Har du fått besøk av skadedyr eller insekt i huset? Både hus- og innbuforsikringa vår har dekningar som kan hjelpe deg med å få bukt med dei små plageåndane.
Skjeggkre
Innbuforsikring topp har dekning mot skjeggkre og dekker bekjemping av desse med inntil 150.000 kroner. Skjeggkre gjer ingen skade på bygningar eller menneske, og blir ikkje sett på som skadedyr. Skjeggkre er difor verken dekka av hytte- eller husforsikring.
Det er særleg i vintermånadane, når mus og rotter trekker til varme på leiting etter mat, dei gjer mest skade. Dei trekker ofte til varme stadar som til dømes loftet eller tak i hus og hytter. Der kan dei gnage i treverk, leidningar, kablar og vasslangar som kan føre til store skader. I tillegg kan lukt frå døde mus og rotter vere sjenerande.
Har du topp husforsikring er du dekt mot mus og rotter som gjer skade på bustaden, eller på hytta dersom du har topp hytteforsikring. Du er dekt både for skadane på bygningen og for bekjempinga av dyra.
Har du topp/LOfavør innbuforsikring er du også dekt for skadar på innbu.
Det finst maur, larvar og biller som kan gjere stor skade på bygningen, som til dømes stokkmaur husbukk eller larvene til stripet borebille. Har du fått besøk av desse kan dei gnage hulrom og gonger i både treverk og isolasjonsmateriale.
Har du husforsikring med tilleggsdekning for sopp-, råte- og insektskader er du dekka både mot skadene og bekjempinga av insekt som gjer skade på bygning.
Veggedyra er små insekt på størrelse med eplefrø som gjerne held til i sofa eller seng, og som lever av å suge blod. Veggedyr gjer ikkje skade på bygningen, men kan vere irriterande og gje stikk/kløe. Har du innbuforsikring er du dekt med opptil 150.000 kroner til bekjemping av veggedyr (og kakerlakkar).
Har du oppdaga veggedyr eller kakerlakkar i bustaden din?
Er det skade på bygningen (treverk, isolasjon o.l.) er det toppdekninga i bygningsforsikringane som gjeld. Den dekker skader forårsaka av dyr som f.eks. mus, rotte og hakkespett. Har du tilleggsforsikring for sopp-, råte- og insekt er du også dekt mot skade frå insekt, som t.d. maur, larvar, borebille, husbukk osb.
Skjeggkre, veggedyr eller kakerlakkar er ikkje sett på som skadedyr, då desse ikkje gjer fysisk skade, men dei kan vere svært sjenerande. Innbofursikring topp dekker hjelp til å fjerne desse med inntil 150.000 kroner.
Kva blir ikkje dekt?
Dyr som gjer skade blir ikkje dekt av standarddekninga, og insekt som gjer skade dekkast berre viss du har tilleggsdekninga «sopp-, råte- og insekt». Dyr og insekt som ikkje gjer skade på bygningen dekkast verken av bygningsforsikringane eller tilleggsdekninga. Her er nokre døme på insekt som ikkje dekkast:
Jordmaur (sukkermaur)
Veps og vepsebol
Edderkoppar
Bier og bol
Sølvkre
Mygg
Geithams
Lopper
Eigenandel
Ved skade på bygningen gjeld eigenandelen du sjølv har valt i forsikringsavtalen. Ved bekjemping av skadedyr og insekt er eigenandelen fast på 2.000 kr, uansett kva eigenandel du har valt på husforsikring.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}