gjendebaten-stortvann

VI ER FJELLBANKEN

Fjell og bankar har mykje til felles. Uansett kva sti du slår inn på, er vi gjerne din vegvisar.Solide. Evige. Livgjevande. Der har du fjella som omgir vårt daglege verke nord i Gudbrandsdalen. Og der har du kjerna vår som bank.
Vi bankar for folk, framtid og fjellbygdene nord i Gudbrandsdalen. Gjer du det same så slår vi gjerne følgje?


SpareBank 1 Lom og Skjåk er lokalisert i fjellbygdene Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk med Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell som næraste naboer. Som lokalbank er vi djupt imponert over dei mange driftige folka og unike kvalitetane i regionen vår. Under mottoet «Vi bankar for Norddalen» heiar vi fram spanande aktørar til inspirasjon for oss alle. Her kan du møte nokre av dei i spenstige ord, bilder og filmsnuttar, ta ein titt og bli inspirert!