Treng du å skilje mellom den private økonomien din og jobbutlegg? Eller kanskje du vil dele eit kredittkort med sambuaren? Då kan det vere lurt å ha to kredittkort.
Når er det lurt med fleire kredittkort?
Når du vil dele kredittkortet ditt med nokon
- Det kostar ikkje noko å bestille tilleggskort til sambuar, ektefelle eller ein venn.
- Saman får de betre kontroll på utlegg i kvardagen.
- Du står som hovudansvarleg med full oversikt og betalingsansvar.
Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.650, og du betaler totalt 16.650 kroner.
Når du skal ha orden på jobbrelaterte utlegg
- Med eit eige kredittkort separat frå privatøkonomien får du betre oversikt og orden på utlegg og reiserekningar.
- Du sparer tid og gjer det enkelt å skrive reiserekning
- Det kostar deg ikkje noko å skaffe deg eit ekstrakort, og kortet har dei same vilkåra som ditt ordinære Mastercard
Effektiv rente 26,2 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.650, og du betaler totalt 16.650 kroner.
Tilleggskort
- Med eit tilleggskort deler du kredittramma og fordelane i kredittkortet med til dømes andre i husstanden. Gjer det enklare å få oversikt og dele felles utgifter
- Du kan ha inntil 5 tilleggskort.
- Den som skal ha tilleggskortet må vere over 18 år, men treng ikkje å vere kunde hos oss.
- Du som eig eit Mastercard hos oss søker om tilleggskort i nettbanken eller mobilbanken. Når du har logga inn trykker du på kredittkortet ditt, deretter Fordelar og Tilleggskort
- Den personen som skal ha tilleggskortet vil deretter bli kredittvurdert.
- Både du som er korthaldar og tilleggskorthaldar må signere avtale om tilleggskort.
- De får begge beskjed både på SMS og e-post når kortet er innvilga.
- Du er økonomisk ansvarleg for bruken av tilleggskortet
- Hovudkort og tilleggskort har felles kredittgrense
- Du som er korthaldar blir fakturert for all bruk, også det som tilleggskorthaldar har brukt
- Du ser alle betalingane som er utførte, både med eige kort og på tilleggskortet
- Du kan når som helst avslutte eit tilleggskort
Personen som har tilleggskortet kan:
- Sjå oversikt over disponibelt beløp (ikkje saldo eller kredittramme)
- Sjå oversikt over eigne transaksjonar
- Ha moglegheit til å overføre frå kort til konto med gebyr
- Melde reklamasjonssak på eigne transaksjonar
- Sperre tilleggskortet
- Ha tilgang til å vise PIN-kode for tilleggskortet
- Sette regionsperre for tilleggskortet
- Dersom tilleggskorthaldar har bankkort i SpareBank 1, vil tilleggskortet få same PIN-kode som bankkortet.
- Viss tilleggskorthaldar ikkje har bankkort i SpareBank 1, vil han/ho få ein tilfeldig valt PIN-kode.
- Tilleggskorthaldar kan gå inn i SpareBank 1 nettbanken sin eller mobilbank og finne PIN-koden sin der, uavhengig om han/ho har nettbankavtale i SpareBank 1 eller ikkje.
Kredittkort Extra
- Med Kredittkort Extra har du eit ekstra kredittkort i bakhand, som passar godt viss du ønskjer å skille reiserekningar og jobbutlegg frå dine eigne private utgifter.
- Kortet kan nyttast som reservekort, til dømes på reiser og feriar. Dersom du skulle miste eller bli fraståle kortet du vanlegvis brukar, slik at du må sperre det, kan du bruke Kredittkort Extra som nødkort.
- Det ekstra kredittkortet har same vilkår og fordelar som ditt vanlege Mastercard.
- Maksimal kredittgrense er 150.000 kroner.
- Treng du også ekstra kort til andre enn deg sjølv på same avtale? Då kan du bestille eit tilleggskort.
- ID-tyveriforsikring (25 kr/md)
Kva lurer andre på?
Du kan bestille til den du vil, til dømes ektefelle, sambuar, familie eller venner. Vedkommande må vere over 18 år.
Tilleggskort kan berre bestillast til andre personar enn deg sjølv.
Sjå Kredittkort Extra hvis du ønsker eit ekstra kredittkort til deg sjølv.
Du vil ha oversikt over all bruk, både av ditt eige kort og tilleggskort. Den du har gitt tilleggskort til vil berre sjå sin eigen bruk.
Vi har bytt ut «Mastercard» med «Kredittkort» i namnet på dei fleste kredittkorta våre som eit første teikn på at vi i løpet av første halvår 2027 byter frå Mastercard til Visa som betalingsnettverk for kredittkorta. Kortet ditt fungerer akkurat som før, ingenting anna enn produktnamnet er endra.
Du vil få meir informasjon om byttet frå Mastercard til Visa når det nærmar seg.
Kredittselskapet vårt er Kredittbanken
Kredittkorta våre kjem frå Kredittbanken. Fakturaen får du òg frå dei. Har du spørsmål om kortet eller fakturaen, kontaktar du SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no