Vi bankar for Norddalen // Aktiv i Lom

sb1ls-aktivilom-jan-klatring

Hyperaktiv i Lom

Jan Slålien ventar ikkje på at ein spanande arbeidsplass skal dukke opp. Han lagar dei sjølv. 

«Sjuogtredve mil nordover, litt øst og oppover, ligg Flåklypa, ei lita fjellbygd under himmelhvelvingen». Innleiinga til Ivo Caprino sitt filmeventyr er samstundes ei temmeleg presis vegskildring til Lom, fjellbygda som har både Flå og Klypa i nabolaget. Ikkje nok med det. Fritt for ver og vind, akkurat der morgonsola renn opp over Raubergstulen, har reiselivet i Lom sin heilt eigen Reodor Felgen: Møt Jan Slålien, mannen som ikkje kan fatte at det er så farleg å satse der jordsmonnet er skrint og folketalet like så – han lever trass alt i driftige Bøverdalen:

– No har eg endelig klart å overtale kona til å si opp jobben sin og byrje hjå meg. Så får vi sett kvarandre litt meir, seier reiselivsgründeren med sans for luftige sprell.

"Jan og gjengen har vore tøffe til å satse.
Eigeninnsatsen har vore enorm."

LANGT OPP, HØGT NED. Då Jan Slålien saman med bestekameraten Ronny Nestvold i 2008 bygde ein av dei aller fyrste klatreparkane i Noreg, attpåtil i steinrøysa langt oppi Bøverdalen, var det ein og annan realist som rista på hovudet. Sidan har reiselivsradarparet utløyst mang ein kronisk nakkesleng. Zipline under Prestfossbrua. Aktivitetspark i sentrum. Gyrotrampoliner. Oppføring i Guiness Rekordbok. Lavvoar nok til å huse halve Lom. Og så mykje meir at det ikkje er plass til alt her. I år bikkar Aktiv i Lom fem millionar i omsetnad på sine mange sprell i og rundt halve Noreg si favorittfjellbygd. Og fleire skal det bli.

TØFF SATSING. – Og eg som har høgdeskrekk, lyd det spakt  i kundekontakt Mona Aabakken på veg til topps i det nye klatretårnet av massivtre midt i Lom – det fyrste i landet.   

Sparebank 1 Lom og Skjåk sin utskremde er elles ikkje av dei lettskremde. Sidan den spede starten for snart 10 år sidan, har ho tjukt og tynt støtta opp om Aktiv i Lom i rolla som gjevar av både lån og råd:

– Jan og Ronny har vore tøffe til å satse. Tøffe til å byggje opp et stadig breiare og betre tilbod. Eigeninnsatsen har vore enorm og marginane tidvis små, men som bank er det stas å kunne bidra til verdiskaping der andre ville sett strek, seier Aabakken.

Og ikkje minst: Til store økonomiske ringverknader for heile Lom med stort omland.

KOM TIL LOM. Det er lett å misunne lomværene både Bakeriet og Arne Brimi, attraksjonar og reiselivsaktørar som har bygd opp under Lom si unike tiltrekkingskraft på alle som er svake for kombinasjonen høge fjell og gode måltid. Ein svimlande million personar er kvar sommarsesong innom den vesle fjellbygda. Dei siste åra er det likevel Aktiv i Lom som har tilført Lom sentrum flest nye attraksjonar – og auka omsetnad. I dag set få barnefamiliar sine fjellstøvlar i reiselivsmetropolen utan å riste laus i eit av mange sprelske aktivitetstilboda i sentrum: Zipline, klatretårn i massivtre, trampolinepark, pumptrackbane, minigolf. Og i fjellheimen rundt: Kajakkutleige, guida toppturar, brevandring - og altså klatreparken langs vegen opp til Galdhøpiggen. Slik blir det mange selde middagar, sportsutstyr og overnattingsdøgn av i Lom - kommunen som loggar kvart tiande reiselivsdøgn i Noregs største reiselivsfylke. Sjølv om unikumet Ronny Nestvold diverre har gått bort, tydar ikkje noko på at trykket vil bli mindre med uredde gründerar som Jan Slålien i høggir framover – han har trass alt nokre høgde å strekke seg mot:

– Snaue to år etter oppstarten hadde vi med oss ei firmagruppe på 973 personar til topps på Galdhøpiggen. Det er framleis gjeldande rekord – for både Aktiv i Lom og Guiness rekordbok.

Så då er det vel på høg tid å sette ein ny?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }