Når du studerer er det ikkje alltid enkelt å få oppfylt bustaddraumen, men det er faktisk mogleg. Dette er vegen til bustadlån som student.
Kort om bustadlån som student
Sjølv om du er student blir det stillt dei same krava til deg som alle andre som søker bustadlån.
Difor må du fortsatt kunne stille med 10 prosent eigenkapital, samla gjeld kan ikkje vere høgare enn fem gonger inntekta di, og du må tole ein renteoppgang på 3 prosentpoeng (eller ei rente på 7 prosent).
Vil du ha ein peikepinn på kor mykje du kan låne? Prøv bustadlånskalkulatoren vår.
Kravet om eigenkapital kan vere vanskeleg å innfri for mange studentar. Viss du ikkje har hatt moglegheit til å spare er éi løysing å spørje familien om hjelp.
Dersom foreldra dine har moglegheit til å gi deg forskot på arv eller stille som kausjonist vil det kunne gjere det enklare å få lån.
Viss du ikkje møter krava i utlånsforskrifta akkurat no kan ein moglegheit vere å kjøpe bustad saman med nokon, altså få ein medlåntakar på lånet ditt.
Denne personen kan vere ein kjærast, foreldra dine eller ein ven.
Det som gjer det enklare å få lån saman med nokon er at når de låner saman vil inntektene dykkar (og gjeld) bli lagde saman i vurderinga av lånesøknaden.
Med andre ord er det enklare å oppfylle kravet om at du ikkje kan ha meir gjeld enn fem gonger inntekta di.
Når du søker bustadlån, må banken passe på at du ikkje har meir gjeld enn fem gonger inntekta di. All gjeld er med i berekninga her, også studielånet ditt.
Visste du at du kan sjå studielånet ditt i mobilbanken? Her får du full oversikt over lånet, også medan du studerer.
Det er viktig at du ikkje låner over evne, og at du har ei fast inntekt for å betene lånet.
Snakk med rådgjevaren i banken din, så kan de finne ut kva som er best for deg i din situasjon – både no og i framtida.
Kor mykje akkurat du kan få i bustadlån vil vere påverka av mange faktorar. Derfor anbefaler vi alle å snakke med ein rådgjevar, også om dei ser på draumen om eigen bustad som uoppnåeleg.
Viss du har god inntekt, eller du kjem til å forbetre inntekta di på kort sikt, kan banken i nokre tilfelle innvilge lån, sjølv om du ikkje møter kriteria.
Dersom du ikkje kan få lån akkurat i dag, vil det å snakke med ein rådgjevar kunne hjelpe deg å legge ein plan for korleis du kjem deg inn på bustadsmarknaden på sikt.
Det er ikkje alltid sånn at det alltid løner seg å kjøpe bustad i staden for å leige. Det avheng av kor lenge du har planar om å bli på studiestedet.
Dersom du ikkje skal bu lenger enn eitt eller to år kan det løne seg å heller leige. Grunnen til det er at det kjem ein del eingangskostnader saman med det å kjøpe bustad, for eksempel dokumentavgift når du kjøper og meklar når du sel.
Dersom du derimot planlegg å bu lenger, kan det løne seg å kjøpe bustad om du har moglegheit. Bustad er god investering, og bustadverdien aukar som regel over tid.
Sjå også: Eige eller leige?
Er du student og har meldt flytting heimefrå? Det er spesielt to forsikringar det er lurt å ha.
Reiseforsikring
Innbuforsikring
Er du under 34 år får du innbu- og reiseforsikring i éin pakke.
Uansett om du har spørsmål om eigenkapital eller bodrunden – du kan alltid spørje oss. Dette har vi peiling på, og hjelper deg meir enn gjerne.
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere!
Kva lurer andre på?
Når du skal kjøpe bustad, kan du velje mellom ulike eigarformer. Det er nokre viktige forskjellar mellom sjølveigar og burettslag, og begge eigarformene har både fordelar og ulemper.
Sjølveigar
Du eig bustaden sjølv, med dei rettane og plikter det inneber. Du kan til dømes pantsetje den, leige ut eller pusse opp utan å innhente løyve frå nokon. Du er òg ansvarleg for alle bustadrelaterte utgifter sjølv, som til dømes kommunale avgifter, vedlikehald og husforsikring.
Einebustader er typiske sjølveigarbustadar. Her eig du som regel både huset og tomta huset står på. Nokre einebustader står på festa tomt, som vil seie at du eig huset, men betalar ei årleg festeavgift til grunneigar for leige av tomta.
Kjøper du ein sjølveigarbustad blir du medeigar i eit sameige. Du eig eigarseksjonen din, som består av bustaden din og eventuell bu og parkeringsplass. Fellesareal som trappeoppgangar, uteareal og felles vaskerom, eig du og dei andre seksjonseigarane i fellesskap. Du betalar ofte ein fast sum i månaden til fellesutgifter.
Kjøper du ein brukt sjølveigarbustad, må du betale 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift til staten. Bygger du bustad sjølv eller kjøper ein sjølveigarbustad i eit nybygg, blir det berekna dokumentavgift berre av tomtekjøpet.
Burettslag
Eit burettslag er eit selskap som er eigd av dei som bur der. Kjøper du bustad i eit burettslag eig du ein del i burettslaget, og får einerett til bruk av bustaden din. Ein del av kjøpesummen i eit burettslag vil vere eit felleslån, som blir betalt av deg og dei andre bebuarane.
Reglane for utleige er strengare i eit burettslag enn i eit sameige, og du må forhalde deg til burettslaget sine husordensreglar og vedtekter. Det kan innebere restriksjonar knytt til husdyrhald, påbygg og andre endringar.
Ein fordel med burettslag er at du slepp å betale dokumentavgift til statenpå 2,5 % av kjøpesummen. Det er derfor eit godt alternativ viss du planlegg å berre bu i leilegheita eit par år, då dokumentavgifta ofte blir eit reint tap med så kort tidshorisont.
Hugs å sjå på totalprisen før du kjøper bustad i eit burettslag. Det gjer vi i banken, mellom anna når vi reknar ut kor mykje eigenkapital du må ha for å få lån.
Det kjem driftskostnadar i tillegg til dei månadlege fellesutgiftene til renter og avdrag på fellesgjelda. Dette er til dømes kommunale avgifter, vaktmeistertenester, felles energibruk og vedlikehald av fellesområde.
Sjekk alltid burettslaget sin økonomi før du byr på ei burettslagsleilighet. Viss burettslaget til dømes har avdragsfritak på lånet for ein periode vil dei månadlege kostnadane auke når den er over.
Hugs at det er styret og generalforsamlinga som bestemmer både over felles gjeld og større investeringar. Dette gjer at du som bebuar kan få høgare månadskostnad.
Når vi får ein søknad om finanseringsbevis får du normalt sett svar etter 1-2 arbeidsdagar, men det kan variere mellom høg- og lågsesong. Med eit finansieringsbevis har du ei stadfesting på at du har fått innvilga lånet ditt, og er klar til å hive deg inn i bodrunden.
Finansieringsbeviset kan du enkelt finne i mobilbanken din. Hugs at du ikkje bør fortelje eigedomsmeklaren kor mykje du har fått i finansieringsbevis. Dette er forhandlingskortet ditt i bodrunden.
Forskjellen er om gebyr og andre kostnader er inkluderte eller ei.
Nominell rente er rentesatsen på lånet før gebyr, og er vanlegvis oppgitt som ei årleg rente.
Effektiv rente er nominell rente pluss gebyr og andre kostnadar. Talet på avdrag du betalar (betalingsterminar) og lånet si løpetid (nedbetalingstida) påvirkar òg den effektive renta. Denne fortel deg den faktiske prisen på lånet.
Derfor bør du samanlikne den effektive renta til bankane, og ikkje den nominelle renta, når du skal søke lån. Når du samanliknar effektiv rente er det viktig at du ser på nedbetalingstida. For å kunne samanlikne effektiv rente må nemleg nedbetalingstid vere heilt lik, då den effektive renta vil i mange tilfelle bli lågare viss du aukar nedbetalingstida på lånet.
Eit lån med flytande rente følger marknadsrenta. Går rentenivået opp får du høgare lånekostnadar, medan du får lågare lånekostnadar viss rentenivået går ned. Har du økonomi som toler at det svingar litt viser det seg over tid at det som regel lønner seg å velje flytande rente.
Med fast rente bind du renta i ein avtalt periode. Då betaler du det same på lånet ditt kvar månad, uavhengig av svingingar i marknadsrenta. Viss forutsigbare lånekostnadar er viktig for deg, kan fastrentelån vere eit godt alternativ.
Du kan ha fast rente på heile eller deler av lånet ditt.
Når du låner pengar av banken, må du som regel tilby ei form for sikkerheit. Det vil seie at du lar banken ta pant i noko du eig, til dømes bustad, hytte, tomt, bil eller båt.
Dersom du mislegheld lånet ditt, altså at du ikkje betaler renter og avdrag som avtalt, kan banken krevje at du sel tingen du eig og betaler tilbake det du skuldar. Ofte verkar dette slik at desto betre sikkerheit du klarer å stille til banken, desto betre vilkår (renter) kan du få på pengane du låner. Derfor er òg forbrukslån og kredittkort, som er lån utan sikkerheit, dyrare.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}