Tips og råd
LOfavør Flexilån (rammelån)
Flexilån, eller rammelån, passar for deg som har betalt ned mykje på bustaden. Med sikkerheit i bustaden får du ei låneramme du kan bruke som du vil.
Flexilån, eller rammelån, passar for deg som har betalt ned mykje på bustaden. Med sikkerheit i bustaden får du ei låneramme du kan bruke som du vil.
Er de fleire som søker, må den som har LOfavør starte søknaden.
Prisdøme: Låner du 2 millionar over 25 år kostar lånet totalt 2.909.531 kr. Effektiv rente er 5,53 % og månadleg terminbeløp 9.701 kr. Effektiv rente er basert på 80% utnyttelse av ei kredittramme på 2 millionar kroner.
Banken trekker renter av beløpet du har brukt automatisk kvar månad, medan du må sjølv passe på å betale avdraga på lånet. Det er avdraga som gjer at du reduserer lånet. På eit ordinært lån trekker banken dette automatisk, med eit flexilån er det du som bestemmer når og kor mykje.
Opprett ei fast overføring til flexilånet ditt for å betale det ned, så går resten av seg sjølv.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
Ja, du kan sjølv stoppe ei månadleg innbetaling i mobil- eller nettbanken din. Berre hugs å starte innbetalinga igjen for neste månad.
Ver oppmerksam på at dette berre gjeld sjølve nedbetalinga på lånet, ikkje rentebetalinga. Den månadlege rentebetalinga kan du ikkje stoppe sjølv.
Sjå meir:
Kva er eit flexilån?
Ei låneramme er ein viss sum pengar som du kan låne innanfor flexilånet ditt. Låneramma kan vere på opptil 60 prosent av den totale verdien på bustaden din.
Du betaler ikkje renter på heile låneramma, berre på den delen du bruker. På den måten fungerer det litt som eit kredittkort: Du har ein viss sum pengar tilgjengeleg på kredittkortet ditt, til dømes 10 000 kroner, men du betaler berre renter på dei pengane du faktisk bruker.
Sjå også
Kva er eit flexilån?
Du kan innfri bustadlånet sjølv i mobilbanken eller nettbanken.
Trykk på "Betale". Legg inn lånenummret ditt som kontonummer for betaling. Du finn lånenummeret ved å trykke på bustadlånet under "Mine lån". Lånenummeret står oppført som "Konto-/Avtalenummer" under "Sjå fleire detaljar om lånet".
Ta kontakt med rådgjevar for hjelp til å berekne innfrielsessaldo.
Ja, viss økonomien din tillèt det, kan du få lån til ny bustad før den gamle er seld. Dette kallast mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betaler på det gamle lånet. Ved behov kan du få avdragsfritak på eitt eller begge lån, det vil seie at du berre betaler renter.
Sjå også:
Bør eg kjøpe eller selje først?
Bustadbyteguiden - kjøpe og selje steg for steg
Søk mellomfinansiering
Ei renteauke vil bety at du får auka kostnadar på lånet, og høgare innbetaling per månad. Du kan bruke bustadlånskalkulatoren vår for å få eit inntrykk av kva ein renteauke har å seie for akkurat ditt bustadlån. Vel fana til høgre der det står «Kva kostar lånet». Legg inn lånesummen din under «kjøpesum» og sett 0 på eigenkapital. Husk å justere nedbetalingstida slik at den er det same som lånet ditt.
Vi har tatt høgde for at du skal kunne tole ei renteauke på 3 % frå dagens nivå eller minst 7 % bustadlånsrente. I utgangspunktet treng du derfor ikkje å vere nervøs sjølv om det er varsla at rentenivået skal stige. Vi anbefaler likevel at du set deg inn i korleis ei framtidig renteendring påverkar privatøkonomien din.
Dette bør du gjere no
Viss du veit kor mykje innbetalinga på lånet ditt vil auke framover kan det vere lurt å sette desse pengane inn på ein eigen konto. Dette har to fordeler:
I periodar med renteauke er det viktig at du har oversikt over økonomien. Med «Min økonomi» i mobilbanken kan du sjå kva du bruker pengar på og kor du eventuelt kan spare.
Sjå også
Kor finn eg informasjon om renter og neste innbetaling på lånet mitt?
Bør eg velje fast eller flytande rente?