Vi bankar for Norddalen // Stryvo

INDUSTRIEVENTYRET

Dei sa Skjåk ikkje kunne gjere det. Så i Bismo gjer dei det. Sveisar skreddarsaum for offshorenæringa.

I eit industriområde like høgt over havoverflata som olja og gassen ligg under ho – krinsa av fjell, furuskog og fordomar om at slik næringsverksemd rett og slett er umogleg i steinrøysa. Der finn du industrihallane til Stryvo Bismo. Oljeleverandør i særklasse.

MOT NORMALT. – Dei driv med offshore i Skjåk. Det skal rett og slett ikkje gå an, humrar Sigbjørn Oppheim. 

Industrirådgjevaren i Sparebank 1 Lom og Skjåk trippar av iver over å vise oss inn i det aller heilagaste – produksjonshallen på Stryvo Bismo der fem prosessanlegg til oppdragsverdi
10 millionar om få dagar er klare for eit langt liv i oljenasjonen si teneste. Vi snakkar skreddarsaum utført med sveiseapparat, for levering til Heidrun-plattforma i Nordsjøen. Slik blir nok eit kapittel skrive i industrieventyret i Bismo – der Stryvo har suksessverksemdene Glasopor og Interfil som næraste naboar.

– Tre industriverksemder som alle representerer bransjar som ikkje naturleg høyrer heime i Skjåk, slår Oppheim fast:

– Det er derfor det er så himla artig å heie dei opp og fram.

EG FANN, EG FANN. Då gamle Bismo Industrier gjekk konkurs for snart fem år sidan, tok oljeeventyret bråslutt i Skjåk. Trudde dei fleste. Men eit knippe eventyrlystne askeladdar la i veg vestover med salsprospektet på minnebrikka på oppdrag frå kreditor Sparebank 1 Lom og Skjåk. Så snart dei nådde kysten, vart det napp.

– For oss i Stryvo som dei siste åra har vokse raskt frå basa i Stryn, var dette på mange vis å kome til dekka bord, fortel dagleg leiar Per Kåre Holmøy:

– Vi tok over industrihallane, maskinparken, brorparten av dei tilsette, og fekk spisskompetansen på kjøpet. 

 

I dag har Holmøy eit titals sveisarar, industrimontørar, platearbeidarar, elektrikarar og ingeniørar i sving i Skjåk øvst i Gudbrandsdalen. Arbeidskrafta er påliteleg, ordretilgangen solid og ingeniørkompetansen nyt heile konsernet godt av. Kort sagt: Holmøy skulle gjerne tilsett fleire gudbrandsdølar. 

TREDOBLING. – Gjennom etableringa i Skjåk har Stryvo fått solid innpass som leverandør til vasskraftindustrien, og opna nye marknader. Utfordringa i Norddalen er å få tak i nok fagfolk som kan utføre oppgåvene, seier Per Kåre Holmøy.

Til gjengjeld er ringverknadane av eitt par hender i arbeid enorme. Tommelfingerregelen seier at éin industriarbeidar gjev grunnlag for tre andre arbeidsplassar lokalt gjennom handel, transport og tenesteyting. Ikkje rart kundekontakt Sigbjørn Oppheim står fremst i heiagjengen.

SMÅDRIFTSFORDELAR. – Som lokal bank har vi fordel av å kunne snu oss kjapt og levere finansiering raskt fordi vi kjenner kundane våre så godt. «Smådriftsfordelar» kallar vi det,
humrar industrikontakt Oppheim - vel vitande om at Sparebank 1 Lom og Skjåk er kjerringa mot straumen i ei tid der andre bankar sentraliserer og skalerar opp.

For vestlendingen Per Kåre Holmøy som har leda Stryvo inn i kraftig vekst i austerled, er støtta frå lokalbanken øvst i Gudbrandsdalen nær gull verdt:

– Å ha ein bank som forstår kva vi driv med, er frampå og tilbyr fleksibel finansiering er over tid langt viktigare for vekstpotensialet i verksemda vår enn rentenivået, seier Holmøy – til samtykke frå kundekontakt Oppheim:

– Tru meg, det er alt anna enn enkelt å kommunisere med multinasjonale oljeselskap i Singapore.