Hytteforsikring

Hytteforsikring dekker små og store skadar. Blir hytta så øydelagd at ho må rivast, bygger vi ny hytte for deg.

ei hytte med hytteforsikring på fjellet i vinterlandskap
Norges mest anbefalte hytteforsikring!*
Toppforsikring dekker følgeskade som skuldast lekkasje frå badet eller taket.
Forsikringa kan utvidast med dekning for insekt, sopp og råte.

LOfavør Fritidshusforsikring

Kva dekker husforsikringa?

Du kan velje mellom to typar hytteforsikringar – topp og standard. Topp er den beste forsikringa. Standard dekker det meste du treng, men har ikkje like mange fordelar som toppforsikringa.

Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.

Dekningar Topp Standard
Ansvar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Rettshjelp Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Brannskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Vasskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Innbrotsskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Naturskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Hageanlegg Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Rydding etter skade Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Utleigetap Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Tap av hyttebruk Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Fullverdigaranti Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Følgeskadar Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard
Skadedyr Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard
Kunstnerisk utsmykking Dekkes av Topp Dekkes ikke av Standard
Tilleggsdekningar
Innbuforsikring Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Tilleggsbygg Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Sopp-, råte- og insektsskadar Dekkes av Topp Dekkes av Standard
Eigenandelar og frådrag
Eigenandeler
Aldersfrådrag

*Noregs mest anbefalte hytteforsikring!

Kundar med denne typen forsikring har kåra vår forsikring til blant dei beste av i alt 29 hytteforsikringar. Vi toppar kåringa både på mest anbefalte og beste kundeservice!

Les om våre best i test utmerkingar.


Unngå dei vanlegaste skadane på hytta

Hytta er eit fristed, men den er også utsett for ei rekkje skader som enkelt kan førebyggast. Skjer det noko uventa, kan det både øydelegge ferien og føre til sure kostnadar.

Frost fører til mange vasskadar

Blant dei vanlegaste skadane på hytta er frost- og vasskadar. Hugs å stenge vasstilførselen kvar gong du forlet hytta. Frost fører til mange vasskadar, så la det stå på litt varme i hytta om vinteren for å unngå dette. Har du ein smart vass-stoppar kan du både skru av/på vasstilførselen og få varsel ved låg temperatur, rett på telefonen.

Sørg for å sjå over rør og vassleidningar jamleg. Gamle og slitne rør er ofte årsaka til vasskadar.

Dette stel tjuvane frå hytta

Dette er det mest populært å stele for hyttetjuvane:

  • Alkohol
  • Verktøy
  • Brunevarer
  • Båtmotorar
  • Snøfresar
  • Jaktvåpen
  • Anna lausøyre av verdi som smykke, klokker og kle.

Her er eit par enkle tips til for å minke sjansane for innbrot i hytta.

  • Sørg for at hytta ser bebudd ut.
  • Avtal tilsyn mellom nokre gode naboar.
  • Lås inn verdisaker, dyr vin og sportsutstyr.
    Husk òg å sikre gjenstandar i bod og uthus.

Brannskadar

Brannskadar er også høgt på lista over skadestatistikken til hytter og fritidsbustader.

Levande lys
Levande lys er både koseleg og skaper stemning, men dessverre bidrar dei òg til brannstatistikken. Her er 5 tips for å unngå brann ved bruk av levande lys, frå brannvernforeininga:

  1. Gå aldri frå levande lys
  2. Unngå brannfarleg pynt
  3. Ha eit brannsikkert underlag
  4. Ha avstand mellom lysa
  5. Ikkje tenn levande lys i nærleiken av trekk

Oppbevaring av oske etter peisfyring
Behandling av oske etter vedfyring står for over hundre brannar i Norge kvart år. Slik kastar du oska trygt:

  • Bruk ein metallspade til å grave ut oska frå omnen når den har blitt kald
  • Ha oska i ein brannsikker behaldar, for eksempel ei metallbøtte
  • Etter 48 timar kan du kaste oska i restavfallet (eventuelt kan den brukast til gjødsel, snøsmelting eller i utedoen)
  • Fukt oska grundig om du må kaste den før det har gått 48 timar

Leige ut hytta?

Det er større risiko for skadar på hytter som leigast ut. Med vår hytteforsikring kan du leige ut hytta i inntil 2 månader kvart år utan at det kostar noko ekstra. Skal du leige ut hytta meir enn 2 månader kvart år, vel du dette når du kjøper hytteforsikring. Har du allereie hytteforsikring og ønsker å leige ut over lengre periodar, kan du kontakte oss så hjelper vi deg.

Kva dekker forsikringa?
Du er dekt for dei same skadane som om du sjølv brukte hytta. I tillegg er du dekt for tapte utleigeinntekter viss ein skade gjer at leigetakarane ikkje får brukt hytta.

Viss du vil vere dekt for skadar som leigetakarane skulle påføre hytta, anbefaler vi deg å ta eit depositum, kor du også tar høgde for litt svinn. Det finst ingen formelle krav om å opprette ein eigen depositumskonto ved utleige av hytte. Det betyr at du kan be om at depositumet vert sett direkte inn på din eigen konto. Likevel er det ryddigare å bruke ein depositumskonto.

Tips til deg som skal leige ut hytta
Før du leiger ut, bør du sjekke at hytta tilfredsstiller krav til rømningsvegar og at det er fungerande røykvarslarar i alle etasjar. Lag ein kontrakt som spesifiserer kva utleigar må forhalde seg til. Til dømes:

  • Utvask
  • Kjæledyr
  • Røyking
  • Erstatningsplikt 

Lås bort ting av verdi som du er redd for skal bli øydelagt eller stole. Skriv ned viktig informasjon som leigetakar burde vite. Til dømes:

  • Ordensreglar
  • Kasting av søppel 
  • Bruksanvisningar til for eksempel kaffetraktar, tømming av do eller andre ting 
  • Informasjon om Wi-Fi
     
idyllisk vinterhytte i snøkledd landskap som leigast ut i vinterhalvåret

Sopp-, råte- og insektsskadar

Risikoen for å få hussopp-, råte- og insektsskadar er spesielt høg for hytter og fritidsbustader. Hytter står gjerne tomme store delar av året, og skadar kan derfor utvikle seg utan at dette vert oppdaga på ei stund. I tillegg ligg mange hytter i område nært på skog og natur, der forholda kan vere gunstige for råte og treøydeleggjande insekt (som til dømes stripet borebille og husbukk).

Slike skadar kan vere kostbare å reparere og spreie seg raskt viss dei ikkje vert oppdaga i tide. Derfor er det ekstra viktig å gjere førebyggjande tiltak:

Inneklimaet i hytta bør ha ein luftfuktighet på mellom 30 og 60 %. Blir den høgare enn det, aukar risikoen for sopp og råte. For å unngå kostbare råteskadar er det fleire førebyggande tiltak du kan gjere – både utandørs og innandørs. Det første og kanskje viktigaste rådet er alltid å ha god ventilasjon i alle rom.

Utandørs
Jamleg vedlikehald er nøkkelen til ei vanntett hytte.

  • Bruk impregnert treverk på område som er spesielt utsette for fukt.
  • Kontroller det ytre på hytta (kledning, mur, beslag, taktekking, vindauge og dører) jamleg for å sjekke om vatn har trengt inn.
  • Hald takrenner og nedløpsrøyr frie for blad, jord og mose.
  • Unngå vegetasjon tett inntil hytteveggen.
  • Vask fasaden årleg, spesielt før måling.

Bad
Utett eller manglande membran er ofte årsaka til fukt og råte på bad. 

  • Sørg for god ventilasjon – hald avtrekk og ventilar opne og reine.
  • Sjå etter lekkasjar bak vasken og andre våtområder.
  • Luft regelmessig, spesielt i rom med vaskemaskin eller tørketrommel.

Kjøkken
Kjøkkengolv er ekstra utsett ved vasslekkasjar. Når vatn trenger ned i golvlaga, blir det gjerne danna mugg og råte.

  • Sjå etter lekkasjar under kjøkkenbenk og rundt vasken.
  • Installer vass-stoppar på oppvaskmaskin og på vassrøyr i rom utan sluk.

Loft og kaldloft
Loftet blir gjerne kaldare eller varmare enn dei andre romma i hytta, avhengig av årstida. Då aukar også risikoen for kondens.

  • Inspiser loftet regelmessig for fukt og lekkasjar.
  • Sørg for at loftsgolv og loftsluke er tette for å hindre varm luft frå å stige opp.
  • Hald auge med kondens, særleg bak møblar langs ytterveggar  Låg luftfukt og høgare innetemperatur reduserer risikoen.

Balkong og terrasse
Ein ròten balkong kan bli ekstra dyrt viss det er rom under.

  • Sjekk jamleg for slitasje og lekkasjar i tekkinga.
  • Pass på at overgangane mellom rekkverk og terrasse er godt vasstetta.
  • Sørg for tilstrekkeleg gjennomlufting under terrassen.
  • Sjekke nedløp i terrassar for lauv og anna rask slik at det ikkje samlar seg opp vatn ved snøsmelting eller regn.

Kjellar og krypkjellar
Hytter med krypekjellarar får oftare fuktskadar enn hytter utan.

  • Sørg for å ha god ventilasjon og at dreneringa rundt hytta fungerer som den skal.
  • Bruk avfuktar viss kjellaren er spesielt fuktig.
  • Ikkje bruk krypkjellaren til lagring.
  • Bruk plastdekke på grunnen for å hindre vassdamp.
  • Ha ei inspeksjonsluke for enkel kontroll.

Sjekk ut vedlikehaldskalenderen vår, så veit du kva du bør gjere til kvar årstid.


Vilkår og produktinformasjon

Vilkår

Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.

Har du arbeidsløyseforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 

Kva er IPID?

Har du hatt uhell eller skade?

Kva lurer andre på?

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }