Mastercard Platinum
Mastercard Platinum er vårt eksklusive kredittkort med ei rekke unike fordelar.
Kortet kan ikkje bestillast sjølv, men tilbydast direkte av bankrådgjevar.
Mastercard Platinum er vårt eksklusive kredittkort med ei rekke unike fordelar.
Kortet kan ikkje bestillast sjølv, men tilbydast direkte av bankrådgjevar.
Prisdøme: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner.
Utsteding av Platinum-kort er avhengig av ei kredittvurdering. Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Produktet er levert av Kredittbanken ASA.
*Når du nyttar kortet i utlandet eller til uttak av utanlandsk valuta, blir beløpet omrekna til norske kroner. Kursen du får er Mastercard sin kurs på oppgjersdag pluss eit valutapåslag på 2 %.
Kortet er produsert av resirkulert plast.
Flyplasslounger
Med Mastercard Platinum har du ein digital nøkkel, LoungeKey, som gir deg tilgang til lounger på flyplassar over heile verda. Vi gir deg 2 gratis loungebesøk kvart einaste år. Du kan nytte desse anten som enkeltståande besøk eller som eitt besøk med reisefølge. Tilgangar ut over 2 gratis besøk kostar 37,5 USD i Norge og 35 USD i utlandet, og blir belasta kredittkortet ditt. Hugs å registrere deg i LoungeKey-appen eller på loungekey.com/sparebank1 i forkant av loungebesøket.
Om reiseforsikringa
Minst halvparten av transportkostnaden til reisa må vere betalt med kredittkortet. Forsikringa gjeld reiser med varigheit innanfor 90 dagar. Inntil fire personar – familie eller andre medreisende – er forsikra.
Du er dekt av eigenandelsforsikringa på leigebil når du har betalt heile leigeforholdet med kredittkortet.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Ved akutt sjukdom eller ulykkesskade kontakt Tryg Alarm på +47 24 24 07 41 eller trygalarm@tryg.no. Tryg Alarm har eigne legar og kontakt med sjukehus og legekontor over heile verda.
Med kjøpsforsikringa inkludert i ditt Mastercard Platinum kan du få tilbake pengane viss vara blir heilt eller delvis skada eller går tapt. Gjeld ved ulykkesskade eller tjuveri. Dekker varer, gjenstander og kunst betalt med kredittkortet.
Du kan òg ringe Tryg på +47 55 17 19 46.
Du vil få faktura ein gong i månaden så lenge du har brukt kortet. Den inneheld kjøp du har gjort siste periode. Har du til dømes forfall den 15. februar, vil alt du har brukt i januar kome med på fakturaen. Bestiller du eFaktura i nettbanken, unngår du fakturakostnader.
Kredittbanken ASA (kortutstedar) er behandlingsansvarleg for dei personopplysningane som blir behandla med grunnlag i avtaleforholdet med korthaldar.
Ei nærare skildring av kortutstedar og banken si behandling av personopplysningar finn du under personvern.
Du kan kontakte personvernombudet i Kredittbanken på personvern@kredittbanken.no eller på telefon +47 73 88 44 26 om du har spørsmål rundt personvern og bruk av personopplysningane dine.
LoungeKey er ein digital nøkkel som gir deg tilgang til over 1.600 lounger på flyplassar, i Norge og over heile verda.
Vår Concierge-teneste kan hjelpe deg med mellom anna reisetips, hotellbestillingar, billettar til arrangement og mykje meir.
Kontakt Concierge Service
Frå Norge: +47 80 03 14 05
Frå utlandet: +47 24 00 46 32
E-post: mastercard.no-eu@tengroup.com
Tenesta er kostnadsfri – du betaler kun for billettar, reservasjonar eller andre utgifter som belastar kredittkortet ditt.
Med ID-tjuveriforsikring får du
Forsikringa kostar 25 kroner i månaden, og du kan slå den av og på når du vil. Les meir om forsikringa.
Eksklusive tilbod til deg som har kredittkort frå SpareBank 1:
Du som har kredittkort frå SpareBank 1 får i utvalde periodar eksklusive spesialtilbod på konsertar og arrangement.
Gjennom Mastercard Priceless får du som har kredittkort frå SpareBank 1 også tilgang til Mastercard Presale-billettar og Mastercard Preferred-billettar til ein rekke konsertar og opplevingar i både inn- og utland.
Stadig fleire føretrekk å betale i butikken med mobiltelefonen. Alle våre kort kan brukast til mobilbetaling på både iPhone og Android – i Norge og utlandet.
Vel di digitale lommebok og kom i gang:
Kredittkortet ditt har same kode som dei vanlege bankkorta dine hos oss. Har du LOfavør Mastercard, er PIN-koden den du valde då du bestilte kortet.
Viss du ikkje hugsar koden, finn du han under menypunktet Kort i mobilbanken din eller nettbank. Vel det aktuelle kortet, klikk på Val og deretter Vis PIN-kode.
Du kan betale inn på kredittkortet når som helst, ikkje berre når du får faktura.
Mobilbanken. Vel kredittkortet ditt i oversiktsbildet. Trykk på knappen Val og deretter Innbetaling til kredittkort.
I nettbanken: Gå til kredittkortet ditt under menypunktet Kort. Klikk på Innbetaling til kredittkort.
Ja, du kan betale fakturaer direkte frå kredittkortet.
Du kan også overføre pengane frå kredittkort til konto. Ver oppmerksam på at reiseforsikringa i kredittkortet ikkje gjeld dersom du overfører pengar til konto for å betale ei reise.
Ja. Vel Overføre, og vel deretter kredittkortet ditt som stad du skal overføre frå.
Pengane blir tilgjengeleg på valt konto med ein gong du har overført.
Merk at tenesta kostar 25 kr + 1 % av beløpet.
Om det kostar noko som helst, avheng av om du tar ut pengane i Norge eller utlandet, og om du tar ut i lokal valuta eller ikkje:
Kontantuttak i utlandet som blir belasta i norske kroner blir prisa som kontantuttak i Norge, og kostar med andre ord 40 kr + 1 % av beløpet. Ta derfor alltid ut i lokal valuta, så slepp du gebyr frå oss.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no