Tips og råd
Mellomfinansiering
Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din.
Mellomfinansiering vil seie at du får lån til å kjøpe ny bustad før den gamle er seld, eller før du har fått oppgjeret frå den gamle bustaden din.
For å få tilbod på mellomfinansiering, fyller du ut lånesøknaden i neste steg. Skriv gjerne i kommentarfeltet om gamal bustad er lagt ut for sal eller om du ønsker å kjøpe ny bustad før du har selt.
Kontakt oss for pris på mellomfinansiering.
Husk at du i tillegg til renter og eventuelle avdrag på to lån, må dekke løpande utgifter på to bustader i ein periode, mellom anna kommunale avgifter, straum og forsikring. Du må derfor ha god økonomi for å få mellomfinansiering.
Snakk gjerne med oss i banken før du startar bustadjakta, så veit du om du kan kjøpe ny bustad før du har selt den gamle.
Den store uvissa når du kjøper ny bustad før du har selt den gamle, er knytt til kva pris du får for bustaden du skal selje. Vi anbefaler at du bereknar eit prisfall på inntil 15 % i forhold til oppdatert verdivurdering.
Viss du får mindre for den gamle bustaden enn du hadde tenkt, må pengane skaffast på annan måte.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betalar avdrag på lånet, berre renter og omkostningar. Du betalar med andre ord berre for kostnadane med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss du har møtt økonomiske utfordringar som t.d. permisjon, oppseiing eller liknande.
Ver merksam på at når den avdragsfrie perioden er over, aukar summen på dei månadlege innbetalingane. Du kan søke om å få avdragsfritak på både bustadlån, billån og kredittkort.
Prisdøme:
Viss du får 3 års avdragsfritak på eit bustadlån med 15 års løpetid igjen, betalar du mindre per månad dei neste 3 åra sidan du slepp å betala avdrag. Når den avdragsfrie perioden er er over, blir dei månadlege kostnadene høgare enn dei var opphavleg, fordi du no skal betale ned lånet på 12 år i staden for 15. Viss lånet var på 2 millionar kroner med ei rente på 2,65 %, aukar den totale kostnaden med 70 000 kroner.
Som ein hovudregel får du berre innvilga avdragsfritak dersom du har mindre enn 60 prosent belåning. Det vil seie at lånet utgjer maks 60 prosent av bustadverdien.
Sjå også
Slit du økonomisk?
Bekymra for økonomien?
Ja, viss økonomien din tillèt det, kan du få lån til ny bustad før den gamle er seld. Dette kallast mellomfinansiering. Du får då lån til den nye bustaden, samtidig som du betalar på det gamle lånet. Ved behov kan du få avdragsfritak på eitt eller begge lån, det vil seie at du berre betalar renter.
Sjå også
Søk mellomfinansiering
Det er utlånsforskrifta som legg føringar for kor mykje du kan få i bustadlån. Forskrifta seier mellom anna at du som ein hovudregel må ha minst 10 % eigenkapital, og at du kan låne maks fem gonger inntekta di.
Du må også tole ei renteauke på 3 prosentpoeng frå dagens nivå eller minst 7 prosent. Denne blei justert ned frå 5 prosent til 3 prosent frå 1. januar 2023.
I tillegg til å sjå på kor mykje dukanlåne, bør du òg vurdere kor mykje dubørlåne. Det er viktig å ta omsyn til den samla økonomien i familien, både no og i framtida. Hugs – du skal leve også, ikkje berre overleve. Du bør kunne leve komfortabelt med lånet over tid.
Moglegheitene dine og kor mykje akkurat du kan låne er noko du finn ut saman med rådgjevaren din. Er du nysgjerrig akkurat no kan du teste lånekalkulatoren vår. Den gir deg ein peikepinn på kor mykje du kan låne.
Sjå også:
Kva er eit finansieringsbevis?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Når du låner pengar av banken, må du som regel tilby ei form for sikkerheit. Det vil seie at du lar banken ta pant i noko du eig, til dømes bustad, hytte, tomt, bil eller båt.
Dersom du mislegheld lånet ditt, altså at du ikkje betaler renter og avdrag som avtalt, kan banken krevje at du sel tingen du eig og betaler tilbake det du skuldar. Ofte verkar dette slik at desto betre sikkerheit du klarer å stille til banken, desto betre vilkår (renter) kan du få på pengane du låner. Derfor er òg forbrukslån og kredittkort, som er lån utan sikkerheit, dyrare.
Sjå også
Kor mykje eigenkapital må eg har for å kjøpe bustad?
Kor mykje kan eg låne til bustad?