Krigen i Ukraina – slik blir du påverka som kunde

Vi i SpareBank 1 har den djupaste medkjensla for alle som er berørt av krigen i Ukraina.

Som samfunnsaktør er tankane våre med alle som er påverka av krigen – og som finansaktør har vi eit særleg ansvar for følge opp dei internasjonale forpliktingane som Norge har tatt på seg i samband med sanksjonane mot Russland.

Kva dette betyr for deg som kunde, har vi samla på denne sida. Finn du ikkje svar på det du lurer på? Ta gjerne kontakt med oss. 

Ukrainas flagg i gult og blått.

Betalingar til Russland og Belarus

SpareBank 1 og andre norske bankar kan ikkje gjennomføre transaksjonar som er underlagt internasjonale sanksjonar. Det betyr at  banken ikkje gjennomfører transaksjonar til/frå Russland og Belarus, uavhenging om bank/person/føretak i Russland/ Belarus er sanksjonert eller ikkje. 



Betalingar til Ukraina

Sikkerheitssituasjonen i Ukraina og pågåande cyberangrep mot ukrainske bankar gjer det også usikkert om betalingar til Ukraina vil komme fram. Pengane kan komme i retur, bli låst eller forsvinne.

Transaksjonar til og frå områda Krim, Sevastopol, Donetsk og Luhansk kan bli spesielt vanskeleg å gjennomførw.



Spørsmål og svar

  • Visa-korta våre vil ikkje fungere på brukarstadar (inkludert netthandel) i Russland. Dette fordi desse brukarstadane gjerne har innløysar-avtalar med russiske bankar, og desse innløysarane er suspenderte av Visa. Sjå nyheitssenteret til Visa.
  • Det same gjeld for kredittkorta våre (Mastercard).

Som følge av krigen i Ukraina har Norge og ei rekke andre land innført strenge sanksjonar mot Russland. Fleire av desse sanksjonane treffer det russiske bankvesenet, og påverkar evna vår til å samarbeide med dei.

Transaksjonar til eller frå mottakarar i Russland og Belarus vil ikkje vere mogleg å gjennomføre. 

Det vil ikkje vere mogleg å gjennomføre betalingar frå Russland og Belarus. 

På grunn av den svært usikre situasjonen i Ukraina, innføring av sanksjonar og pågåande cyberangrep mot ukrainske bankar, er det usikkert om betalingar til mottakarar i Ukraina vil komme fram. Til og frå følgjande område kan det bli spesielt vanskeleg å overføre pengar: Krim, Sevastopol, Donetsk og Luhansk.

Korrespondentbankane våre, som er involverte i å gjennomføre internasjonale betalingar, gjer sine eigne risikovurderingar. SpareBank 1 kan derfor ikkje garantere at betalingar du initierer i nettbanken faktisk vil komme fram. Pengane kan bli frose eller i verste fall gå tapt.

Vi ønsker ikkje å gi deg råd og tips om korleis du kan omgå sanksjonane ved hjelp av eventuelle alternative måtar å overføre pengar på. Vi vil heller fråråde deg dette. Først og fremst er det viktig å rette seg etter sanksjonane som styresmaktene har innført.

Det er òg viktig å vere klar over at det er stor risiko for at pengar overført gjennom alternative løysingar ikkje kjem fram. Det er også fare for å bli utsett for svindel dersom ein nyttar ukjente betalingsløysingar. 

Vi veit at svindlarar utnyttar situasjonar som skaper kaos. Ver ekstra oppmerksam på e-post, SMS og liknande som kjem i desse dagane.

Ein viktig hugseregel er STOPP – TENK – SJEKK:

  • Spelar dei på hastverk? Lokkar dei eller truar? Spør dei etter personleg informasjon? – STOPP
  • Forventar eg å få dette? Kva er det avsendaren eigentleg vil at eg skal gjere? – TENK
  • Er det lenker til ukjente nettstader? Hald musepeikaren over lenka (utan å klikke) for å sjekke om teksten i lenka stemmer overeins med domenet den fører til. – SJEKK

Dette dekker reiseforsikringa

UD har komme med nye reiseråd til Ukraina, Russland og Belarus. Reiseforsikringa dekker avbestilling av reiser hit, og evakuering for reisande som er i dei berørte landa. Har du fleire spørsmål om reiseforsikringa di? 

Spørsmål og svar om reiseforsikring


Støtt Ukraina

Spleis har gjort det enkelt å støtte hjelpeorganisasjonar som bidreg med hjelp til Ukraina. Du kan òg starte di eiga innsamling til offera for krigen. Spleis tar ingen gebyr for innsamlingar til offera i Ukraina.


Auka fare for svindel

Erfaringsmessig aukar aktiviteten til svindlarar under kriser, du bør derfor vere ekstra oppmerksam på dette i tida framover.

Svindelmetodar du bør vere klar over

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }