Vi bankar for Norddalen // Avdemsbue

Osten skal fram

Ungane flytter heim, folketalet aukar, utmerkingane haglar, omsetnaden går i taket og Lesja har fått eit nytt sentrum: Det kjem mykje godt ut av ein god ost.

– Slik har kvardagen vorte, seier Sigurd Avdem, godt modna ostegründar oppunder Dovrefjell:

– Eg skifter ham fem-seks gongar for dagen.

Så er fjøskleda av, ysterifrakken på og treskoa på plass, og framfor oss opnar døra til den langtidsmodna heilagdomen seg. Frå golv til tak ligg runde kjæledegger og ventar på dagens handvask. Prominent Fjelldronning. Smidig Mor Åse. Brun Huldreost med urter og akevitt. Prisløna kjendisar alle saman. Og der, i einsam majestet på ei trefjøl: Godklumpen sjølv. I tålmodig modning mot den absolutte smakstoppen: 

"Denne osten skal delta på World Cheese" 
seier Sigurd Avdem liketil.

Men la det vere klart: Osteproduksjon på toppnivå er ekstremsport.

– Viss ei av kyrne et nokre munnfullar med feilgjæra silo, så er det full katastrofe for osten, fortel Avdem: 

– Det er frykteleg spanande å sjå korleis ein god ost utviklar seg. Det er i det heile tatt interessante tider på Avdem.

PRISVERDIG. Då prisen for Årets lokalmatgründer 2017 var delt ut sist haust, hamna ein sjeldan audmjuk landbruksminister i skuggen av Lesja-familien som i år i tillegg har vunne Askeladdprisen for bygdegründere, to gull og fire sølv i NM i Gardsost, og bronsemedalje i World Cheese.

– Eg stiller meg her og solar meg i glansen, sa ministeren.

Heime i gardsysteriet på Lesja handlar kvardagen om alt anna enn å sole seg. I 12 år har mor Åse Haugstad vore hardtarbeidande dagleg leiar i ein gründerfamilie med stadig nye tilskot og etableringar. Dei er slett ikkje åleine i driftige Lesja. I fjellbygda som er den største landbrukskommunen i Gudbrandsdalen, blir nye fjøs reist, mark broten og buskap utvida i eit imponerande tempo – med lokalmatfamilien Avdem som framifrå ambassadørar. 

– Vi hadde vel ikkje noko val, humrar Sigurd

EIN STOPP FOR MATGLADE. Då dottera Anna Haugstad Avdem, på den tida student i Trondheim, høyrde at den vesle, sjarmerande landhandelen med røter attende til 1878 oppe ved riksvegen ovanfor heimgarden vart stengd, gav ho nemleg foreldra eit ultimatum:

– Få hand om Avdemsbue om sjansen byr seg – eller så flytter eg kan hende aldri heim til Lesja.

I år omset ørvesle og søkk sjarmerande Avdemsbue for tre millionar kroner. På ureist kvalitetsost og økologiske grønsaker, kortreist spekemat og brødbakst, mikroøl, fløyteiskrem og kombucha – samt butikkhyller så segneferdige med andre godsaker at dei har blitt Lesja sitt nye sentrum og riksattraksjon. Avdemsbue har attpåtil bevist at lokal verdiskaping lyfter folketalet.

– Sist gong vi talde kom vi til at Avdem har ført med seg minst 10 nye innbyggjarar på Lesja, seier Anna:

– Dei to siste er faktisk bror min og den danske sambuaren hans, som har starta økologisk grønsaksproduksjon gjennom Avdem Gardsgrønt.

600 meter over havet, altså.

Brått går døra opp.
– Det er Iren i banken!

BANK NÅR DU TRENG DET. «Ta ingen sjanse» står det på den antikvariske safen i Avdemsbue. Ei grei påminning når alle piler peiker oppover, ideane er mange og handlekrafta er stor. Utanfor Avdemsbue forklarar Sigurd vegen vidare: Utviding av Avdemsbue med eiga serveringsdel og panoramautsyn over Lesja. Bussparkering for cruiseturistar og vegfarande. Serveringskjøken og sanitæranlegg. Eit kløktig konsept for take-away-cheese utanom opningstidene.

– Men vi vil jo ikkje sette garden over styr, seier fjellbonden brått alvorleg:

– Derfor er vi heilt avhengige av å kunne sparre med ein dyktig økonom med kjennskap til bransja – og helst det imponerande landbruket i Lesja.

Perfekt då, å ha lokalbank med eigen finansiell rådgjevar spesialisert på nettopp fjellbonden:

– Kva trur du renta blir på seks millionar kroner då, Iren?, spør Sigurd over kaffekoppen.

Og får svar på direkten.

NY SMAK AV TRADISJON. Vi er i ferd med å takke av. Smått svimle av spenstige smakar, suksessen til familien Avdem, storsatsinga dei har på gang og det faktum at alt dette er mogleg å få til i grisgrendte og temmeleg avsidesliggande Lesja. Anna ser det annleis:

– Hadde eg starta ein butikk som Avdemsbue i ein større by, ville eg ha vore berre ein av fleire liknande tilbod. Her på Lesja har «bue» vorte ein vidgjeten attraksjon, og levebrød frå dag ein – med god støtte frå Avdem Gardsysteri.

Då er det at Sigurd Avdem set auga i meg, vil forvisse seg om at eg har sett teikninga:

– Du har vel skjøna at dette berre er starten?

PS: Godklumpen frå trefjøla i Avdem gardsysteri viste seg å tilhøyre verdseliten – i World Cheese Awards i London vann «Vellagra Fjelldronning» i november 2017 bronsjemedalje i konkurranse med 3000 ostar frå 30 land.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }