Treng du å avbestille ein planlagt ferie? Du har avbestillingsforsikring inkludert i vanleg heilårs reiseforsikring og reiseforsikringa i Mastercard kredittkortet.
Kva er avbestillingsforsikring?
Avbestillingsforsikringa er ei dekning som er inkludert i reiseforsikringane våre. Avbestillingsforsikringa refunderer førehandsbetalte billettar og utgifter, viss du må avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar. Det er ingen eigenandel og du får tilbake heile summen du har betalt for reisa, som eksempelvis:
Du må sjølv avbestille billettar og reservasjonar, og undersøke om du får noko refundert hos flyselskap, reisebyrå, bilutleige, overnattingsstader eller andre arrangørar før du melder saka til forsikringsselskapet.
Flyskatten er det flyselskapet som betaler tilbake.
Kva dekker avbestillingsforsikringa?
Avbestillingsforsikringa refunderer pengane du har førehandsbetalt for reisa, opphaldet, utflukter og arrangement, når du har tatt vare på kvitteringar/betalingsstadfestingar.
Du kan berre bruke avbestillingsforsikringa viss du har ein gyldig grunn som er dekt av forsikringa. Dersom du ikkje har ein gyldig grunn for avbestillinga, får du ikkje pengar igjen frå reiseforsikringa.
Skal du ut og reise og trur det er ein sjanse for at du vil ombestemme deg, vil vi tilrå deg å kjøpe såkalla fleksible billettar. Sjekk med flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller liknande om dei tilbyr såkalla «fleksibel billett».
Forsinka eller kansellert fly?
Dersom eit forsinka eller innstilt fly skaper meirutgifter kan du ha krav på kompensasjon frå flyselskapet eller reiseoperatøren. Les meir om innstilt og forsinka fly.
Avbestillingsbeskyttelse
Viss du kjøper avbestillingsbeskyttelse saman med flybillettar, hotell eller liknande, får du som regel berre pengane tilbake viss du blir sjuk. Reiseforsikringa dekker allereie dette, så du endar opp med å betale for same dekning to gonger.
Kva dekker avbestillingsforsikringa? Avbestillingsforsikring er ei dekning du har gjennom heilårs reiseforsikringa di eller reiseforsikringa du har gjennom kredittkortet ditt. Avbestillingsforsikringa gir deg pengane tilbake viss du treng å avbestille ei reise på grunn av uventa hendingar.
Du er dekt viss avbestillinga skuldast:
Du, reiseledsager, næraste familie eller nøkkelperson i reisefølgje blir råka av alvorleg akutt sjukdom, ulykke eller dødsfall.
Brann, innbrot eller vannskade som krev at du må vere til stades.
Dyrepensjonat (hund/katt) når du må avbestille reisa.
Slik bruker du avbestillingsforsikringa:
Avbestilling av reise, hotell og andre reservasjonar Kontakt flyselskapet, hotellet, reisebyrået eller der du har gjort reservasjonen, og avbestill. Ta vare på stadfesting for eventuelle avbestillingsgebyr du må betale. Sjekk om reiseselskapet dekker noko ved avbestilling.
Be om legeerklæring og annan dokumentasjon Skuldast avbestillinga eigen sjukdom, skaff ei legeerklæring som stadfestar dette. Viss det skuldast annan sjukdom i familien, barn eller nøkkelperson i reisefølge, få ein stadfesting på dette.
Viss avbestillinga skuldast andre årsaker enn sjukdom, som for eksempel branntilløp, ulykker og skadar, ta vare på alt som forklarar kvifor reisa måtte avbestillast.
Meld ifrå til Fremtind Fremtind utbetalar vanlegvis erstatninga raskt til kontoen din.
Mange aktørar forsøker å selje deg ekstra avbestillingsbeskyttelse når du kjøper ei reise – hugs at du er godt dekt gjennom avbestillingsforsikringa du har inkludert i reiseforsikringa hos oss.
Har du reiseforsikring (eller betalt billetten med kredittkortet ditt) og du er nøydd til å avbestille ein reise, kan du få refundert billettane for arrangement (utflukt, konsert, show, aktivitetsskule og liknande) i samband med reisa. For eksempel om du må avbestille flybillettar til ein stad der du òg har kjøpt billettar til ein konsert.
Billettforsikringa i reiseforsikringa dekker ubenytta og førehandsbetalte billettar viss du skal på ei reise og avbestillinga skuldast anten:
Du, reisefølget eller næraste familie rammast av alvorleg akutt sjukdom, ulukke eller dødsfall.
Brann, innbrot eller vasskade som krev at du må vere til stades.
At reisa er i strid med reiseråd frå Utenriksdepartementet. Forholdet må ha inntreft mindre enn 72 timar før planlagd avreise.
Har du billettar du ikkje får nytta? Du må sjølv avbestille billettane og undersøke om du får noko refundert hos aktøren, før du melder sak til oss. Du er ikkje dekt for avbestilling av billettar til arrangement dersom ikkje arrangementet er i forbindelse med ei reise som også må avbestillast.
Viss bagasjen din er meir enn 4 timar forseinka ved utreise, får du erstatning. Er du på jobbreise vert nødvendige utgifter dekka uansett kor kort tid bagasjen er forseinka. Forseinka bagasje ved heimreise er ikkje dekka av reiseforsikring.
Dette skal du gjere viss bagasjen din er forseinka ved utreise:
1: Meld frå til flyselskapet
Oppsøk skranken til flyselskapet for å melde ifrå.
Få ein stadfesting på forseinkinga – ein såkalla PIR-rapport.
2: Kjøp det du treng
Blir bagasjen meir enn fire timar forseinka etter ankomst, kan du handle det nødvendige av klede og toalettsaker for inntil 5.000 kroner per person. Gjeld berre ved utreise. Vi dekkar ikkje utgifter til ting du kjøper etter at bagasjen er tilbake. Dette dekkar òg eventuell leige av nødvendig barnevogn/sykkel/ski eller anna sportsutstyr.
Skadar på bilen dekkjast av bilforsikringen som utleigeselskapet har på bilen. Ved tjuveri eller skade på leigebilen, blir du som regel bedt om å betale ein eigenandel til leigebilselskapet. Denne eigenandelen dekkjer reiseforsikringa di. Det betalar sjølv ingen eigenandel ved bruk av heilårs reiseforsikringa.
Så viss du har vår reiseforsikring kan du alltid takke nei til eigenandelsforsikring hos bilutleigeselskapet når du leiger bil i utlandet. Eigenandelsforsikringen gjeld også her i Noreg, så lenge det ikkje gjeld:
Eigenandel ved skade på heilårsleigd bil, leasingbil eller bil via bilpool.
Leigebil leigd i samband med flytting eller heimkøyring av varer.
Leigebil du har som følgje av at eigen bil er på verkstad.
Eigen bil: Bilforsikringen vår gjeld også på reise i utlandet.
Leigebil: Her gjeld utleigeselskapet sin forsikring. Følg godt med når du inngår leigekontrakten. Har du reiseforsikring har du eigenandelsforsikring på leigebilen hvis det skulle skje noko.
Hva gjer eg ved tjuveri og innbrot i utlandet?
Anmeld tjuveri, innbrot og hærverk på ein politistasjon.
Noter ned namn og telefonnummer på eventuelle vitner.
Dokumenter det som har skjedd, kva som er stjålet og kor det skjedde.
Eigen bil: Innbrudd og tjuveri frå eigen bil meldast til oss. Kontakt oss gjerne for praktisk og umiddelbar hjelp, elles kan du vente til du kjem heim.
Leigebil: Ring nummeret som er oppgitt i leigekontrakten. For skade på leigebil gjeld forsikringen som følgjer bilen. Eigenandelen dekkjast gjennom reiseforsikringa. Private gjenstandar dekkjast også av reiseforsikringa.
Veghjelp i utlandet
Eigen bil: Vi hjelper deg med veihjelp uansett kvar du er i Europa.
Leigebil: Ring nummeret du har fått oppgitt i leigekontrakten.
Tips med bil i utlandet
Før du reiser, sjekk kva du treng av ID for å kjøre i landet og gjeldande trafikkreglar. De kan variere mykje frå reglane i Noreg. I einkelte land treng du Grønt kort.
Husk også fysisk førarkort – utleigeselskapa godtar ikkje digitalt førarkort.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}