Kredittkort
Med Mastercard frå SpareBank 1 får du
Med Mastercard frå SpareBank 1 får du
Prisdøme: Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.650, og du betaler totalt 16.650 kroner.
Eit kredittkort er eit betalingskort som ikkje er knytt til nokon av kontoane dine. I staden låner du pengar frå banken kvar gong du bruker kortet. Betaler du heile kortrekninga i tide, slepp du å betale renter på lånet.
I tillegg gir kredittkort deg ei rekke fordelar som tryggare netthandel, tryggare kortbruk i utlandet og reiseforsikring.
Bruker du kredittkort, får du ei tryggare reise. Stikkord her er inkludert reiseforsikring og auka beskyttelse mot svindel.
Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.650, og du betaler totalt 16.650 kroner. Produktet blir levert av Kredittbanken ASA.
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
For å få usikra kreditt hos oss må du vere over 18 år og ha norsk fødselsnummer. Du kan ikkje ha betalingsmerknadar.
Minst halvparten av transportkostnaden for reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar – familie eller andre medreisande – er forsikra.
Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt heile leigeforholdet med kredittkortet.
Du melder skade her. Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakte Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.
Du vil få faktura ein gong i månaden så lenge du har brukt kortet. Den inneheld kjøp du har gjort siste periode. Har du til dømes forfall den 15. februar, vil alt du har brukt i januar kome med på fakturaen. Bestiller du eFaktura i nettbanken, unngår du fakturaomkostningar.
Kredittbanken ASA (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar.
Ei nærare skildring av kortutstedar og banken si behandling av personopplysningar finn du under personvern.
Du kan kontakte personvernombodet i Kredittbanken på personvern@kredittbanken.no om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Då kan du krevje refusjon og få tilbake pengane dine ved å sende inn eit reklamasjonskrav.
Erfaringar og råd frå tre kundar som opplevde svindel:
Eksklusive tilbod til deg som har kredittkort frå SpareBank 1:
Du som har Mastercard frå SpareBank 1 får i utvalde periodar eksklusive spesialtilbod på konsertar og Arrangement.
Gjennom Mastercard Priceless får du som har kredittkort frå SpareBank 1 også tilgang til Mastercard Presale-billettar og Mastercard Preferred-billettar til ein rekke konsertar og opplevingar i både inn- og utland.
Stadig fleire føretrekk å betale i butikken med mobiltelefonen. Alle våre kort kan brukast til mobilbetaling på både iPhone og Android – i Norge og utlandet.
Vel di digitale lommebok og kom i gang:
I mobilbanken kan du enkelt
Om du ikkje hugsar koden på kredittkortet ditt, finn du den under menypunktet Kort i din mobilbank eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Du kan betale inn på kredittkortet når som helst, ikkje berre når du får faktura.
I mobilbanken: Vel kredittkortet ditt i oversiktsbildet. Trykk på knappen Val og deretter Innbetaling til kredittkort.
I nettbanken: Gå til kredittkortet ditt under menypunktet Kort. Klikk på Innbetaling til kredittkort.
I nett- og mobilbanken kan du sjølv justere kredittgrensa etter behov. Gå inn på kredittkortet, trykk på Val og deretter Endre kredittgrense. Du kan alltid redusere kredittgrensa di. Viss du har behov for å auke den, må du fylle ut ein kjapp søknad, og så sjekkar vi om vi kan tilby deg auka kreditt. Kreditten blir tilgjengeleg så fort søknaden er godkjendt.
Utlånsforskrifta avgrensar for kor mykje lån du kan ta opp, blant anna basert på kor mykje gjeld du har frå før. Her reknast heile kredittramma på kortet ditt som gjeld, anten du har brukt av den eller ikkje. Difor kan det vere lurt å passe på at du ikkje har høgare kredittgrenser enn du treng , spesielt viss du for eksempel planlegg å kjøpe bustad. Hugs då spesielt på nedbetalte handlekontoar og ubrukte kredittkort.
PS: Har du handlekontoar og kredittkort fleire stader og ikkje oversikt over kva kredittgrense du har på dei ulike korta? Sjekk artikkelen Sjå alle kredittkorta dine og forbrukslån i mobilbanken, så har du full oversikt på under fem minutt.
Viss du har mista eller blitt fråstole kredittkortet ditt, må du sperre kortet så raskt som mogleg for å begrense mulegheita for svindel. Etter 48 timar vil vi automatisk sende deg eit nytt kort i posten. Dersom du før dette finn igjen kortet, og du er sikker på at ingen andre har hatt tilgang til det i mellomtida, kan du oppheve sperra på same stad som du sperra kortet.
Viss kredittkortet ditt berre er øydelagt og ikkje fungerer lenger, kan du kontakte oss på 57 82 97 00 for å erstatte kortet med eit nytt. Du kan også velje å sperre kortet for å få tilsendt eit nytt, men merk at du då vil få nytt kortnummer.
Det kostar deg ingenting å få erstatta ditt gamle kredittkort.
Vi har bytt ut «Mastercard» med «Kredittkort» i namnet på dei fleste kredittkorta våre som eit første teikn på at vi i løpet av første halvår 2027 byter frå Mastercard til Visa som betalingsnettverk for kredittkorta. Kortet ditt fungerer akkurat som før, ingenting anna enn produktnamnet er endra.
Du vil få meir informasjon om byttet frå Mastercard til Visa når det nærmar seg.
Kredittkorta våre kjem frå Kredittbanken. Fakturaen får du òg frå dei. Har du spørsmål om kortet eller fakturaen, kontaktar du SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no