Opplever du ting i livet ditt som gjer det vanskeleg å betale ned på lånet i ein periode? Då kan du søke om avdragsfritak.
Kan du få avdragsfritak?
Du kan søke om avdragsfritak
på bustadlån eller billån viss du har det hos oss
viss du veit at inntekta di vil gå opp igjen om nokre månader
viss du til no har betalt alle avdrag slik du skal, og ikkje har nokon betalingsmerknader
Har du forbrukslån eller kredittkortgjeld, anbefaler vi at du søker om refinansiering i staden.
Om du ikkje ser moglegheita for å søke om avdragsfriheit i mobilbanken, ta kontakt med oss.
Kva er avdragsfritak?
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet.
Slik fungerer avdragsfritak
Kor lenge du kan søke om avdragsfritak kan variere, men er som regel 3 månadar. Viss du treng å utsetje nedbetalinga i fleire månadar, kan du søke om å få forlenga perioden.
Når den avdragsfrie perioden er over, må du betale avdrag igjen. Då blir det månadlege beløpet større enn før. Viss du lurer på kor stort det neste beløpet blir, kan du sjekke det i mobilbanken.
Viss du i staden for å betale inn meir kvar månad heller vil forlenge nedbetalingstida, kan du kontakte oss, så ordnar vi det.
Kva kostar avdragsfritak?
Jo lenger du har avdragsfritak, jo dyrare blir lånet.
Fordi nedbetalingstida er den same som før, blir det færre månadar å betale ned resten av lånet på. Derfor blir beløpet du betalar kvar månad, høgare. Når det månadlege beløpet blir høgare, vil òg renta bli høgare.
Døme:
Lat oss sei at du har eit lån på 2 millionar og ei nedbetalingstid på 25 år med nominell rente frå 5,28 prosent og effektiv rente på 5,46 prosent. Kostnaden med å ha lånet blir 1.606.114 kroner, og totalkostnaden på lånet blir 3.606.114 kroner.
Viss du har avdragsfritak i tre månadar, blir kostnaden på lånet 1.632.514 kroner, og totalkostnaden 3.632.514 kroner. Lånet blir altså 26.400 kroner dyrare.
I tillegg betalar du 750 kr i omkostningar når du inngår avtalen med oss om avdragsfritak.
Treng du å snakka med oss?
Vi har fleire løysingar som kan hjelpe deg viss du er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Ta kontakt så fort du merkar at du får utfordringar med å betale for låna dine. Vi strekker oss langt for å hjelpe deg!
Kor lenge du kan ha avdragsfritak avhenger blant anna av kva for type lån du har og den økonomiske situasjon din.
For både bustadslån og billån vert avdragsfritak vanlegvis innvilga for 3 månader om gongen. Viss du framleis har behov for avdragsfritak når perioden utløper, kan du søke om å forlenge den.
Alle søknader vert vurderte individuelt, og kor lenge du kan få avdragsfritak vil derfor kunne variere.
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss du har møtt økonomiske utfordringar som t.d. permisjon, oppseiing eller liknande.
Ver merksam på at når den avdragsfrie perioden er over, aukar summen på dei månadlege innbetalingane. Du kan søke om å få avdragsfritak på både bustadlån, billån og kredittkort.
Prisdøme:
Viss du får 3 års avdragsfritak på eit bustadlån med 15 års løpetid igjen, betalar du mindre per månad dei neste 3 åra sidan du slepp å betala avdrag. Når den avdragsfrie perioden er er over, blir dei månadlege kostnadene høgare enn dei var opphavleg, fordi du no skal betale ned lånet på 12 år i staden for 15. Viss lånet var på 2 millionar kroner med ei rente på 2,65 %, aukar den totale kostnaden med 70 000 kroner.
Som ein hovudregel får du berre innvilga avdragsfritak dersom du har mindre enn 60 prosent belåning. Det vil seie at lånet utgjer maks 60 prosent av bustadverdien.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}