Bruke kredittkortet til reisene dine

Det er lurt å bruke kredittkortet når du bestiller ferieturen – då får du gratis reiseforsikring! Bruker du i tillegg kortet på sjølve reisa, får du fleire rettar og auka sikkerheit.

Mastercard til ferien

Fire grunnar til å betale med Mastercard for alt som har med ferien å gjere:

Derfor bør du bestille reisa med Mastercard

Når minst halvparten av reisa sine transportkostnader er betalt med kredittkortet, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring for deg og familien eller inntil tre medreisande.

Skulle nokon bli sjuke slik at reisa ikkje kan gjennomførast som planlagt, får du tilbake pengane for billettane, eller dekka ekstra kostnader ved ny heimreise.

Du får også hjelp om ein koffert forsvinn på vegen. Bagasje som blir borte eller forsinka er alltid kjedeleg. Reiseforsikringa i kredittkortet dekker utgifter til å handle det mest nødvendige. Alle som har opplevd dette, veit kva ein livredder det kan vere!

Booke ferien med SpareBank 1 Mastercard

Derfor bør du betale med kredittkortet på sjølve reisa

Om du skulle miste eller bli frastole kortet eller mobilen i løpet av ferien, er det kjekt å ha eit anna kort i bakhånd. Ta med både bankkort og kredittkort, men oppbevar dei ulike stader. Vi anbefaler at kredittkortet blir kortet du brukar på ferien, og at bankkortet blir reservekortet du legg i safen på hotellrommet.

Fordelar med å bruke kredittkortet framfor bankkortet på ferien:

  • Viss kortet kjem i gale hender, risikerer du ikkje å få kontoen din tappa.
  • Du får eigenandelsforsikring på leigebil inkludert så lenge du betaler leigeforholdet med kredittkortet. Då slepp du unna eigenandel på inntil 12.000 kroner viss uhellet er ute. Det kan vere nyttig, for sjølv berre ein steinsprut eller punktering kan fort koste skjorta.
  • Du slepp gebyr når du bruker kortet.
  • Du slepp gebyr på kontantuttak så lenge du vel lokal valuta.
  • Du er beskytta mot svindel og har betre klagemoglegheiter når du bruker kortet på fysisk utsalsstad. Det er du ikkje med bankkortet.

Tips: Legg inn kredittkortet ditt i Vipps

Med kredittkortet i Vipps nyt du alltid godt av fordelane med SpareBank 1 Mastercard – òg når du ikkje har med deg kortet!

Med Vipps som di digitale lommebok kan du betale med mobilen overalt i heile verda.

Tæpp med Vipps med SpareBank 1 Mastercard på ferie

På ferie i utlandet?

Betal i lokal valuta. Alltid.

Kredittkort frå SpareBank 1 – kort og godt trygt

Med kredittkort har du pengar i bakhand til gode tilbod eller utgifter som kjem brått på. Kortet er også smart å ha på reise og til netthandel.

Betaler du rekninga ved forfall, kjem det ingen ekstra kostnadar. Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.

Produktet vert levert av Kredittbanken ASA.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }