Hendingar som kan påverke reisa
Spørsmål og svar om kva reiseforsikring dekker og ikkje dekker når det skjer ekstraordinære hendingar.
Spørsmål og svar om kva reiseforsikring dekker og ikkje dekker når det skjer ekstraordinære hendingar.
Viss du er råka av jordskjelv på reisa, oppmodar vi deg til å følge med på informasjonen frå lokale styresmakter og frå reisearrangøren din. Sjå UD sin reiseinformasjon for landet du er i eller skal til.
Er du i Sør-Asia no, eller skal du dit snart?
Les meir på fremtind.no/jordskjelv
Ved streik på flyplassen og i flyselskapa går det dessverre også ut over dei reiselystne. Enten streiken fører til lengre køer gjennom pass-/sikkerheitskontrollen, kansellerte eller forsinka avgangar eller problem med bagasjehandsaminga – dekker ikkje reiseforsikring flybillettar eller utgifter knytt til streik.
Er du i eit område med skogbrann no, eller har du bestilt reise til eit område som er berørt av skogbrann? Sjå reiseinformasjon frå UD for landet du er i eller skal til.
Vi oppfordrar deg til å følge med på informasjonen frå lokale myndigheiter og frå reisearrangøren din ved skogbrann.
Kva kan eg få hjelp med?
Skal du til eit område med skogbrann?
Om du ønsker å avbestille reisa di, ta alltid direkte kontakt med reiseselskapet/flyselskapet. Viss dei ikkje kan hjelpe deg, og du har bestilt fly og hotell separat, vil forsikringa kunne dekke avbestilling av reisa di. Dette gjeld kun til område lokale myndigheiter har evakuert.
Island har fleire aktive vulkanar med utbrot og jordskjelv som finst. Det siste utbrotet skjedde på Reykjanes i november 2024. Følg med på UD sine reiseråd for Island viss du planlegg tur.
Kva kan eg få hjelp til?
Israel og Palestina
Utenriksdepartementet (UD) gav reiseråd for Israel og Palestina i 2023, der dei frårådar reiser til desse landa.
Ukraina, Russland, Belarus og Moldova
Utenriksdepartementet (UD) gav reiseråd for Ukraina, Russland, Belarus og Moldova i 2022, der dei frårådar reise til desse landa.
Reiseråda gjeld framleis, som betyr at reiseforsikringa di ikkje gjeld om du likevel reiser.
For å kunne reise med pass eller ID-kort, må dette dokumentet vere gyldig. Ver merksam på at nokre land har krav om at passet eller ID-kortet er gyldig i ein viss periode etter at du forlet landet du besøker. Vanlegvis krev dei fleste land at dokumentet er gyldig i minst tre månader etter planlagt heimreisedato.
Enkelte land kan imidlertid krevje ein gyldighet på seks månader eller meir, så det er viktig å sjekke krava som gjeld i landet du reiser til, før du reiser.
Reiseforsikringa dekker ikkje avbestilling/innhenting ved ugyldig pass/ID-kort.
UD utferdar som hovudregel reiseråd til land der det er katastrofar eller urolegheiter. Reiseforsikringa gjeld som normalt til alle destinasjonar som ikkje er omfatta av reiseråd frå Utenriksdepartementet.
Hugs å sjekke med UD om det er utstedt reiseråd til landet du besøker.
Reiseforsikringa dekker berre avbestilling dersom reiserådet kom etter bestillinga av reisa.
Får du ikkje reist?
Blir du sjuk eller skada på ferie i utlandet, er det viktig at du tar kontakt med vår alarmsentral SOS International eller ringer deira døgnopne telefon:
Dei vil hjelpe deg med å finne nærmaste godkjendte sjukehus eller legekontor og sørge for at du får riktig og nødvendig behandling. Dei hjelper deg med alt frå sjuke barn og matforgifting til brote bein. I tillegg vil dei ta seg av alt det praktiske.
På sukehuset/legekontoret
Dersom du blir bedt om å vise fram reiseforsikringsbeviset/reisekortet ditt, finn du dette i mine forsikringar, mobilbanken/nettbanken eller LOfavør-appen, under reiseforsikring. Har du reiseforsikringa som er inkludert i kredittkortet finn du dette i mobilbanken/nettbanken under kredittkort > fordelar > reisefordelar.
Hugs å ta vare på kvitteringane dersom du betaler for lege, medisin eller transport. Du vil trenge dette når du skal bruke forsikringa.
Dersom du blir lagt inn på sjukehus dekker vi også feriedagane du eventuelt mister. Dette gjeld også dersom ein lege ber deg halde senga på hotellet i minst tre dagar. Hugs då å få ei stadfesting frå legen som behandla deg om kor lenge du er bedt om å vere sengeliggande. Legeerklæringa får du enten frå lege på staden eller via ein videokonsultasjon. Hugs at du må kontakte legen når det skjer, og ikkje i etterkant av sjukdom eller skade.
Vore sjuk på reise?
Dersom du blei sjuk eller skada på ei reise du alt har starta på eller gjennomført, får du rettleiing i skjema for sjukdom eller skade på reise. Har du allereie vore i kontakt med SOS International? Då har vi allereie oppretta ei sak for deg. Då kan du sjekke status på di skadesak hos Fremtind.
Det er viktig at du kontaktar lege på staden og får ei legeerklæring for å få dekt:
Utgifter som medisin, legehonorar, transportutgifter og liknande kan du vente med å melde inn til du er heime igjen. Hugs å ta vare på kvitteringar.
Sjuk før reise?
Dersom det gjeld ei reise du har bestilt og ikkje kan gjennomføre likevel, får du rettleiing i skjemaet for avbestilling.
Skal du ut å reise, og har ein kronisk liding eller ein eksisterande sjukdom eller skade og lurer på om reiseforsikringa dekker kostnadane? – få gratis medisinsk rådgjeving hos SOS International før du reiser.
Både reiseforsikringsbeviset og reisekortet ditt finn du ved å logge inn i «mine forsikringar», mobilbanken eller i nettbanken.
Logg inn så kan du laste ned, skrive ut, få det tilsendt på epost eller få tilsendt i posten. Etter du er logga inn finn du reisekortet og informasjon under:
Forsikringsoversikt > Mine forsikringar > Reiseforsikring > Til reisekortet.
Har du enkeltreiseforsikring via Mastercardet ditt finn du reiseforsikringsbeviset under:
Mastercard > Fordelar > Reisefordelar
Sjå også
Kva er europeisk helsetrygdkort, og kor bestiller eg det?
Gjeld forsikringa viss det er reiseråd for landet eg skal til?
Dekker reiseforsikring forsinka fly?
Kva er SmartDelay+?
Kva er Reise SMS?
Ja, med reiseforsikringa vår har du ubegrensa samla forsikringssum (erstatning) for bagasjen. Erstatninga er avgrensa til 40.000 kroner per enkeltgjenstand*. For kontantar, pass og reisedokument er maks erstatning 10.000 kroner per person. Du er dekka av reiseforsikringa viss årsaka er:
*Følgande eigedelar vert erstatta samla som ein enkeltgjenstand:
(døme: tar du med deg 5 dyre smykker på reise, er makserstatninga på 40.000 kroner til saman for alle smykkene).
Vi anbefaler deg å kjøpe verdisakforsikring på ekstra dyre verdisaker. Då er du dekka for heile verdien, i heile verda og for nesten alle typar skadar og hendingar.
Skadar på bilen dekkjast av bilforsikringen som utleigeselskapet har på bilen. Ved tjuveri eller skade på leigebilen, blir du som regel bedt om å betale ein eigenandel til leigebilselskapet. Denne eigenandelen dekkjer reiseforsikringa di. Det betalar sjølv ingen eigenandel ved bruk av heilårs reiseforsikringa.
Så viss du har vår reiseforsikring kan du alltid takke nei til eigenandelsforsikring hos bilutleigeselskapet når du leiger bil i utlandet. Eigenandelsforsikringen gjeld også her i Noreg, så lenge det ikkje gjeld:
Les meir om forsikring og leigebil.
Hva gjer eg ved uhell med bilen i utlandet?
Kva forsikring gjeld i utlandet?
Hva gjer eg ved tjuveri og innbrot i utlandet?
Veghjelp i utlandet
1: Meld frå
2: Finn fram dokumentasjon
For å hjelpe deg er dette relevant for oss:
Når du kjem heim, lag ei liste på stjålne gjenstandar og finn kvitteringar.
3: Kontakt oss
Ring oss på (+47 915) 02300 viss du trengjer praktisk og umiddelbar hjelp.
Ellers kan du vente med å kontakte oss til du kjem heim.
4: Hva skjer etterpå?
Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du kontaktar oss, blir vi som oftast einige i første telefonsamtale. Vi fortel deg kva du eventuelt trengjer å sende av dokumentasjon.
Når avgangen er forseinka
Når eg kjem for seint til transporten
Viss forseinkinga medfører ei ekstra overnatting eller ekstra reiseutgifter – kan du få dette dekka av forsikringsselskapet.
Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du meldar sak til forsikringsselskapet, vil dei ofte avklare saken direkte.
Sjå også
Ja, heilårs reiseforsikringa dekker øydelagt mobil eller knust mobilskjerm på grunn av uhell, utanfor heimen. Viss du ønsker å forsikre deg mot uhell må du ha innbuforsikring topp eller ei eiga mobilforsikring.
Sjå full oversikt over kva for forsikringar som dekker mobilen.
Sjå også:
Dekker reiseforsikringa fråstolen jakke?
Dekker forsikringa brillene mine viss eg mistar dei?
Kva er reisegods?