For deg som handlar fond og verdipapir
Her finn du nyttig informasjon du bør kjenne til før du får investeringsråd eller andre investeringstenester frå oss i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Her finn du nyttig informasjon du bør kjenne til før du får investeringsråd eller andre investeringstenester frå oss i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Investorvern (MiFID II)
Som kunde skal du vere trygg på at interessene dine kjem før interessene til banken.I 2018 blei MiFID II-regelverket innført. Dette er eit europeisk regelverk, som gir deg som investor større grad av openheit og vern. Hensikta med regelverket er å forbetre både forbrukar- og investorvernet.
Avtalar og retningslinjer
Banken har løyve til å tilby følgjande investeringstenester:
Banken kan òg tilby valutatenester når dette skjer i samband med investeringstenester. Dersom banken skal utføre investeringstenester for deg, må du skrive under på ein kundeavtale der du godkjenner gjeldande forretningsvilkår og retningslinjer. Dei til ei kvar tid gjeldande avtalane er publiserte på denne nettsida.
Kundeavtale fond
Har du ikkje inngått ny kundeavtale må du signere ny kundeavtale.
Retningslinjer ordeutføring fond
Denne avtalen inngåast når du vel å handle gjennom SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Informasjon til kundar som eigenskapar og risiko knytta til finansielle instrument.
Med bakgrunn i det nye Verdipapirhandellova § 10-19, har SpareBank 1 Sogn og Fjordane krav til å gjennomføre alle tilstrekkelige tiltak for å oppnå beste resultat for kunden ved utføring av ordre i finansielle instrument.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane følger desse retningslinjene for handel med finansielle instrument.
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er etter verdipapirhandellova pålagd å klassifisere alle kundar som banken yter investeringstenester til.
Sjå oversikt på distribusjonsgodtgjersle frå produktleverandørar og avtale og spesielle vilkår om handel i finansielle instrument i Norne.
Sustainable Finance Disclosure Regulation (SFDR) er EU sitt regelverk for offentleggjering av korleis berekraft blir handtert av finansielle rådgjevarar. Regelverket er teke inn i norsk rett gjennom offentleggjeringsforordninga.
Berekraftsrisiko i investeringsrådgjevinga
Berekraftsrisiko er definert som miljømessige, sosiale eller styringsmessige hendingar eller omstende som, dersom dei oppstår, faktisk eller potensielt kan ha vesentleg negativ innverknad på verdien av ei investering.
Døme på berekraftsrisiko som faktisk eller potensielt kan ha vesentleg negativ innverknad på verdien av investeringa dersom dei oppstår:
Risiko knytt til berekraft varierer mellom land, bransjar og selskap. Kor stor berekraftsrisiko investeringane dine har, kan påverke verdiutviklinga. Berekraftsrisiko kan påverke verdien av investeringa di negativt.
Banken forvaltar ikkje midlar på vegner av kundane sjølv, men distribuerer verdipapirfond frå ulike fondsleverandørar. Alle fond og fondsleverandørar som inngår i investeringsrådgjevinga vår, er omfatta av retningslinjer for ansvarlig distribusjon av verdipapirfond (pdf). Retningslinjene byggjer på internasjonale normer og standardar og viser kva krav, forventningar og oppmodingar vi stiller til fondsleverandørane vi distribuerer fond for.
Informasjon om handtering av negative berekraftskonsekvensar
Banken tek i dag ikkje direkte omsyn til vesentlege negative berekraftskonsekvensar (Principal Adverse Impacts, PAI) i investeringsrådgjevinga. Rådgjevarar kan ekskludere fond som på noverande tidspunkt har investeringar i uønskte sektorar basert på noverande behaldning. Denne metoden har enkelte likskapstrekk med delar av PAI-vurderingar, men utgjer ikkje ei fullstendig PAI-tilnærming.
I samsvar med retningslinjer for ansvarlig distribusjon av verdipapirfond (pdf) vil fond som bryt med dei absolutte berekraftskrava våre, ikkje bli tilbydde kundane våre. Dette inneber at forvaltarar og fond som bryt med grunnleggjande berekraftskrav, ikkje blir tekne inn i modellporteføljane våre. Det blir stilt krav om at fonda vi tilbyr, ikkje skal vere eksponerte mot kontroversielle våpen.
Produkt med auka fokus på berekraft
For å gjere det enklare for deg som kunde å vurdere berekraftsprofilen til fonda vi tilbyr, har SpareBank 1 Sogn og Fjordane ei merkeordning som byggjer på fonda si klassifisering etter SFDR. Merkeordninga viser på ein enkel måte kva berekraftsfokus fonda har.
Retningslinjer for godtgjersle
SpareBank 1 Sogn og Fjordane har ikkje variabel løn. Retningslinjene våre for godtgjersle reflekterer ikkje direkte investeringsrådgjeving eller berekraftsrisiko, og berekraftsrisiko har ikkje innverknad på godtgjerslestrukturen i banken.
Informasjonen er sist oppdatert i oktober 2026.
MiFID II er det mest omfattande EU-regelverket for finanssektoren nokon sinne. Formålet med reglane er å gi betre vern for deg som investerer og sikre eit meir gjennomsiktig investeringmarked.
MiFID II tredde i kraft i EU i januar 2018 og er ei utviding av MiFID I som kom i 2007. Hensikta med lova er å få same grunnleggande reglar i heile Europa for verdipapirhandel og vern for deg som kunde.