Marte sin tur - januar

sb1ls-turtips-marte4

Tur til Tverrfjellet

Takk for utfordringa, Marianne! Vi er heldige som bur slik til at vi kan velje og vrake i turar rundt oss, uansett om det er ein lang tur over fleire dagar eller ein liten luftetur for heile familien.

For meg er det naturleg å velje ein tur i mi eiga heimbygd, Skjåk, og ein tur som ligg i mitt eige nærområde. Turen til Tverrfjellet er nok mest gått om sommaren, men så sant det ikkje er for isete og mykje snø går det fint an å ta turen om vinteren og. Turen kan tilpassast etter kor langt du ynskjer å gå. Den er merka frå Ofossen Mølle, rett ved RV15, eit par kilometer austafor kommunesenteret Bismo. Frå her er det merka over Lundahaugane, vidare opp langs elva Skjøli og vidare mot Lundadalen. Denne turen startar flatt før det blir meir stigning etter kvart, og den er ca 4 km lang. 

sb1ls-turtips-marte3

Om du ynskjer å korte ned turen, kan du i staden køyre av RV15 inn i Lundagrendi og deretter følgje skilting til Lundadalen. Køyr til du kjem til bommen som går vidare innover dalen. Ved bommen parkerer du og går ned att langs vegen om lag hundre meter. Her kjem du inn på stigen, som er den same som er skilta frå Ofossen Mølle, og du ser skiltet som syner at det er att èin kilometer til målet. Frå her er resten av turen ganske bratt. Det er godt merka, men om det er ein del snø er det ikkje sikkert at dei siste raudmerka steinane frå tregrensa og opp til skiltet er synlege. Om merkingane ikkje er synlege når du kjem ut av skogen, går du skrått opp og held til høgre et par hundre meter. Du ser skiltet, og postkassa, når du kjem opp og får utsyn over sentrum. Frå her har du god utsikt over Bismo og gardane som ligg på rekkje og rad nedst i dalføret. 

Når du står ved skiltet på Tverrfjellet står du på grensa inn til Breheimen nasjonalpark. Ser du mot sør ser du over til Lendfjellet og Lendbreen. Sistnemde er ein isbre kjend for mange arkeologiske funn som er gjort her dei siste åra. På andre sida av dalføret ser du over mot Aursjoen og Reinheimen nasjonalpark -eit område som er eit populært utgangspunkt for mange fjellturar og reinsjakt i den nordlege delen av Skjåkfjella. 

Til å dele neste turtips vil eg utfordre turglade Ingvard Olstad på avdelinga for daglegbank.

Fjellhelsing frå Marte 

#fjellbanken




{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn en gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Velg minst et av alternativene", "DROPDOWN_ERROR": "Gjør et valg i nedtrekkslisten.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Velg et alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn et gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fylles ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn et gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn et gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn et gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn et gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis mer informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgiver", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgave som venter på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgaver som venter på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgaver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikke nå", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "en", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din henvendelse", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 tegn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tall.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Velg land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du komme rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gang?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, husk banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikke nå", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal slippe å velge bank hver gang, bruker vi funksjonelle informasjonskapsler som lagrer hvordan du bruker nettsidene og hvilke innstillinger du har gjort." }