Marianne sin tur - desember

sb1ls-turtips-yvonne2

Jettatur

Takk til Svein for utfordringa til neste turtips frå Fjellbanken. Turen til Steinbua som Svein så fint beskriv, er ein tur eg likar godt sjølv. Og med stor respekt for han som utfordra meg, vel eg å skrive mitt turtips på same målforma, som er mest likt mitt eige Vågåmål. 😊 

Sidan det no er i slutten av november, dagane er litt stutte og vi er i ein midt-i-mellom sesong, vel eg å invitere til ein tur til Jettfjellet. Jetta har eg nytta mykje dei siste åra, og likar meg godt der både til fots og på ski. Dette blir eit litt variert turtips frå dette området, alt etter som ein ynskjer ein stutt eller litt lengre tur, eller om turen skal passe for alle, både småe og store, sommar som vinter.

Jetta ligg ovanfor Vågåmo sentrum, på grensa mellom Vågå og Dovre. Du kjøyrer opp Øygardsvegen frå Vågå Hotel (bak Kiwi/krysset til Skogbygdsvegen) og opp til Øvre Sandbakken ca 2,2 km. Viare frå der, forbi nedlagde Jetta Skitrekk og Køyringje (ei seter) og til Jettjønn ca 4 km. 

Ved Sandbakken er det vegbom, og frå der kjøyring på eige ansvar. Det er bratt og delvis ganske smalt, så er det glatt føre anbefaler eg å parkere ved bommen eller evt ved skitrekkhuset litt lenger opp. Seinare på vinteren, når det er oppkjøyrde skiløyper og vegen er brøytt, er det fint å parkere ved Køyringje.

Når det som denne siste sondagen i november, med litt friskt vær og låg fin sol, enda ikkje er skiføre, er det fint å gå ein fottur frå Sandbakken til Jettjønn, og evt viare innover Blåhøvegen. Det er jevn stigning, og du blir god og varm til du kjem opp bakkane.

Ved Jettjønn flatar det ut, og frå der er det fint å gå til Jettsetra eller Austre Brånåhø (1330 moh), ein tur på ca 4 km. Lett terreng som passar dei fleste sommarstid, og som mange likar. Vil du gå lenger, kan du gå heilt til Dovre.  

Tek du vestover frå Jettjønn, kjem du til Gjetarbue og Vestre Brånåhø. Turen til Gjetarbue er elles ein fin skitur. Litt kupert og jevn stigning, med fin nedkjøring att til Jettjønn eller evt til Køyringje. Det er flott utsikt der du ser heile Jettfjellet, ned til Vågåmo, mot Nordheradsfjellet, Skogbygda, Heidalsmuen og innover mot Tessfjellet. Gjetarbue er open for alle som er på tur, og du kan fyre litt og eta nista di der før du renner deg ned att. 

Blåhø som ligg på 1617 moh, har på folkemunne utsikt til sju prestgjeld. Det er panoramautsikt til Jotunheimen, Reinheimen, Rondane og Snøhetta. Du kan kjøyre heilt til toppen sommarstid, om vinteren er det ein fin, og kanskje litt drug, skitur med start frå Køyringje. Det er vidt og ope terreng så det bør ikkje blåse særleg om du vel å gå til Blåhø på ski. 

Frå Vågåmo sentrum til Blåhø er det ca 15 km.   

Skagsnebb (1271 moh) er og ein kjent og kjær tur for mange, og den når du frå lenger innover Blåhøvegen, evt så kan du gå frå Vole (utsiktspunkt og hangliderutfart), litt utanfor parkeringsplassen ved Jettjønn. Det er bilveg heilt ut til Vole. Du kan og gå til Skagsnebb frå Skjellom via ‘Grevskaftbana’, men litt vanskeleg å finne startpunkt om du ikkje er lokalkjend. Er behjelpeleg med turbeskrivelse for den som er interessert. Bratt og fin tur som passar best i sommarhalvåret.

Med dette håpar eg at fleire finn det interessant med ein tur til Jetta, og ynskjer god tur uansett årstid!! 

Så vil eg sende utfordringa om eit turforslag viare til ein god kollega i Skjåk, Marte Løkken på PM Avdeling.

Fjellhelsing frå Marianne 

#jettatur
#fjellbanken

sb1ls-turtips-marianne8



{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }