LOfavør Eigen pensjonskonto

Er du medlem i eit LO-forbund, får du ein ekstra god avtale på eigen pensjonskonto. 

Dame med kaffi

Meir pensjon for pengane:

Som medlem av eit LO-forbund får du no svært gode vilkår og blant marknadens lågaste gebyr på innskotspensjonen din.

Berekraftig forvaltning

Sparar du til pensjon hos oss, kan du vere trygg på at berekraft og langsiktig verdiskaping er godt ivareteke.

Dame med sparebøsse.

Vi hjelper deg trygt inn i framtida.

Med enkle verktøy og god rådgjeving, kan pensjonistlivet bli akkurat sånn du har sett det føre deg.

Prisar og vilkår

  • Prisen avheng av kva spareprofil du vel, og varierer frå 0,16 - 0,80 %
  • Administrasjon av avtalen kostar 0,02 % av saldo.

Korleis blir pengane plasserte og kva kostar det?

Du kan sjølv velja korleis du vil at pengane skal plasserast. I tabellen nedanfor ser du kva spareprofilar og forvaltningsformer du kan velje mellom og kva det kostar. 
Les meir om spareprofilane her

Vi prøver å gjere det enkelt å forstå produkta våre, men sjølvsagt kan det vere noko du ikkje fann svar på likevel. Er det ord og uttrykk du lurer på kva betyr?
Sjå pensjonsordlista vår her.

  

Spareprofil/forvaltningsform Aktiv Svanemerka Indeks
Alderstilpassa: 0,29 -0,80 % 0,16 % 0,16 %
Renter:  0,16 % 0,16 % 0,16 %
Forsiktig:  0,50 % 0,16 % 0,16 %
Moderat:  0,60 % 0,16 % 0,16 %
Offensiv:  0,70 % 0,16 % 0,16 %
Aksjar:  0,80 % 0,16 % 0,16 %
Administrasjonsgebyret er 0,02 % av saldo.      

 

 

Vilkar og viktig informasjon om LOfavør Eigen pensjonskonto

LO-fordelane gjeld så lenge du er medlem av eit LO-forbund.

Medlemsfordelar for deg med LOfavør Eigen pensjonskonto

Store kollektive avtalar gir lågare gebyr og meir til pensjonssparing. Pengane dine blir investert i Svanemerka fond eller indeksfond med låge gebyr, slik at dei får moglegheit til å vekse og samstundes bidra til ei meir berekraftig verd.

  • Administrasjonskostnad: 0,02 % av saldo i heile avtaleperioden.
  • Forvaltningskostnad: 0,16 % for sparing i Svanemerka fond og indeksfond.
  • Med  berekraftig sparing blir pensjonen din plassert i bedrifter med høgt fokus på samfunnsansvar, anstendige arbeidsforhold og menneskerettar.
  • Nytt LOfavør Pensjonskapitalbevis med tilsvarande innhald som eigen pensjonskonto.

Kva er eigen pensjonskonto?

Eigen pensjonskonto er ein konto der all pensjonen automatisk blir samla. Du får eigen pensjonskonto hos arbeidsgjevaren din sitt pensjonsselskap. I pensjonkontoen blir pensjonen samla frå

  • den arbeidsgjevaren du har i dag
  • tidlegare arbeidsgjevarar – også kalla pensjonskapitalbevis.
  • enkelte private pensjonsprodukt med same skattereglar som innskotpensjon.

Få svar på alt du lurer på om eigen pensjonskonto

Du må sjølv ta eit aktivt val om å opprette LOfavør Eigen pensjonskonto, viss ikkje vil pengane dine bli samla i éin konto hos pensjonsleverandøren til din arbeidsgjevar.

Eigen pensjonskonto gjeld for deg som jobbar, eller har jobba i ei bedrift med innskotspensjon med investeringsval.

Eigen pensjonskonto gjeld ikkje

  • viss du ikkje har sparing i innskotspensjon gjennom arbeidsgjevar 
  • viss du jobbar i offentleg sektor, i kommune eller stat 
  • viss du er pensjonist
  • ytelsespensjon og fripoliser
  • hybridpensjon og pensjonsbevis
  • IPS og annan privat pensjonssparing med forsikringselement eller andre skattereglar
  1. Har du valt å flytte til LOfavør Eigen pensjonskonto, vil også innskotspensjon frå framtidige arbeidsforhold automatisk bli flytta dit.
  2. Byter du jobb til ein arbeidsgjevar som ikkje sparer i innskotspensjon, for eksempel i offentleg sektor, stoppar den månadlege sparinga til LOfavør Eigen pensjonskonto og oppsparte pensjonspengar vert overførte til eit LOfavør Pensjonskapitalbevis.

LO-fordelane gjeld så lenge du er medlem av eit LO-forbund. 

Det kostar ingenting å flytte til LOfavør Eigen pensjonskonto.

Når du har innskotspensjon gjennom jobben er det arbeidsgjevar som betalar kostnadane for pensjonen du tener opp no. Vel du eit eige pensjonsselskap betaler du desse kostnadane sjølv, men du får ein sum tilbakebetalt ein gong i månaden frå arbeidsgjevar. Dette beløpet tilsvarer forvaltningsgebyret arbeidsgjevar ville betalt for standard forvaltning (oppstartsprofilen) i arbeidsgjevar sitt pensjonsselskap. Du får ikkje kompensasjon for spareverdi frå tidlegare arbeidsforhold.

Tilbakebetalinga kan både vere lågare og høgare enn dei faktiske kostnadane for sparinga di hos det pensjonsselskapet du har valt. Forskjellen vil bli overført eller trekt frå sparesaldoen din. 

Informasjon om avtalen du har i dag finn du på norskpensjon.no.

Du kan når som helst seie opp din LOfavør Eigen pensjonskonto hos oss. Sparesaldoen vil då bli overført til arbeidgjevaren din sin pensjonsleverandør. 

LO-fordelane gjeld så lenge du er medlem av eit LO-forbund. 

  • Du kan ha pensjonen din hos oss – både via arbeidsgjevar, eller som eige val.
  • Arbeidsgjevaren du har i dag, betalar forvaltningskostnadane for pensjonen du opptener no. 
  • Arbeidsgjevar betaler ikkje for pensjonen du har opptent i tidlegare jobbar, med mindre den har opna for det.
  • Vel du å flytte pensjonen din til oss, kan du oppleve at sjølve flytteprosessen kan ta litt tid. Det kan ta opptil 30 virkedagar før flyttinga er gjennomført. Du kan heile tida sjå flyttestatus i mobilbanken eller nettbanken, og i pensjonsoversikta i kundeportalen. 
  • Vel du å flytte pensjonen din til oss, får du ein prisfordel på privat sparing.  Les meir om fordelane dine her.
  • Tidlegare opptent pensjon som er slått saman i eigen pensjonskonto vil ikkje kunne bli splitta opp igjen.

Snakk med ein rådgjevar

Lurer du på noko om LOfavør Eigen pensjonskonto og dine medlemsfordelar, hjelper vi deg gjerne.


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }