Ved sal av bilen vil bilforsikringa bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer salsmeldinga. Dette gjeld også viss bilen blir registrert som vraka eller meldt stolen.
Avregistrering av bilen
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes ikke av Ansvar
Dersom du avregistrer bilen din, vil forsikringa automatisk gå over til ein lagringsforsikring, der du slepp å betale trafikkforsikringsavgift og for ansvarsdekninga. Prisen vil også bli lågare.
Kva dekker forsikringa?
Ansvar
Dekkes av Toppkasko
Dekkes av Kasko
Dekkes av Delkasko
Dekkes av Ansvar
Ansvarsforsikring er lovpålagt å ha når du eig ein bil som blir brukt på vegen. Den dekker skade på personar, og skader du påfører andre personar sine køyretøy, eigedom og eigedelar.
Du får veghjelp ved små og store problem, anten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, vil bilen bli frakta til nærmaste verkstad.
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester.
Maskinskade er tilfeldig og plutseleg mekanisk skade på motor, girkasse, drivverk, høgvoltsbatteri og ladeenhet. Maskinskade gjeld fram til bilen blir 10 år (maks 250.000 km).
Du vel eigenandelen sjølv når du kjøper kasko eller toppkasko. Viss du vel ein høgare eigenandel vil du få ein billegare forsikringspris. Nokre eigenandelar er imidlertid faste.
Vi belønner deg som samlar forsikringane hos oss. Du kan få inntil 15 % samlerabatt på skadeforsikringane dine. Er du i tillegg bankkunde, får du 5 % i ekstra rabatt.
Nokre mindre skadar kan det lønne seg å betale sjølv, viss eigenandelen og bonustapet blir dyrare enn reparasjonen. Er du bilforsikringskunde hos oss får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade.
Har du forsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Det er ikkje til å stikke under ein stol at elbilen bruker meir straum jo meir den veg. For å redusere vekt bør du rydde vekk all bagasje som du ikkje treng å ha med på køyreturen. Har du skiboks eller takgrind som du ikkje bruker, hjelper det å ta dette ned.
Når du slepp gassen vil dei fleste elbilar automatisk bremse litt. Dette for å regenerere energi til batteriet. Mange elbilar gir deg moglegheita til å justere kor mykje motstand og energi som skal regenererast.
Viss du skal på lengre bilturar utan særleg høgder kan det vere lurt å skru ned motstanden, slik at bilen rullar mest mogleg utan motstand. Mens ved bykøyring og køyring med større høgdeforskjellar vil det vere lurt å skru denne opp for å få tilført energi til batteriet framfor mykje oppbremsing.
Om vinteren går ofte mykje av straumen til å varme opp bilen. Bruker du vifta/klima-anlegget til å varme opp bilen, bruker dette mykje meir straum enn for eksempel rattvarme og setevarme. Kler du deg godt kan du køyre behageleg sjølv med låg temperatur.
Eit tips er å forvarme bilen via ladekabelen eller bruke kupévarmar før lengre turar. Dette kan også bidra til å varme batteriet, noko som kan gjere at det bruker mindre straum.
Om sommaren er det betre å opne vindauga enn å bruke air condition dersom du ønsker å ha lengst mogleg rekkevidde.
Hugs at du trygt kan bruke radioen, lade mobilen eller la passasjerane bruke leselyset utan at dette har noko nemneverdig å seie for batterikapasiteten.
For å utnytte rekkevidda mest er det køyrestilen din som har størst påverknad. Er du flink til å lese trafikkbilete og vegen, kan du utnytte dette på fleire måtar. Dersom du ser at du er nøydd til å stoppe eit stykke framme kan du sleppe gassen tidleg og rulle med motstand. Då slepp du å kaste bort opparbeidd energi på å bremse. Ved å bygge opp fart i forkant av ei oppoverbakke, kan du redusere akselerasjon når du er på veg oppover.
Høg fart betyr høg luftmotstand, som er den største rekkeviddefienden. Ved å velje landvegen framfor motorvegen kan du spare mykje straum, så sant distansen er nokolunde den same.
Har du for lite luft i dekka blir det meir motstand i hjula og bilen bruker meir straum. Sørg derfor for å sjekke at du har riktig lufttrykk når du skal ut på tur med bilen.
Ja, det er ulovleg å lade elbilen i vanleg stikkontakt, med mindre:
Det er nødlading.
Du installerte fast ladepunkt eller industrikontakt før 1. januar 2023, som fylgde krava frå DSB.
Det nye regelverket som blei innført 1. januar 2023 kallast for NEK 400. Regelverket går ut på at det krevjast ladeboks med type 2-kontakt ved nyinstallasjon for fast lading av elbil. Reglane gjeld både heime og på hytta, for både el- og hybridbilar.
Avkorting på forsikringa
Dersom du ladar elbilen din heime med vanleg stikkontakt utan å følge krava frå DSB (Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap), kan du få avkorting på forsikringa dersom det oppstår brann.
Det kan også vere greitt å vite at vanlege stikkontaktar ikkje er designa for å handtere den høge effekten lading av elbil krev. Elbilar trekk mykje straum kontinuerleg og over lengre tid, noko som kan overbelaste leidningsnettet til stikkontakta. Dersom leidningsnettet er gammalt eller ikkje dimensjonert for å takle den høge belastninga, kan det oppstå varmgang og i verste fall føre til brann. Det kan vere greitt å vere merksam på at ein brann som regel vil starte inne i huset der sikringsskapet er, og ikkje i sjølve bilen eller ladaren.
Plasser bilen slik at den ikkje skapar farlege situasjonar i trafikken.
Sett på varsellys/nødlys.
Ta på deg refleksvest.
Sett ut varseltrekant.
2. Bestill veghjelp Bestill veghjelp digitalt, eller ring Fremtind Forsikring på (+47) 915 02300. Veghjelp har ope 24 timar i døgnet. Har du ny bil, kan det hende du er dekt av mobilitetsgarantien til bilforhandlaren/verkstaden din. Du kan også vere dekt gjennom medlemskap i NAF. Er du dekt kontaktar du dei direkte, så slepp du eigeanndel.
Når du bestiller veghjelp digitalt tar det som regel kortare tid å få hjelp, då du slepp å stå i ei eventuell telefonkø. I tillegg får vi lettare innhenta opplysningar om blant anna posisjonen til køyretøyet ditt.
3. Mens du ventar Etter du har bestilt veghjelp vil du motta ein SMS med bekrefting om at bilbergar er på veg, med informasjon om telefonnummeret til bilbergaren, forventa ankomsttid og moglegheit for å følge med på bergingsbilen undervegs.
Kjedelig å vente på veghjelp? Bruk tida på å sjekke om du er riktig forsikra. Vel di livsfase og sjå kva andre i same situasjon har valt.
4. Når veghjelpa kjem Bilbergingsselskapet vil forsøke å fikse bilen din på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til næraste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Må bilen på verkstad, må du melde skade på køyretøyet så raskt som mogleg. Viss du treng leigebil vil du òg få hjelp med dette.
5. Ta vare på kvitteringar Ta vare på kvitteringar og dokumentasjon for eventuelle ekstrautgifter du har hatt i samband med bilberginga. Du kan søke om refusjon av billigste transport heim. Dersom du har brukt ei anna veghjelpsteneste enn vår samarbeidspartner SOS veghjelp, må du legge ut for heile rekninga sjølv. Du får dette refundert minus eigenandel, når du melder sak hos Fremtind.
Kva kostar veghjelp og bilberging? Prisen på veghjelp er eigenandelen, som er 750 kroner, med mindre det står noko anna i forsikringsbeviset ditt. Eigenandel må betalast så lenge du har delkasko, kasko eller toppkasko, i heile Europa. Viss du kun har ansvarsforsikring på køyretøyet, må du betale full pris for veghjelp (med mindre du er dekt av medlemskap eller annan type forsikring).
Har du kasko (med leigebil som tilval) eller toppkasko får du også leigebil, viss du skulle trenge det i samanheng med veghjelpa og reparasjon.
Kva kan eg få hjelp med? Du får veghjelp ved små og store problem, enten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla – heile døgnet, heile året. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til nærmaste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Du får hjelp ved til dømes:
Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester. Dei hjelper deg enten det gjeld bil, motorsykkel eller lastebil.
Kva anna er eg dekt for? Du kan òg vere dekt for meirutgifter som til dømes:
påfylling etter å ha køyrt tom for drivstoff
utgifter til heimreise, med rimelegaste kommunikasjonsmiddel
(eller utgifter til avgjerdsstad i staden for heimreise, så lenge det er rimelegare enn heimreise)
transport av tilhengar som er med på turen (er det berre hengaren som er skada vil berre den bli frakta til verkstaden, men då må hengaren ha eiga forsikring)
Veghjelpsbevis
Tidlegare trengde du eit veghjelpsbevis for å vise bilbergaren at veghjelpa var dekt av forsikringa. No skjer alt automatisk når du oppgir registreringsnummeret på køyretøyet til bilbergaren.
Ja, du kan endre køyrelengda opp eller ned for bilforsikringa di når du sjølv ønsker.
Privatperson? Logg inn i «mine forsikringar», og vel bilen du ønsker å endre køyrelengde for. Der kan du endre køyrelengde og berekne ny pris på bilforsikringa. Ønsker du å oppdatere kilometerstand, kan dette gjerast ein gong i året.
Bedrift? Logg inn til «mine bedriftsforsikringar», og endre kjørelengde og oppdatere kilometerstand for de bilane du ønsker.
Har du køyrt over valt køyrelengde? Logg inn og juster køyrelengda opp. Det er viktig å følge med på at du ikkje køyrer lengre enn den køyrelengda du har sett. Erstatninga kan bli redusert dersom du har køyrt lengre enn avtalt og det skjer ein skade.
Bonus på bilforsikringa kan berre arvast eller delast mellom gifte, sambuarar og partnarar. Det vil sei at barn ikkje kan arve bonusen til sine foreldre. Hjå oss er startbonusen også den høgaste i marknaden - på 60 %. Les meir om reglane for bilforsikring og bonus.
Viss bilen blir køyrd av nokon under 23 år må dette stå i forsikringsavtalen for bilforsikringa. Det er fordi det er større sjanse for uhell når ein er under 23 år, som vil påverke prisen noko. Forsikringa kan bli avkorta viss dette ikkje står i avtalen og det skjer ei skade.
Er du usikker på kva som står i forsikringsavtalen din kan du sjekke dette i «mine forsikringar», eller i mobilbanken/nettbanken.
Endre sjåfør under 23 år Ønsker du å endre slik at personar under 23 år kan køyre bilen din? Endre dette sjølv ved å logge inn til mi bilforsikring og velje «endre forsikringa». Når du endrar til «sjåfør under 23 år», kan du ikkje endre tilbake før det har gått 3 månader.
Lærekøyre? Skal de ut å lærekøyre treng de ikkje registrere førar under 23 år. Per definisjon er det den som sit i passasjersetet og gir opplæring som er førar av bilen når ein lærekøyrer.
1. Tenk på sikkerheit først Sett på varsellys. Ta på deg refleksvest. Sett ut varseltrekant.
Ved personskade: Ring ambulanse 113
2. Dokumenter hendinga Om andre køyretøy er involvert i hendinga:
Noter namn og telefonnummer til eventuelle vitne.
Ta gjerne bilete av skaden og kollisjonsstaden.
Fyll ut skademeldingsskjema. Konsentrer dykk om kva som har skjedd, ikkje kven som har skuld. Om du ikkje har skadeskjemaet i bilen, beskriv og teikn så nøyaktig som mogleg kva som har skjedd og noter all kontaktinformasjon.
Ved konfliktar tilkall politiet på 02800.
Er du uenig i kva som kjem fram i skademeldinga, merk og beskriv dette i punkt 14.
3. Bestill veghjelp og meld skade Ring oss og bestill veghjelp på 915 02300 eller bestill det digitalt. Du får tilbod om leigebil viss forsikringa di dekker det.
4. Kva skjer etterpå? Du kan følgje status på skadesaka di ved å logge inn til «mine skadesaker». Der kan du også laste opp vedlegg, bilete og dokumentasjon, sende meldingar, samt finne namn og telefonnummeret til din skadebehandlar.
Veghjelp og leigebil
I våre forsikringar som har kasko i namnet, inngår veghjelp i Norge og i Europa. Med kasko og toppkasko kan leigebil også vere inkludert.
Det er påbode å ha refleksvest og varseltrekant i bilen. I tillegg er det lurt å ha skademeldingsskjema, lommelykt, penn og papir i bilen.
2: Kontakt oss Ta kontakt med oss før du reparerer eventuelle skader på bilen. Det er som hovudregel den som eig eller har kjøpt forsikringa som kan melde saka.
3: Kva skjer etterpå? Har du all nødvendig dokumentasjon tilgjengeleg når du kontaktar oss, blir vi raskt einige ved første telefonsamtale.
Er skiltet ditt stjåle eller blitt borte/mista må du melde ifrå til politiet og Statens vegvesen, før du kan bestille nye skilt digitalt eller på ein trafikkstasjon. Nye skilt kostar ca 60 kroner per skilt.
Skriv ned kva som har skjedd, kvar og når Ta gjerne bilete av skaden eller skadane.
Om du har skada eit køyretøy der eigaren ikkje er til stades – legg igjen kontaktinformasjonen din eller kontakt eigaren direkte ved å finne eigaren av køyretøyet.
Er det fleire involverte anbefaler vi dykk å fylle ut skademeldingsskjema saman, då det kan vere avgjerande for å avklare ansvaret.
Dersom motparten er skuld i skaden? Har du kasko/toppkasko, vil Fremtind handtere saka for deg og krevje refusjon frå motparten sitt forsikringsselskap. Har du ansvarsforsikring eller delkasko, vil motparten sitt forsikringsselskap handtere skaden. I nokre tilfelle må ansvaret avklarast først.
4. Kva skjer etterpå? Du kan følge status på skadesaka di ved å logge inn til «mine skadesaker». Der kan du også laste opp vedlegg, bilete og dokumentasjon, og dessutan kommunisere med saksbehandlar. Før skadane blir fiksa og du får bilen tilbake må:
bilen blir levert til verkstad (eventuell leigebil blir utlevert)
skadane blir takserte av ein verkstad
takstrapporten blir vurdert av saksbehandlar om dei er dekte
reparasjon blir sett i gang
bilen blir utlevert og du betaler eventuelt eigenandel (leigebil blir levert tilbake)
Veghjelp og leigebil
Har bilforsikringa di kasko i namnet, har du også veghjelp i Norge og resten av Europa. Har du kasko eller toppkasko kan leigebil også vere inkludert.
Kva er grønt kort?
Dersom du skal ha med deg bilen til utlandet, anbefaler vi at du har med deg Grønt kort. Grønt kort er eit internasjonalt forsikringsbevis som viser at du har gyldig ansvarsforsikring på køyretøyet. Grønt kort må ikkje vere grønt, det kan no også skrivast ut på kvitt papir med svart skrift.
Frå 1. januar 2025 blei alle samarbeidsland einige om å godta elektronisk visning av grønt kort. Det betyr at du kan vise fram kortet på mobil eller nettbrett. Kortet er gyldig i 3 månader og kan bestillast for alle typar køyretøy med pålagd ansvarsforsikring.
Kva land krev grønt kort?
Du kan køyre i store delar av Europa utan Grønt kort, men vi anbefaler å ta med Grønt kort til alle land utanfor Norden. Dei fleste trafikksituasjonar i utlandet løyser seg lettare ved bruk av Grønt kort. Det er likevel ikkje alle land i lista over vi utferdar Grønt kort for, på grunn av for høg risiko. Andre land krev grenseforsikring eller har eigne reglar for campingvogn og tilhengar.
Spesielt for Russland og Belarus Vi utferdar ikkje lenger Grønt kort med dekning i Russland og Belarus.
Spesielt for Tyskland Tyskland krev Grønt kort for campingvogn og tilhengar. Årsaka til dette er at Tyskland har innført sjølvstendig ansvarforsikring for tilhengar og campingvogn.
Spesielt for Kosovo Dette landet er ikkje med i Grønt kort-samarbeidet og ved køyring inn over grensene, må grenseforsikring kjøpast.
Bestill grønt kort
Grønt kort kan du enten få tilsendt på e-post (blir lagt fram på mobil/nettbrett eller skrive ut sjølv) eller bestille fysisk per post (tek 1-2 virkedagar pluss postgang). Logg deg inn i «mine forsikringar», vel køyretøy og finn både informasjon og bestillingsskjema.
Nei, du treng ikkje seie opp bilforsikring, verken om du sel bilen eller vrake den. Når du sel bilen vil bilforsikring bli avslutta automatisk frå den same dagen Statens vegvesen registrerer melding om eigarskifte (salgsmsg) på bilen. Det same gjeld om bilen blir registrert som vraka eller meldt stjålen.
Ved sal, ver merksam på at den som kjøper bilen, også må kjøpe ei eiga bilforsikring før de kan omregistrere bilen til ny eier. Dette er for å unngå dagsgebyret frå Trafikkforsikringsforeningen ved uforsikra registrert køyretøy.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}