Har du oppdaga ukjente transaksjonar på kortet ditt? Er det trekt pengar frå kontoen din utan at du har godkjent det? Då kan du be om å få pengane tilbake med ein reklamasjon.
Ein reklamasjon er ei formell klage der du ber om å få refundert pengane for eit kjøp på grunn av feil eller manglar ved vara eller tenesta du har betalt for.
Vanlegvis reklamerer du hos leverandøren – altså den du har handla frå – men betalte du med kredittkort eller bankkort, kan du også rette kravet mot banken som har utstedt kortet.
Du kan også reklamere på overføringar av pengar frå kontoen din som du verken har utført eller samtykt til.
Når kan eg få pengar tilbake?
Det er grovt sett to ulike tilfelle der du kan ha rett til å be om pengane tilbake (eller som det formelt heiter: å ha berettiga krav på refusjon):
Du har blitt svindla gjennom at det er trekt pengar frå kontoen eller kortet utan at du sjølv står bak eller har godkjent transaksjonen/overføringa
Du har ikkje mottatt vara/tenesta du har betalt for, eller det er ein mangel eller feil knytt til kjøpet
Døme på tilfelle der du kan krevje å få pengane tilbake med reklamasjon
Vara er skadd eller øydelagt
Vara er ikkje som beskrive, du mottar for eksempel ein piratkopi
Du blir framleis trekt for abonnementet, sjølv om du har sagt det opp
Reisa blir kansellert av reisebyrået eller flyselskapet
Seljaren gjekk konkurs før du fekk varen/tenesta
Seljaren har belasta deg fleire gonger for same kjøp
Seljaren har ikkje betalt deg tilbake som avtalt, for eksempel ved retur av varer eller heving av kjøp
Seljaren respekterer ikkje vilkåra for retur av varen
For ukjente korttransaksjonar må du reklamere så snart du oppdagar transaksjonane. Også i saker der du er i ein tvist med seljar står saka di sterkare om du reklamere innan rimeleg tid.
I dei fleste tilfelle vil vi be om dokumentasjon på at du først har forsøkt å løyse saka med seljaren.
Ja, du kan reklamere enten du har brukt bankkort eller kredittkort, men for bankkort er bilde litt meir komplekst:
For reklamasjon på kjøp med bankkort er ikkje vi som bank pålagde å dekke tapet dersom vi ikkje vinn fram via Visa i ei eventuell tvistesak. Merk òg at for at banken i det heile tatt skal kunne ta reklamasjonen på ein bankkort-transaksjon vidare til Visa, må du ha brukt Visa-delen av kortet då du betalte, og ikkje BankAxept-delen – som er vanlegast for dei fleste kjøp i butikk i Noreg. Dette er fordi BankAxept ikkje har ein reklamasjonsløysing slik Visa og Mastercard har.
Heller ikkje for kjøp med kredittkort er vi nødvendigvis pålagde å dekke tapet, men her kjem finansavtalelova § 2-7 deg til unnsetning: Forenkla seier lova at du som forbrukar kan stille dei same krava til leverandøren av kredittkortet som du kan til seljaren. Slik er det ikkje med bankkort. Derfor kan ein seie at du er endå betre beskytta med kredittkort enn med bankkort.
Normalt vil du i løpet av eit par dagar få skriftleg tilbakemelding frå oss, som regel som ei melding i nettbanken. Du kan då bli bedt om å sende inn ytterlegare informasjon eller dokumentasjon. For at saka skal bli behandla så raskt som mogleg, er det viktig at du held eit auge med meldingar du får frå oss i nettbanken og svarer opp så snart du kan.
For enkelte typar reklamasjonssaker kan vi forskotere behandlinga og betale tilbake pengane til kontoen din før saksbehandlinga er ferdig: Sjølve prosessen med å kreve pengar refundert frå selgaren (brukarstaden) via Mastercard eller Visa kan ta tid. For å unngå at det økonomiske ansvaret blir liggande på deg i mellomtida, kan vi då refundere beløpet så snart vi ser at vi har fått all nødvendig informasjon eller dokumentasjon frå deg – sjølv om prosessen mot brukarstaden teknisk sett ikkje er fullført.
Merk at vi seinare kan kreve tilbake desse pengane og belaste kontoen din for det same beløpet. Du får i så fall beskjed om dette. Dette kan inntreffe for eksempel viss du likevel mottar vara i posten, eller viss selgaren vel å refundere beløpet direkte til deg.
Tvilsomme nettbutikker kan operere med lokketilbud – for eksempel ein prøveperiode eller ei kraftig nedsett tilbudsvare – der du som kunde betalar eit lite beløp og samstundes uvitande samtykker til eit abonnement.
Dersom selgaren ikkje tydeleggjorde vilkåra for oppretting av abonnement då du betalte, kan du reklamere på dei automatiske trekka som har kome i etterkant.
Dersom ein festival eller eit anna arrangement går konkurs, kan du reklamere via banken, forutsatt at du betalte billettane med kredittkort eller bankkort.
Hugs å legge ved dokumentasjon både på sjølve konkursen og at du har forsøkt å krevje tilbake pengane frå arrangør eller bobestyrar.
Merk at reklamasjonen kun gjeld billettpengene, og ikkje for eksempel utgifter knytt til reise og overnatting.
Er det ei pakkereise der turoperatøren har lagt opp til å nytte eit flyselskap som no er konkurs, må du ta kontakt med turoperatøren som ordnar med ny transport eller refunderer pengane. Dersom det er sjølve turoperatøren som er konkurs, melder du kravet til reisegarantifondet. Får du avslag hos reisegarantifondet, eller dei bruker meir enn 30 dagar på å behandle saka, kan du reklamere hos oss.
Er det ein enkeltreise, og du har betalt med kredittkort eller bankkort, kan du sende inn ein reklamasjon til oss.
Det kan kanskje verke litt rart at du med reklamasjon kan få pengar tilbake frå oss for noko som kan synes ikkje å ha noko med oss å gjere, enten det gjeld ukjente transaksjonar eller ein feil med ei vare du kjøpte i butikken. Grunngjeving er litt ulik basert på om du sjølv har stått for transaksjonen eller ikkje:
Når du betalar med kortet ditt, er det lett å tenke at dette er ei sak berre mellom deg og seljaren, men vi som bank er i høgste grad ein part i transaksjonen: Vi formidlar ikkje berre pengane, men garanterer faktisk betalinga overfor seljaren. Til gjengjeld forpliktar seljaren seg til å følge visse regler, inkludert å handtere reklamasjonar etter regelverket. Det inneber mellom anna at seljaren er pålagd å tilby refusjon ved gyldige reklamasjonar. Overheld ikkje seljaren dette, kan du kreve refusjon direkte frå oss. Om du har rett på refusjon, får du pengane tilbake frå oss, mens vi vil forsøke å få dekka våre utlegg frå seljaren. Viss det ikkje går, er det vi – og ikkje du – som tar tapet.
Ved ukjente transaksjonar, altså transaksjonar som du meiner du sjølv ikkje har godkjent, er hovudregelen at vi som bank er ansvarleg for tapa. Derfor kan du reklamere til oss for ukjente transaksjonar. Bevisbyrden ligg hos banken, som det heiter, noko som inneber at vi må documentere at transaksjonen var autentisert, korrekt registrert og ikkje ramma av teknisk svikt.
Samla sett gjer reklamasjonsmoglegheitene deg sterke rettar. Regelverket for reklamasjon er laga nettopp for å beskytte deg som kunde, og for å oppretthalde tilliten til elektroniske betalingstenester i samfunnet.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}