Vi bankar for Norddalen // Gjendebåten

Skippar i høg sjø

Blir du svimmel av Besseggen? Hald deg fast og les om Gjende-satsinga til Harald Rune Øvstedal.

Isande kald november piskar Gjendeosen kvit. Inne på breidda kjempar ein utsliten mann med gråten. Av glede. Bak Harald Rune Øvstedal ligg eit år som kunne grunnstøtt kven som helst. Utslitt og nedkjølt etter novemberdykk i Gjende, og inni ryggmargen letta over at nybåten til 20 millionar er berga på land for vinteren, kastar Gjende-skipparen eit siste blikk ut over fjellsjøen som har vore livet hans sidan han stabba rundt her med smokk.
– No gler eg meg alt som ein unge til neste sommar, gliser skipparen:

– Då kjem alt til å bli så lett!

VATN OVER HOVUDET. Etter fleire år med tankar, drøftingar, rekneark og tvil, tok Harald Rune Øvstedal i fjor sitt livs magedrag, ringde banken for å be om 20 millionar kroner i lån. Og fekk det.

­­– Som lokalbank for Nord-Gudbrandsdalen er vi ikkje nett vande med lånesøknadar i denne storleiken. Eller med å finansiere skipsreiarar. Men når ein kar som Harald Rune vil satse så tungt, så snur vi sjølvsagt alle steinar for å hjelpe han med sjøsetinga, seier fersk båtentusiast Nils Arne Haugen – av yrkestittel banksjef bedrift.

– Når du sit med 15 millionar i lån så er det veldig greitt å ikkje være nummer 357 i telefonkø. I staden har eg ein lokalbank som trur på meg, og føler at eg kjenner Nils Arne, seier Harald Rune.

Seilasen dei har lagt ut på kjem det til å gå gjetord om til Besseggen dett. 

sb1ls-gjendebaten-hytta

BØLGJA GÅR. I eit reiseliv på høggir er Gjendebåten sjølve dieselmotoren. I Norddalen bor drygt 13.000 menneske – på Gjende fraktar Harald Rune kvar sumar fem gonger så mange turistar. Ringverknadane er enorme, og i fjellet peikar alle piler oppover. Men livet som skippar i Noreg sitt høgste fjellområde er slett ingen leik.
– I år har bølgene slått i overkant høgt, vedgår hovudpersonen sjølv.
På dagen eitt år etter at faren til Harald Rune døde, kom skroget til katamaranen han ivra slik for å byggje, til Noreg. Dei neste månadene pendla ein fersk reiar med stupbratt læringskurve mellom fjellbygda Vågå og skipsverftet i Ålesund. Å konstruere ein katamaran for eit langt liv i høgfjellet er ikkje daglegdags for nokon, å styre vidunderet med joystick og datakamera er ein overgang for ein skippar oppvaksen med treratt. Transporten av den ferdige båten over fjellet frå Lærdal til Vågå, gjekk bortimot viralt. Vel framme synte det seg at skroget hadde fått ein potensielt fatal trøkk. 
– På slike dagar er det godt å ha eit dyktig lag rundt seg, seier Harald Rune.

BJUDA PÅ. «Vågå sine beste menn» har skippar Øvstedal døypt stormtroppen av solide hjelparar som i år har kopla inn sjettegiret for å berge skuta. Oppi alt saman gjekk bølgjene høgt og på heimebane. Brått var skipparen med sjølverklært «allergi mot data» blitt prosjektleiar for utvikling og lansering av ny, nettbasert billettbooking.
– Eg mislikar dette intenst, men gjer det du ber meg om, var meldinga då Harald Rune sjølv måtte «bjuda på» i virale filmsnutter for å få 60.000 passasjerar til å booke billett før dei drog til fjells.
– Aldri meir, humrar skipparen i dag.
Han sa det same då nybåten «Kåre Johan» – døypt i namnet til den legendariske skipparfaren – var trekt trygt på land langt ut i november.

BUKKERITTET. «Bukk fra luften, Bukk fra Bunden, stangedes i samme Stunden, saa at Skummet om oss klasked. Ja, der laa vi nu og plasked»: I ei scene Peer Gynt verdig, let ein nedkjølt og utslitt Harald Rune Øvstedal seg enno ein gong synke ned i Gjende. Full av adrenalin kjenner han kulda frå grønt brevatn bite gjennom dykkardrakta. Svøm nedover langs stålsvillene der den nye Gjendebåten skal bli trekt opp. Ser omrisset av det tre tonn tunge hjulunderstellet som har spora av i djupet, og gravemaskina som no balanserar ute i Gjende med førarhuset halvvegs fylt av isvatn for å berge konstruksjonen.

På eitt eller anna vis blir understellet manøvrert attende på skinner. I det Kong Vinter sjekkar inn på Gjende, er 20-millionersinvesteringa trygt på land. No kan «Kåre Johan» halde fram med å seile på Gjende i mange år – til glede for nye generasjoner fjellvandrarar og reiselivet i hele regionen. Og ein skipparsøn som Kåre Johan har all grunn til å være stolt over. 

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }