Prisdøme: Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 3.594.505 kr. Effektiv rente er 5,40 % og månadleg terminbeløp 11.984 kr Føreset pant i bustad.
Er du medlem i eit LO-forbund?
LOfavør Boliglån Ung
LOfavør rente frå 4,84 % (5,04 % eff.)
Vanleg rente frå 5,19 % (5,40 % eff.)
Viss vi krev takst, får du rabatt om du bruker e-takst hos EiendomsMegler 1.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
Kva lurer andre på?
Du kan ikkje låne meir enn fem gonger inntekta di. Dette kallast gjeldsgrad, og det betyr all gjeld – også studielån, billån, forbrukslån, kredittkortgjeld og fellesgjeld. Du kan sjå heile den samla gjelda di i Gjeldsregisteret.
Døme:
Viss du tener 500.000 kroner i året er det meste du kan låne 2,5 millionar kroner (500.000 x 5 = 2.500.000)
Har du andre lån i tillegg, vil du kunne låne mindre. Med til dømes 100.000 kroner i billån vil du berre kunna låne 2,4 millionar kroner (2.500.000 – 100.000 = 2.400.000)
Viss de er to som låner saman blir inntektene lagt saman, noko som betyr at viss de begge tener 500.000 kroner i året vil de kunne låne maksimalt 5 millionar kroner (1.000.000 x 5 = 5.000.000 - eventuell anna gjeld)
Skattefri inntekt blir tatt med i utrekninga av årsinntekt, så lenge du kan dokumentere den og at den er stabil over tid. Det betyr at inntekter frå utleige, barnetrygd og liknande blir inkludert i reknestykket.
Du må også tole renteauke
I tillegg til gjeldsgrad vil banken også vurdere din beteningsevne. Banken legg til grunn at du må tole ein renteauke på minimum 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Dette kallast «stressrente». Den kan gjere at personar og familiar med låg inntekt (og låge inntekstutsikter) kanskje ikkje får låne fullt fem gonger inntekta.
I Norge er det utlånsforskrifta som seier kor mykje du kan få i lån, og alle bankar i Noreg må følge dei same reglane.
Kva rente du får på lån hos oss avheng av fleire ting. Når vi skal gi deg eit tilbod ser vi mellom anna på:
Storleiken på lånet
Kor mykje eigenkapital du har
Inntekta di
Kor mykje du har i samla gjeld
Renta vil òg bli påvirka av kva slags lån det er snakk om. Eit forbrukslån vil for eksempel ha høgare rente enn eit bustadlån, fordi forbrukslånet gir høgare risiko for banken.
Viss du har flytande rente på bustadlånet, men ønsker å binde renta på heile eller delar av lånet, kan vi hjelpe deg med det. For å få fastrentelån må du ta kontakt med oss.
Har du lån i ein annan bank flyttar vi lånet for deg.
Alt du lurer på om låna dine finn du i mobilbanken eller nettbanken under "Mine lån". Klikk på det lånet du vil finne informasjon om. Her kan du mellom anna:
Nominell og effektiv rente
Kor mykje lån du har i dag
Når neste innbetaling er og kor mykje den er på
Du kan også endre forfallsdato, kva konto lånet skal trekkast frå, og søke om avdragsfritak på denne sida.
Dei aller fleste vel å kjøpe før dei sel, men det kan vere like gode argument for det motsette.
Selje bustaden først
Fordelar
Du får betre kontroll på økonomien og veit kor mykje du har å rutte med.
Du slepp å sitje på to lån, noko som fort kan bli dyrt viss det tar tid før du får selt.
Ulemper
Du risikerer å måtte leige fram til du finn ein bustad som passar for deg. Då må du òg ha alle eigedelane dine på mellomlagring.
Det kan ta tid å finne ein ny bustad du liker, spesielt viss du leitar etter noko i ein bestemt størrelse eller innanfor ein spesifikk skulekrets.
Kjøpe ny bustad først?
Fordelar
Du kan bruke god tid på å finne ein bustad du verkeleg ønsker deg.
Du risikerer ikkje å kjøpe noko du berre er halvvegs fornøgd med fordi du ikkje fann noko anna.
Ulemper
Du vil ha to bustader og to lån i ein periode, det gamle bustadlånet og mellomfinansiering. Dette kostar, spesielt i periodar med høg rente.
Det er uvisse knytt til kva pris du får for bustaden du skal selje.
Det kan vere lurt å snakke med ein av rådgjevarane våre før du bestemmer deg for kva du bør gjere i akkurat din situasjon. Ta gjerne ein prat med eigedomsmeklar også for å høyre korleis marknaden er akkurat der du tenker å selje og kjøpe.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}