Vi bankar for Norddalen

Bakar i mjølgøyv

Andre bollar

Lærling Hans Hesthagen har gjort Bakeriet i Lom sitt slagord til sitt eige livsmotto: Mennesket lever ikkje av brød åleine.  

Fjellbygda Lom er alt anna enn stor. Til gjengjeld husar ho det reint utrulegaste. Mellom anna eit bukollektiv med 17 bakarar under same tak. Har nasjonalparklandsbyen ved Bøvra den høgste andelen bakarar i verda?

– Stemmer nok ikkje heilt, korrigerer Hans Hesthagen:

– Vi er to i Garmo.

Du veit du er komen til eit matfat når annankvar fjellvandrar gomlar kanelbollar. Vanskelegare å få auge på er kobbelet av hardtarbeidande handverkarar som er i sving frå midt på natta for å fylle vedomnane i det segnomsuste Bakeriet i Lom med gjæra godsaker.

– Lærlingeperioden er som å ta fyrstegongsteneste, berre på ein litt rar måte, summerer Hans.

Sjølv sørgjer han for grunntreninga ved å tilbringe fritida høgt og lågt i heimbygda Lom. Buldring er favorittaktiviteten, stuping uti iskalde Bøvra er noko ungguten faktisk gjer og utan fotograf til stades. I arbeidstida er fallhøgda uansett enda høgare.

– Lista ligg høgt i bakeriet. Morten Schakenda sine visjonar og kvalitetskrav set standarden for både arbeidsdagen og læretida.  

Resultatet er deretter. 20-åringen Hans si oppfatning av ei perfekt sommarnatt er temmeleg annleis enn dei jamnaldringane
helst ikkje søv burt:

– Brødbaking er djupt fascinerande fordi så mange variablar må spele perfekt saman for å gje eit optimalt resultat: Ingrediensar, elting, heving, fuktigheit, temperatur, steiketid og ei mengd andre faktorar, ivrar bakaren med rykande ferskt fagbrev.  

– Til gjengjeld er kjensla heilt enorm når bortimot alt klaffar. 

Den kjensla sit venteleg kokkenestor Arne Brimi att med og, 10 år etter at Opplæringskontoret Brimi-Kjøken vart skipa som tiltak for å rekruttere og utdanne kokkar og bakarar til matfata oppunder Norges tak – og gje dei impulsar frå verda utanfor.

– Det er heilt tullete kva kontaktar Arne Brimi har ute i kokkeverda, himlar Hans Hesthagen.

I dag er lærlingeordninga i ferd med å lyfte ein ny generasjon kokkar og bakarar med ein fot solid planta i fjellheimen fram i både bransja og rampeljoset. Nikolai Meling, aller fyrste lærling på Bakeriet i Lom, vann i haust både NM-gull og ei smått sensasjonell bronse i VM. Neste bakar som tek steget frå Bøvra til verda, er Hans Hesthagen.

– Eg vil reise mykje, det er det som ligg øvst i topplokket no. Arbeide hardt, få så mykje erfaring som mogleg, bli inspirert og lyfte eiga fagleg nivå. Eg har blinka meg ut eit par bakeri på den amerikanske vestkysten som verkar veldig spennande.

Fremst i heiagjengen står dagleg leiar Bjørg Aaseng Vole i Lærlingekontoret Brimi-Kjøken.

– På dei 10 åra vi har tilbode læreplassar i Nord-Gudbrandsdalen, har vi utdanna meir enn 40 kokkar og bakarar, og ser no at dei faktisk kjem attende etter å ha vore ute i verda og bryna seg.

Mennesket lever nemleg ikkje av brød åleine.

Etterord: Samstundes med at denne artikkelen vart skrive, tikka denne meldinga inn frå Hans Hesthagen:  «E ha fått jobbtilbud i Canada nå, Victoriaøya, ska starte like før påska»

Gratulerar og lykke til Hans!

…og til deg som vil same veg: La deg gjerne inspirere av Hans sin søknad i filmformat:  

Video placeholder image

BAKERIET I LOM

  • Vidgjetent matfat ved elva Bøvra i Lom sentrum
  • Rekna mellom dei fremste bakeria i landet – og som lærestad for nye bakersveinar
  • Serverar brød, bollar og pizza – alt steikt i vedfyrt omn i lokalet
  • www.bakerietilom.no

LÆRLINGKONTORET GUDBRANDSDALEN

  • Tilbyr læreplassar innan ni ulike fagretningar – mellom dei reiseliv 
  • Legg til rette for praktisk og teoretisk kunnskap gjennom læretida i Nord-Gudbrandsdalen
  • Er eit aktivt bindeledd mellom lærlingar, lærlingbedrifter, skular og det offentlege.
  • Byr lærlingane «solid fagleg oppfølging og kulturell innføring i eit av Norges vakraste naturområde»
  • www.laerlingkontoret.no
Video placeholder image

VI BANKAR FOR NORDDALEN

Sparebank 1 Lom og Skjåk er aktivt til stades med avdelingar i heile Norddalen – og er jælma begeistra over alle drivande dyktige folk, solide føretak, nyskapande initiativ og suksessrike verksemder som møter oss i Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk. Vi bankar for Norddalen er meint som både takk, heiarop og augeopnar for ein region breddfull av kvalitet og moglegheiter – som vi er stolte av å banke for.

Vil du og ha bank? Rune Torkveen ser gjerne innom deg for ein trivelig prat om du har #kaffiogbiteti!

RUNE TORKVEEN

  • Lokalpatriot med hang til gjærbakst i norgestoppen
  • Jælma begeistra for driftige reiselivsaktørar i Lom
  • Kunderådgjevar i Sparebank 1 Lom og Skjåk med Ottadalen som arbeidsområde
  • Kontakt: rto@sb1ls.no / 917 40 179

 

 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }