Planlegg du å ha fleire enn fem tilsette, eller videreselje varer? Då må du òg registrere deg i Foretaksregisteret. Gjer du dette samtidig med Enhetsregisteret, kostar det 3883kroner til saman.
Det er ikkje noko krav om startkapital for å starte eit ENK. Likevel løner det seg å ha litt pengar i bakhand. For nesten alle som startar opp, dukkar det opp nokre utgifter tidleg, som kontorplass, utstyr og rekneskapsprogram.
Kort sagt: Det kostar ikkje mykje å komme i gang, men det er smart å planleggje litt før du startar.
Å starte eit aksjeselskap (AS) i 2026 kostar 6825 kroner i gebyr til Brønnøysundregistrene og at du har ein aksjekapital på minst 30.000 kroner.
Aksjekapitalen er pengar du set inn i bedrifta, som du kan bruke til å betale stiftelsessgebyret, kjøpe nødvendig utstyr, betale lønn til deg sjølv eller anna du treng for å komme i gang. Det eine du ikkje kan gjere er å ta ut pengane som utbytte.
Her er ei oversikt over kostnadene:
Stiftelsesgebyr: 6825 kr for elektronisk registrering (7912 kr på papir). Dette betalast til det offentlege.
Aksjekapital: Minimum 30.000 kr. Dette er ikkje ein utgift, men ein investering og bedrifta sin startkapital.
Ein forretningsidé er ei kort forklaring på kva du skal selje, kven du skal selje til og kvifor kundane skal velje deg. Den beskriver kva du vil tene pengar på og korleis du skapar verdi for kundane dine.
Ein god forretningsidé svarar på tre viktige spørsmål:
kva du tilbyr
kven kundane dine er
kva fordel dei får ved å velje deg
Når desse tre heng godt saman, har du eit godt utgangspunkt for å bygge ei levedyktig bedrift.
Forretningsidéen er ikkje berre noko du skriv éin gong og legg bort. Den hjelper deg å ta riktige valmoglegheiter undervegs, enten du skal utvikle tenesta di, setje prisar eller forklare kva du driv med til banken, investorar eller samarbeidspartnarar. Mange opplever òg at den gjer det lettare å vurdere om ideen faktisk kan bli lønsam i praksis.
Den fungerer rett og slett som eit kompass for bedrifta.
Døme på ein forretningsidé
«Vi tilbyr snekkertenester til huseigarar i Molde som ønskjer å pusse opp eller bygge nytt, og som vil vere trygge på at jobben blir gjort skikkeleg og til avtalt tid.»
I dømet ser du kva som blir tilbydd (snekkertenester), kven det er for (huseigarar/privatpersonar i Molde) og kva verdi kunden får (tryggleik, kvalitet eller mindre stress).
Kva er skillnaden på forretningsidé, forretningsmodell og forretningsplan?
Det er fort gjort å blande omgrepa, men dei handlar om litt ulike ting.
Forretningsidéen er kva du skal gjere, og for kven.
Forretningsmodellen beskriver korleis du skal tene pengar.
Forretningsplanen er ein konkret plan for korleis du skal drive bedrifta, med mål og tiltak for marknad, drift og økonomi.
Fast tilsetting er hovedregelen i norsk arbeidsliv. Då er arbeidskontrakta utan fastsatt sluttdato.
Fulltidsstilling og deltidsstilling er begge former for fast tilsetting. Forskjellen er at ein deltidstilsett jobbar færre timar per veke enn det som er vanleg for ein fulltidstilsett i bransjen. Som deltidstilsett har du dei same rettane og pliktene som ein fulltidstilsett. Om du har ei deltidsstilling har du fortrinnsrett til utvida stilling eller andre ledige stillingar du kvalifiserer til.
Midlertidige tilsettingar kan kun brukast ved klart avgrensa behov, som sesongarbeid, prosjekt eller vikariat. Ei midlertidig tilsetting kan bli fast tilsetting når ein har vore samanhengande tilsett i meir enn tre år.
Alle tilsette i Norge har krav på ein skriftleg arbeidsavtale, og denne skal vere utlevert senast éin månad etter oppstart.
Ei tydeleg og korrekt arbeidskontrakt er viktig for å unngå misforståingar og sikre eit godt arbeidsforhold. Du kan bruke malar frå Arbeidstilsynet eller få hjelp frå juridisk rådgjevar for å sikre at kontrakten oppfyller krava i arbeidsmiljølova.
Eit enkeltpersonforetak (ofte kalla ENK) er den enklaste måten å starte di eiga bedrift på.
Kort sagt betyr det at du og bedrifta er det same. Det er du som eig, driv og står ansvarleg – både juridisk og økonomisk. Du treng altså ikkje å opprette eit eige selskap som er skilt frå deg, slik som i eit aksjeselskap (AS).
For mange er dette ein enkel og grei måte å kome i gang på, særleg viss du vil teste ei idé eller starte i liten skala.
Hva betyr det i praksis?
Når du driv eit enkeltpersonforetak, er det du som privatperson som inngår avtaler, tar opp lån og betaler skatt. Det gir deg stor fridom til å styre sjølv, men betyr også at du har heile ansvaret.
Dersom verksemda går dårleg eller får gjeld, er det du personlig som må dekke det. Samtidig slepp du krav til startkapital, og det er mindre administrasjon enn i eit aksjeselskap. Du må likevel føre rekneskap og følge bokføringsreglane.
Kven passar enkeltpersonføretak for?
Enkeltpersonføretak passar godt dersom du vil starte åleine og ha ei enkel vei inn i det å drive for deg sjølv.
Mange vel denne forma når dei
vil teste ei forretningsidé før dei satsar større
jobbar som frilansar eller konsulent
har lave kostnader og låg økonomisk risiko
Det er ofte første steg for mange gründerar.
Fordelar og ulemper med enkeltpersonforetak
Den største fordelen er at det er enkelt å komme i gang. Du treng ikkje eigenkapital, og du slepp mykje av det administrative som følger med andre selskapsformer. Samtidig har du full kontroll over alle beslutningar.
Ulempen er at ansvaret òg ligg fullt og heilt på deg. Du er personleg ansvarleg for gjeld og forpliktingar, og overskuddet vert skatta som di eiga inntekt. I nokre bransjar kan òg eit enkeltpersonforetak opplevast som mindre formelt enn eit aksjeselskap.
Aksjekapital er pengane eller verdiane du må skyte inn når du startar eit aksjeselskap (AS). Det er den delen av eigenkapitalen som dannar det økonomiske grunnlaget for bedrifta.
Aksjekapitalen tilhøyrer bedrifta, ikkje deg som privatperson.
For å starte eit AS i Norge må aksjekapitalen vere minst 30.000 kroner.
Kva kan aksjekapitalen brukast til?
Du kan bruke aksjekapitalen i bedrifta til
etableringskostnader
å dekke husleige og programvarekostnader
å kjøpe produksjonsutstyr
å dekke kostnader til marknadsføring og sal
lønn, arbeidsgivaravgift og feriepengar
Kva kan du ikkje bruke aksjekapitalen til?
Du kan ikkje ta ut aksjekapitalen som utbytte, bruke den til private føremål eller anna som ikkje er til fordel for bedrifta.
Kva kan aksjekapital bestå av?
Aksjekapital kan vere
pengar (vanlegast)
eigendelar, som utstyr eller maskiner
Dersom aksjekapitalen er pengar, bekreftar banken innbetalinga. Dersom den består av andre verdiar, må ein revisor bekrefte verdien.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}