Dekker innboforsikringa kvitevarer?

Standard innbuforsikring dekker frittståande kvitevarer ved brann, tjuveri eller vasskade. Har du topp innbuforsikring er du også dekt mot fysisk skade på frittståande kvitevarer ved uhell.

Ver merksam på at viss kvitevarene dine er integrerte, vil dei vere ein del av bygningen og er derfor ikkje dekt av bygningsforsikringa di (hytte- eller husforsikringa). Bur du i leiligheit har du ikkje eiga bygningforsikring, men du kan vere dekt av innbuforsikringa.

"Integrerte kvitevarer" refererer til kvitevarer som er fastmontert, nedfelte eller bygd inn i veggar, skap og liknande, eller tilkopla fast røyropplegg.

Jacuzzi, badestamp, boblebad og liknande
Jacuzzi, boblebad og liknande er berre dekte av innbuforsikringa ved tjuveri, naturskadar, brann, lynnedslag eller spenningsfeil på straumnettet. Viss den er integrert (fastmontert i hagen, nedfelt i terrassen eller tilkopla bygningen med fast røyropplegg), kan han vere dekt av hus- eller hytteforsikringa.

Døme på følgeskadar som er dekte

  • Viss kjøleskapet eller frysaren din sluttar å verke kan du vere dekt for øydelagd mat.
  • Viss ein storm blæs lokket av jacuzzien din kan du vere dekt viss jucuzzien blir øydelagt av at vatnet frys.

Dekt av garantien, men ikkje forsikringa
Viss koketoppen eller vaskemaskina di blir øydelagd fordi dei berre sluttar å fungere, er dei ikkje dekt av forsikring. Då bør du sjekke garantien som er på 2 eller 5 år avhengig av type kvitevare. Les meir om kva du bør gjere viss kvitevarene dine sluttar å fungere på forbrukerradet.no.

 

Har du skade/uhell?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }