Prisar for fondssparing

Når du sparer i fond, betaler du for forvaltninga av fondet og for tenesta du bruker for å kjøpe og eige fondet. Her forklarer vi korleis prisen er sett saman.

Illustrasjon av ung mann som ser på pc

Kva betaler du for når du sparer i fond?

Når du sparer i fond er prisen todelt: 

1️⃣ Forvaltningshonorar
– dette betaler du til fondsforvaltar

Forvaltningshonoraret er prisen du betaler til forvaltaren, for å få fondet profesjonelt forvalta. Honoraret blir trekt automatisk gjennom justering av fondet sin kurs, løpande gjennom året.

2️⃣ Formidlingshonorar
– dette betaler du til banken

Formidlingshonoraret betalast til banken, som leverandør av tenesta du bruker for å spare i fond, i mobilbanken og nettbanken. Dette kallast også plattformhonorar. Honoraret blir berekna dagleg basert på den samla marknadsverdien av beholdninga di, og blir trekt kvart halvår.

Fonda vi tilbyr

Kva pris du har avheng av kva fond du vel og kor mykje du kjøper for. For eksempel er prisen gjerne lågare på indeksfond enn for aktivt forvalta fond. 

Prisen på fonda vi tilbyr finn du i fondsoversikta. Der får du detaljar om avkasting, forvaltningsform, risiko, prisar og årleg kostnad.

Slik kan rekneskapen sjå ut

Prisdøme:

Du investerer 100.000 kroner i eit aksjefond du sjølv kjøper i mobilbanken, og fondet har positiv utvikling over eitt år. 

Då kan rekneskapen sjå slik ut: 

Forventa avkasting i løpet av 1 år

Avkasting på aksjefond (+ 6,25 %) 6250,00 kr.

Satsane som er brukte i eksempelet for å berekne forventa avkasting er: 

  • Aksjar 6,25 %

Eksempelet tar ikkje omsyn til dine noverande plasseringar. Inflasjon og kostnadar er heller ikkje medrekna, då dette vil variere. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastninga kan bli negativ som følge av kurstap. 
Ta kontakt med ein rådgjevar om du ønsker personlege råd og tilråding. 

Kostnader i løpet av 1 år

Forvaltningshonorar: Pris på fond (0,65 %) 666,87 kr.
Formidlingshonorar: Pris til banken (0,30 %) + 308,28 kr.
Total kostnad:  = 975,16 kr.

Verdiutvikling på fondet i løpet av 1 år

Avkastning på aksjefond (+ 6,25 %) 6250,00 kr.
Total kostnad - 975,16 kr.
Verdiutvikling på fond = 5247,47 kr.


I dette eksempelet sit du att med 105.247,47 kr. etter eitt år. 

Dette er kun eit eksempel og ikkje kva du betalar for fondet ditt. Prisen varierer ut frå kva fond du kjøper, kor mykje du kjøper for og om du kjøper fondet sjølv i mobilbanken, eller får hjelp av ein sparerådgjevar. 

Kva lurer andre på?

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }