Endringar på lånet
Eg vil refinansiere
Å refinansiere bustadslånet betyr ganske enkelt å gjere endringar. Det kan vere å auke lånet, bake andre lån inn i bustadslånet eller gjere endringar for å få ned dei månadlege låneutgiftene dine.
Endringar på lånet
Å refinansiere bustadslånet betyr ganske enkelt å gjere endringar. Det kan vere å auke lånet, bake andre lån inn i bustadslånet eller gjere endringar for å få ned dei månadlege låneutgiftene dine.
Nokon gonger har du gjerne behov for å låne meir pengar av banken, til dømes viss du treng lån til oppussing eller andre investeringar på bustaden og sparepengane ikkje strekk til.
Det kan då vere fornuftig å auke bustadlånet ditt framfor å ta opp eit anna lån med høgare rente.
Vi veit at økonomien din endrar seg over tid, og har du hatt bustadlån i nokre år kan det dukke opp behov for å gjere endringar på dette.
Ta kontakt med oss i dag for å få ein prat om det er grep som bør gjerast på ditt lån for å gi deg ein betre økonomisk kvardag.
Har du fleire lån, kan det lønne seg å slå desse saman til eitt lån. Du får då éi rente og éin nedbetalingsplan, og dei månadlege utgiftene dine kan bli lågare.
Ta kontakt med oss for å sjå på moglegheiter for å slå saman lån.
Har du bustadlån i ein annan bank, men kunne tenkt deg eit tilbod frå oss? Send ein lånesøknad og snakk med ein av rådgjevarane våre, så vil du sjå at det lønner seg å flytte bustadlånet til oss.
Og du – ein lånesøknad er heilt uforpliktande.
Skal du refinansiere, bør det settast eit estimat på kva bustaden din er verd i dag, sidan det i stor grad er verdien på bustaden som legg grunnlaget for lånet ditt. Banken kan gi deg eit estimat, men ønsker du ei meir nøyaktig verdivurdering kan det vere lurt å kontakte ein eigedomsmeklar for å ta ein titt på bustaden.
Å refinansiere vil seie å gjere endringar på eksisterande gjeld. Her er tre døme på refinansiering av bustadlån:
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss du har møtt økonomiske utfordringar som t.d. permisjon, oppseiing eller liknande.
Ver merksam på at når den avdragsfrie perioden er over, aukar summen på dei månadlege innbetalingane. Du kan søke om å få avdragsfritak på både bustadlån, billån og kredittkort.
Prisdøme:
Viss du får 3 års avdragsfritak på eit bustadlån med 15 års løpetid igjen, betalar du mindre per månad dei neste 3 åra sidan du slepp å betala avdrag. Når den avdragsfrie perioden er er over, blir dei månadlege kostnadene høgare enn dei var opphavleg, fordi du no skal betale ned lånet på 12 år i staden for 15. Viss lånet var på 2 millionar kroner med ei rente på 2,65 %, aukar den totale kostnaden med 70 000 kroner.
Som ein hovudregel får du berre innvilga avdragsfritak dersom du har mindre enn 60 prosent belåning. Det vil seie at lånet utgjer maks 60 prosent av bustadverdien.
Sjå også
Slit du økonomisk?
Bekymra for økonomien?
Når du låner pengar av banken, må du som regel tilby ei form for sikkerheit. Det vil seie at du lar banken ta pant i noko du eig, til dømes bustad, hytte, tomt, bil eller båt.
Dersom du mislegheld lånet ditt, altså at du ikkje betaler renter og avdrag som avtalt, kan banken krevje at du sel tingen du eig og betaler tilbake det du skuldar. Ofte verkar dette slik at desto betre sikkerheit du klarer å stille til banken, desto betre vilkår (renter) kan du få på pengane du låner. Derfor er òg forbrukslån og kredittkort, som er lån utan sikkerheit, dyrare.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg har for å kjøpe bustad?
Kor mykje kan eg låne til bustad?
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Du kan ikkje låne meir enn fem gonger inntekta di. Dette kallast gjeldsgrad, og det betyr all gjeld – også studielån, billån, forbrukslån, kredittkortgjeld og fellesgjeld. Du kan sjå heile den samla gjelda di i Gjeldsregisteret.
Døme:
Skattefri inntekt blir tatt med i utrekninga av årsinntekt, så lenge du kan dokumentere den og at den er stabil over tid. Det betyr at inntekter frå utleige, barnetrygd og liknande blir inkludert i reknestykket.
I tillegg til gjeldsgrad vil banken også vurdere din beteningsevne. Banken legg til grunn at du må tole ein renteauke på minimum 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Dette kallast «stressrente». Den kan gjere at personar og familiar med låg inntekt (og låge inntekstutsikter) kanskje ikkje får låne fullt fem gonger inntekta.
I Norge er det utlånsforskrifta som seier kor mykje du kan få i lån, og alle bankar i Noreg må følge dei same reglane.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no