Om oss

Vi bankar for Norddalen

Vi er #jælmabegeistra - er du?

 

Historia vår

Lom og Skjåk Sparebank vart grunnlagt i 1873 som sparebank for kommunane Lom og Skjåk. I snart 150 år har utviklinga av banken og fjellbygdene vi er del av hengt tett saman.

Gjennom sine lange tradisjonar nord i Gudbrandsdalen er SpareBank 1 Lom og Skjåk ein institusjon i lokalsamfunnet i nært samspel med både folk og næringsliv. I dag er SpareBank 1 Lom og Skjåk framleis ein sjølvstendig sparebank med lokalt styre, tett knytt til lokalsamfunnet. Sidan årtusenskiftet har banken i tillegg fått ein stor del personkundar frå heile landet.

SpareBank 1 Lom og Skjåk har dei siste åra har utvida marknadsområdet sitt øvst i Gudbrandsdalen kraftig ved å opne kontor i Vågå med fulltidsbank frå hausten 2005 og på Dombås frå våren 2012. I dag er vi ein engasjert og sterkt tilstadeverande regionbank i heile Nord-Gudbrandsdalen frå Skjåk og Lesja i vest til Vågå i aust.

Hovedkontoret ligg i Lom, med avdelingskontor i Skjåk, Vågå og på Dombås.

I tillegg til tradisjonelle bankprodukt og kvalifisert rådgiving, tilbyr vi gjennom SpareBank1-grupppa konkurransedyktige produkt innan mellom anna finans og forsikring.

SpareBank1 Lom og Skjåk er i dag takknemlege over å vere sjølve #fjellbanken - i solid vekst i ein region vi er oppriktig stolte av å vere ein integrert del av. Skulle du sjølv bo i by eller lågland er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til å bli kunde i banken og gjest i fjellheimen!


Godt personvern - din rettighet, vår plikt

En av våre aller viktigste oppgaver er å ivareta ditt personvern på en god og sikker måte. Dette er avgjørende for at du skal ha tillit til oss. Slik har det alltid vært, men nå får du enda flere rettigheter.