Mine forsikringar

Takk for at du har forsikringar hos oss!

Logg inn til «mi side» for å få oversikt og kontaktinfo, sjå fakturaer og dokument, sjekke prisar, kjøpe og gjere endringar på forsikringane dine.

Bedrift eller landbruk? Sjå «mine bedriftsforsikringar»

ungdomar med forsikring samla ved ein badeplass

Lett å sjå kva du har forsikra, aktive tilbod og kva du betaler.

Du kan gjere endringar, melde skade og kjøpe forsikringar.

Alle forsikringar samla, også dine kollektive forsikringar.

Mine kundefordelar

Når du har forsikringane dine hos oss blir du belønna for å ta trygge val og førebygge skader. På toppen av attraktive rabattar og kundefordelar, er vi stolte av å vere blant Norges beste på både skadeoppgjer og kundeservice.

Informasjon om..

Takk for at du har valt vår bilforsikring!
Vi har laga ei praktisk oversikt over bilforsikringa di, informasjon om vedlikehald og bilhald og endringar du kan gjere på avtalen sjølv. Her finn du også vanlege spørsmål og svar mange andre lurer på, saman med kundefordelane dine.

Takk for at du har valt vår livsforsikring!
Her finn du ein del informasjon om livsforsikringa di, med fokus på kryssforsikring, utbetalingsmottakarar, reglar ved særkullsbarn og rett forsikringssum. Vi har også inkludert vanlege spørsmål og svar, saman med kundefordelar for deg og dine næraste.

Takk for at du har valt vår uføreforsikring!
Vi har samla viktig informasjon om uføreforsikring di, inkludert nyaste versjon av uførepensjon, og ei oversikt over kva NAV vil gi i uføretrygd. I tillegg finn du informasjon om moglegheita for at du har fleire uføreforsikringar, og tips til korleis du kan handtere ein ny livssituasjon som ufør.

Her kan du òg sjå vanlege spørsmål og svar om forsikring og utforske kundefordelane dine.

Takk for at du har valt vår husforsikring!
Vi har samla viktig informasjon om di husforsikring, med tema som vedlikehald, vanlege skadar på bygningen, og forsikring av garasje og uthus. Du finn òg spørsmål og svar som kan hjelpe deg å sikre bustaden din og få oversikt over dekningane dine, samt kundefordelar som følger forsikringa.

Takk for at du har valt vår innbuforsikring!
Her finn du informasjon om kva og kven som er dekt av di innbuforsikring, samt kva som ikkje vert dekt, og kva som gjeld viss du flyttar. Du finn også spørsmål og svar som kan gi ei betre forståing av dekningane, saman med kundefordelane dine.

Takk for at du har valt vår reiseforsikring!
Vi har samla informasjon om reiseforsikringa di, kva som vert dekt på reisa di, og kundefordelane dine. Sjå også spørsmål og svar som vi håpar vil gje deg ein ekstra tryggleik før, under og etter reisa.

Full oversikt over forsikringane dine

Logg inn og få full oversikt og moglegheit til å endre forsikringane dine. Har du bankkonto hos oss kan du også gjere dette i mobil-/nettbanken.

Mine skadesaker

Logg inn for å sjå detaljar, informasjon og status på skadesakene dine, fullføre kladd (skjema) du har starta på, sende meldingar og sjå kontaktinfo til skadebehandlaren din.

Kor mykje samlerabatt får eg?

Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Viss du både har bil-, bustad- og personforsikring hos oss, får du inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine. 

  • Bilforsikring gir 5 % rabatt
  • Bustadforsikringar gir 5 % rabatt
  • Personforsikringar gir 5 % rabatt

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }