Sikkerheitsforskriftene for reise er eit sett reglar du må overhalde for å ha krav på full erstatning ved bruk av reiseforsikringa. Sikkerhetsforskriftene skal førebygge faren for eller avgrense omfanget av skader. Om du ikkje overheld, eller påser at dei blir overhaldt, kan du få avkorting på forsikringane dersom det skulle skje noko. Sikkerheitsforskrifta vil du også finne i forsikringsavtalen din.
Tilsyn
- Gjenstandar må haldast auge med og ikkje gløymast.
Innhenting av fastsett reiserute
- Det må bereknast minst 2 timar til neste transportetappe for å unngå å kome for seint.
- Ved kjøp av billettar ved innhenting og forseinking må du først ta kontakt med forsikringsselskapet for godkjenning.
Innsjekka bagasje
Følgande skal ikkje sendast i innsjekka bagasje:
- Verdigjenstandar som for eksempel pengar, smykke, klokker, elektronisk utstyr med tilbehør som datamaskin, mobiltelefon og kamera.
- Flasker, skjøre gjenstandar eller andre varer som lett kan øydeleggast.
- Reseptbelagte medisinar.
- Musikkinstrument.
Tjuverisikring
- Gjenstandar må vere forsvarleg sikra mot tjuveri. Dører, vindauge og andre opningar skal vere lukka og låst. Nøklar skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande.
- Verdigjenstandar som ikkje er i bruk, skal oppbevarast under lås. I køyretøy/campingvogn skal dei oppbevarast i lukka hanskerom, i separat, låst bagasjerom eller tilsvarande låst rom utan innsynsmoglegheit. Døme på verdigjenstandar er pengar, smykke, klokker, elektronisk utstyr med tilbehør som datamaskin, mobiltelefon og kamera.
- Pengar, smykke og klokke må du ha på deg eller låse inn i ein fastmontert safe eller oppbevaringsboks i bygning. Nøkkel/kode til safe skal oppbevarast forsvarleg.
- Syklar og sykkeltilhengarar skal vere låst når dei ikkje er i bruk.
Mobiltelefon og nettbrett
- Mobiltelefon og nettbrett må ha påmontert skjermbeskyttar for å redusere skader for knust/øydelagd skjerm.
Oppbevaring om natta
- Gjenstandar skal ikkje forlatast i køyretøy, campingvogn, båt eller telt om natta, det vil seie frå kl 00:00 til 06:00.
Emballering/pakking
- Gjenstandar må vere tilstrekkeleg pakka inn så dei toler transport.
- Elektronisk utstyr som medbringast i båt, kano og kajakk skal pakkast i vanntett emballasje.
- Transportøren sine føresegner må førast når reisegods sendast.
Reisesjuke/heimtransport/ulykke
- Ved sjukdom eller skade må forsikringsselskapet eller SOS International AS kontaktast så raskt som mogleg.
- Så raskt som mogleg søke lege og følge instruksen til legen om behandling.
- Sjukehusopphald, sjukdomsopphald som følge av sengeleie etter legen sin instruks, heimtransport, ledsaging og tilkalling av familie skal godkjennast av forsikringsselskapet på førehand.
- Sørge for skriftleg stadfesting frå behandlande lege på staden ved eventuell avbroten reise, heimtransport eller behov for følge.
Sjukdom med behandlingsbehov
Du må ikkje reise når det før avreise ligg føre sjukdom med eit behandlingsbehov og dette er kjent for deg. Det same gjeld dersom det ligg føre sjukdom og komplikasjonar/forverring vil kunne oppstå.
Avbestilling
Du må avbestille reise og opphald så snart du veit at reisa ikkje kan gjennomførast. Du må framlegge legeattest som bekrefter at lege fysisk er oppsøkt før reisa, og der lege bekreftar at avbestillinga skuldast uventa akutt og behandlingskrevande sjukdom/ulukkestilfelle.
Medisinsk førehandsgodkjenning
Er du under behandling for sjukdom/liding må du før avreise kontakte SOS for ei vurdering om det er forsvarleg å foreta reisa, og at det er lite sannsynleg for at komplikasjon/forverring vil oppstå under reisa.
Reiseråd frå Det norske Utanriksdepartementet
Reiseforsikringa gjeld for alle land og område der det ikkje er utstedt reiseråd frå Utanriksdepartementet. Forsikringa er ikkje gyldig for reiser som er bestilt medan det førelåg reiseråd. Ved strengt nødvendig fritidsreise, må du før avreise kontakte oss for ei vurdering og eventuelt godkjenning for at reiseforsikringa er gyldig for den aktuelle reisa. Det er di plikt å overhalde reiseråd og avgrense omfanget av skade.
Last ned som PDF: