Sikkerheitsforskriftene for moped/scooter er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av mopedforsikringa. Sikkerhetsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skadar. Om du ikkje overheld, eller passar på at dei blir overhalde, kan du få avkorting på forsikringane dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskriftene vil du også finne i forsikringsavtalen din.
Tjuverisikring
- Når du går i frå mopeden skal den vere låst.
- Delar av mopeden som midlertidig er avmontert skal vere innelåst.
- Ekstra dekk og felgar skal vere innelåst. I fellesgarasje skal ekstra dekk og felgar vere fastlåst til bygning.
- Fastmontert utstyr skal vere montert slik at det ikkje kan fjernast utan bruk av verktøy eller nøkkel.
- Køyreutstyr skal vere nedlåst i fastlåste/bolta vesker/rom eller fastlåst til mopeden.
- Når mopeden er på tilhengar skal tilhengaren vere fastlåst til trekkvogna eller til eit anna fast punkt eller vere sikra med kulelås.
Nøklar
- Når mopeden forlatast skal nøklar oppbevarast adskilt frå denne og på ein slik måte at dei ikkje kan bli nytta av uvedkommande.
- Eigar/rettmessig brukar skal ha tilsyn med nøklar som ikkje er i bruk eller sørgje for at desse er innelåst i bygning.
- Moped med elektronisk startsperre skal utan unødig opphald få denne omprogrammert dersom nøklar er komne på avvegar.
Sikring av førar og passasjer
- Førar og passasjer skal bruke hjelm og anna påboden sikring.
Førarkort/førerett
- Føraren av moped skal ha gyldig førarkort/førerett for moped.
- Elev og ledsager skal oppfylle gjeldande bestemmelsar om øvelseskøyring.
Utrustning, overbelastning, vedlikehald og reparasjonar
- Mopeden skal vere utrusta slik at det er i trafikksikker stand og skal ikkje overbelastast.
- Mopeden skal vedlikehaldast etter fabrikanten/leverandøren sine anbefalingar og etter gjeldande bestemmelsar i lov/forskrift*.
- Fabrikanten sine serviceintervall skal overhaldast.
- Mopeden sitt kjølesystem skal vere påfylt tilstrekkeleg frostvæske/kjølevæske.
- Reparasjonar skal utførast av godkjent verkstad.
Bruk
- Last skal sikrast forsvarleg slik at den ikkje kan forskyve seg, falle av eller rase ut.
Utgifter til rettsbehandling
Sikra skal ved eventuell dekning av utgifter til sakkyndige som ikkje er oppnemnt av retten innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
Saksomkostningar ved forlik
Sikra skal ved eventuell inngåing av avtale om saksomkostningar ved forlik innhente førehandsgodkjenning av forsikringsselskapet.
*Lov og forskrift som det visast til i sikkerheitsforskriftene, kan du få ved å kontakte oss.
Last ned som PDF: