Dugnad for å førebygge kvitvasking

Norske styresmakter har bedt alle norske bankar om å sørge for at kundeinformasjon og legitimasjon er oppdatert.

Vi treng ny legitimasjon på mange kundar

For å hindre at norske bankar brukast som ledd i kvitvasking eller terrorfinansiering er det satt strenge krav til at banken har nødvendig informasjon om alle sine kundar. Dette er for kundane sin eigen sikkerheit. Med oppdatert informasjon er nemleg kundane våre beskytta mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet.

Har du fått melding om å framvise gyldig legitimasjon?

For deg som er kunde

Alle våre kundar som vi treng ny legitimasjon på blir kontakta. Kundane det gjeld blir kontakta puljevis. Årsaka er at vi dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på kunden sin identitet i vårt arkiv.

Har du fått brev, e-post eller SMS om å legitimere deg? Kom innom eit av våre bankkontor med gyldig legitimasjon.

Sjølv om det er fleire dokument som oppfyller kravet til gyldig legitimasjon ønsker vi at du som kunde legitimerer deg med pass. Dette fordi pass er einaste godkjente legitimasjon for utsteding av BankID. Med BankID kan du signere dokument og identifisere deg elektronisk.

Dette må du gjere

Dersom du har fått beskjed om at du må framvise pass eller annan gyldig legitimasjon har du seks veker på deg til å framvise dette.

For å gjere det enklare for deg, har SpareBank 1 Søre Sunnmøre utvida opningstider på kontora våre i Volda, Ørsta, Fosnavåg og Ulsteinvik kvar torsdag 08.00-18.00.

Kva skjer om du ikkje framviser gyldig legitimasjon?

Tilstrekkeleg legitimasjon er avgjerande for at din BankID/bankkort skal vere gyldig. Dersom vi ikkje har tilstrekkeleg informasjon, er konsekvensen på sikt at du som bankkunde mistar tilgang til sentrale tenester der du treng BankID for identifisering. Dette for å sikre at det ikkje blir misbrukt av andre.


Korleis kan du legitimere deg?


Ofte stilte spørsmål


Det å oppdatere kundeinformasjon og det å legitimere seg er to forskjellige ting. I enkelte tilfeller har vi behov for at du hjelper oss med begge deler. Kva krav som gjeld for deg står oppgitt i meldinga du mottek frå oss.

Slik oppdaterer du kundeinformasjon

Du har konto hos oss, men vi manglar dessverre tilstrekkeleg informasjon om deg. Du oppdaterer informasjon din ved å trykke på knappen under og loggar inn med BankID. Du blir då stilt nokre enkle spørsmål som det tek ca 1 minutt å svare på.


Krav til deg som er kunde

Ny privatkunde

Du må opplyse om namn, fødselsnummer eller D-nummer og fast adresse. Du må også vise pass eller ha BankID frå annan bank. I tillegg må du opplyse om:

  • formålet med kundeforholdet 
  • kvifor du ønsker å gjennomføre større transaksjonar
  • kvar pengane kjem i frå eller skal brukast til
  • du eller nokon har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet

Ny bedriftskunde

For nye bedriftskundar gjelder det same som for nye privatkundar. I tillegg må du opplyse om: 

  • foretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold.
  • det er privatpersonar, som aleine eller saman med nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigarandelar på meir enn 25 prosent, eller om nokon på annan måte kontrollerer verksemda.
  • Representantar for bedrifta eller personar med disposisjonsrett over bedrifta sine midlar, må legitimere seg samt dokumentere sin rett til å opptre på vegne av bedrifta.

Deg som allereie er kunde

Mange av våre kundar blir no kontakta av banken med beskjed om at vi trenger ny legitimasjon. Årsaka er at vi dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på kundenes identitet i arkivet vårt. Du må difor vere førebudd på å svare på spørsmål og framlegge gyldig legitimasjon.

Som bank må vi kunne dokumentere overfor styresmaktene at vi gjennomfører nødvendige kundetiltak av alle kundane våre.