du avslutte sjølv. Under forsikringsdetaljar finn du både «Avslutt forsikringa» og «Endre adresse». Dette gjeld ikkje viss du har LOfavør Innbuforsikring, som følger medlemskapet og folkeregistrert adresse.
Reiseforsikring
Reiseforsikringa kan du også avslutte sjølv. Men det er greitt å vite at denne forsikringa er inngått som ein årsavtale, som fornyast automatisk ved hovedforfall. Når du seier opp reiseforsikringa, så vil den avsluttast ved hovudforfall.
Personforsikringar
Viss du seier opp ei personforsikring fordi du skal flytte den til eit anna forsikringsselskap, bør du lese reglar for flytting av personforsikring, før du avsluttar forsikringa.
Alle våre personforsikringar kan avsluttast sjølv ved å logge inn til «mine forsikringar» og velje forsikring du ønskjer å seie opp. Hugs at du kan få utbetaling frå fleire av same personforsikring, så når du kjøper hos eit forsikringsselskap vil den ikkje automatisk avsluttast hos eit anna.
Ønsker du hjelp?