Tips og råd
Mopedforsikring
Har du moped, mopedbil eller scooter? Då bør du ha ei god forsikring så du får erstatning viss noko skulle skje.
Har du moped, mopedbil eller scooter? Då bør du ha ei god forsikring så du får erstatning viss noko skulle skje.
Er køyretøyet eldre enn 20 år, må du kontakte oss for å få pris og kunne kjøpe.
Med LOfavør Mopedforsikring betaler du 1.000 kroner mindre i eigenandel ved skade.
Ansvarsforsikring er minstekravet. I tillegg kan du utvide forsikringa ut ifrå kva stand mopeden din er i og korleis du brukar den. Kasko er den aller beste forsikringa.
Oversikta er rettleiande. For detaljar, sjå vilkår .
| Om forsikringa | ||
|---|---|---|
| Kor gjeld forsikringa? | Dekkes av Kasko | |
| Kven gjeld forsikringa for? | Dekkes av Kasko | |
| Trafikkforsikringsavgift | Dekkes av Kasko | |
| Sal av mopeden | Dekkes av Kasko | |
| Avregistrering av mopeden | Dekkes av Kasko | |
| Kva dekker forsikringa? | ||
| Ansvar | Dekkes av Kasko | |
| Rettshjelp | Dekkes av Kasko | |
| Førar- og passasjerulykke | Dekkes av Kasko | |
| Brann, tjuveri og hærverk | Dekkes av Kasko | |
| Veghjelp | Dekkes av Kasko | |
| Tilleggsutstyr | Dekkes av Kasko | |
| Ting i mopedbil | Dekkes av Kasko | |
| Fylt feil drivstoff | Dekkes av Kasko | |
| Skade på eigen moped | Dekkes av Kasko | |
| Eigenandelar | ||
| Vel eigenandel sjølv | Dekkes av Kasko | |
| Rabattar | ||
| Samlerabatt | ||
Mopedforsikringa gjeld for både moped, mopedbil, el-moped, scooter eller el-scooter med skilt.
Viss køyretøyet ikkje er registrert med skilt får du ikkje kjøpt mopedforsikring. Viss du har eit lite elektrisk køyretøy utan skilt, kan du forsikre det med el-sparkesykkelforsikring.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Har du mopedforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Då er det eit par ting som det kan vere greit å ha med seg på vegen.
Hugs at alle registrerte køyretøy må minimum ha ansvarsforsikring. No får bileigarar gebyr frå Trafikkforsikringsforeningen for kvar dag bilen er uforsikra, så det er lurt å hugse på forsikringa.
I 2018 blei årsavgifta døypt om til Trafikkforsikringsavgift (TFA) til staten. Det er forsikringsselskapa som krev inn avgifta på vegne av staten, saman med betalinga for forsikringa.
Mopedforsikringa til seljar vert avslutta automatisk den dagen Statens vegvesen registrerer salsmeldinga. For deg som kjøper moped eller scooter betyr det at du er nøydd til å kjøpe forsikring før du får betalt omregistreringsavgifta.
Har du hatt uhell eller skade?
Skademeldingsskjemaet for bil/motorvogn kan du raskast få tak i hos dei fleste bilforhandlarar og bensinstasjonar. Du kan også laste det ned eller bestille gratis skademeldingsskjema.
Har du hatt uhell eller skade?
Forsikring er beskyttelse mot økonomisk tap, som i bunn og grunn betyr at du kjøper deg fri frå risiko.
Forsikring er ein avtale mellom ein forsikringstakar (personen eller bedrifta som kjøper forsikringa) og eit forsikringsselskap. Når du kjøper ein forsikring (forsikringsavtale) betalar du ein avtalt forsikringspris (premie) til eit forsikringsselskap. I byte overtar forsikringsselskapet ein del av risikoen din, og du får utbetalt erstatning viss du blir utsett for tilfeldige og uforutsette hendingar som står beskrive i forsikringsavtala di. Det kan for eksempel vere tjuveri, brann, uhell, bilulukke, forlis, naturskade, dødsfall, sjukdom og skade du eller dine eigedelar blir påført.
Dei fleste forsikringar har ein eigenandel, og som regel kan du velje blant fleire eigenandelar når du kjøper forsikringane. Jo høgare eigenandel du vel, jo lågare pris betalar du for forsikringane.
Det finst fleire typar kategoriar av forsikringar, men dei vanlegaste for privatpersonar som deg og meg, er skadeforsikringar og personforsikringar.
Når du som forsikringstakar opplever ei hending som er dekka av forsikringane, kan du sende inn ei skademelding til forsikringsselskapet. Basert på vilkåra i forsikringsavtalen din, vil forsikringsselskapet vurdere hendinga og betale ut erstatning i samsvar med avtalen. Forsikring er eit system som baserer seg på tillit.
Som hovudregel treng du ikkje å forsikre deg mot tap som du lett kan erstatte sjølv.
Nei, du treng ikkje seie opp bilforsikring, verken om du sel bilen eller vrake den. Når du sel bilen vil bilforsikring bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salgsmsg) på bilen. Det same gjeld om bilen blir registrert som vraka eller meldt stjålen.
Ved sal, ver merksam på at den som kjøper bilen, også må kjøpe ei eiga bilforsikring før de kan omregistrere bilen til ny eier. Dette er for å unngå dagsgebyret frå Trafikkforsikringsforeningen ved uforsikra registrert køyretøy.
Hvis du midlertidig avregistrere kjøretøyet ditt vil du automatisk gå over på ein lagringsforsikring.
Ifølge forsikringsavtalelova må du melde eit krav om erstatning til forsikringsselskapet innan eitt år etter at du fekk vite om dei tinga som er årsaka til kravet. Viss du ikkje sender inn kravet innan fristen, mistar du vanlegvis retten til å få erstatning.
Ved bruk av bustadseljarforsikringa er klagefristen både kortare og lengre. Du skal klage innan 2-3 månader etter du oppdaga feilen/mangelen, men du kan klage i inntil 5 år etter du overtok bustaden. Les meir om fristane ved klage på bustadkjøp.
Sjå også:
Kven skal melde skade?
Kor melder eg skade?
Kor får eg skademeldingsskjema for bil?
Ja, viss du har delkasko eller betre er du dekt for hærverk. Det gjeld òg viss du har motorsykkel, campingvogn eller andre køyretøyforsikringar.
Viss ein annan bil har skada bilen din og stukke av er du dekt av kasko og toppkasko. Det er ikkje bonustap ved skadar på parkert bil viss du har toppkasko, men du må betale eigenandel.
Er skaden liten kan det vere greit å sjekke om det løner seg å reparere skaden sjølv. Som kunde får du 15 % rabatt på reparasjon av småskadar hos MPS Bilskade.
Har du hatt hærverk på bilen?
Viss du meiner at skaden skuldast hærverk, melder du frå til politiet. Det kan du gjere på politiet.no eller ved å ringe 02800. Deretter kan du melde saka til forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
For at vi skal gi deg eit tilbod og ein pris på lett mc forsikring, treng vi litt informasjon om lettmotorsykkelen din. Prisen på ei lett mc forsikring avheng mellom anna av:
Er det første gong du forsikrar ein lett mc, er startbonusen vår 60 %.
Sjølv om du kan køyre lett motorsykkel frå du er 16 år, må du vere 18 år for å kjøpe forsikringar. Derfor er det foreldra eller føresette som må sørge for at køyretøyet er forsikra fram til du fyller 18.
Vel type lett mc og sjekk pris
El-sparkesyklar og små elektriske køyretøy blei frå 1. januar 2023 klassifisert som motorvogn, og blei med det omfatta av bilansvarslova. Dette betyr at du som eigar denne type køyretøy må forsikre desse med ein eigen lovpålagt ansvarsforsikring for småelektriske køyretøy.
Forsikringa gjeld for meir enn berre el-sparkesyklar. Den nye lova gjeld for alle små elektriske køyretøy som kan køyre over 10 km/t. Det gjeld for eksempel: større tohjulingar (som Segway), mindre enhjulingar (som Airwheel) og ståbrett (som Hoverboard).
Hva skjer dersom eg ikkje er forsikra?
Blir du stoppa med eit slikt køyretøy utan forsikring vil du bli bøtelagd med 5.000 kroner. Men enda verre er det om det skulle skje ei skade/ulukke, då vil du også stå med ansvaret sjølv og må dekke kostnader knytt til det.
Du treng ikkje ansvarsforsikring på:
Verdt å vite:
Køyretøya har ikkje registreringsplikt og det er ikkje krav til førarkort. Forsikringa kan kjøpast åleine, utan at vi krev at du har andre forsikringar hos oss.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.