Tips og råd
Pensjonskapitalbevis
Pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon frå tidlegare arbeidsforhold. Samlar du pensjonskapitalbevisa på ein stad får du betre oversikt.
Pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon frå tidlegare arbeidsforhold. Samlar du pensjonskapitalbevisa på ein stad får du betre oversikt.
I tabellen nedanfor ser du kva spareprofilar og forvaltningsformer du kan velje mellom og kva det kostar.
Les meir om spareprofilane her
Vi prøver å gjere det enkelt å forstå produkta våre, men sjølvsagt kan det vere noko du ikkje fann svar på likevel. Er det ord og uttrykk du lurer på kva betyr?
Sjå pensjonsordlista vår her.
Spareprofil/forvaltningsform | Aktiv | Svanemerka | Indeks |
Alderstilpassa: | 0,67 -1,35 % | 0,50 % | 0,50 % |
Renter: | 0,50 % | 0,50 % | 0,50 % |
Forsiktig: | 1,05 % | 0,50 % | 0,50 % |
Moderat: | 1,15 % | 0,50 % | 0,50 % |
Offensiv: | 1,25 % | 0,50 % | 0,50 % |
Aksjar: | 1,35 % | 0,50 % | 0,50 % |
Årleg avtalegebyr er 0,50 % av G, maks 2 % av saldo. G står for grunnbeløpet til folketrygda. 1 G = 124.028 kroner.
Eit pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon frå tidlegare jobbar du har hatt. Har du jobba i ei privat bedrift som har innskotsbasert pensjonsordning, vil du få eit pensjonskapitalbevis som viser kor mykje pensjon bedrifta har spart for deg i løpet av arbeidsforholdet.
Har du bytta jobb fleire gonger, kan du ha fleire pensjonskapitalbevis.
Eit pensjonskapitalbevis kan vere med investeringsval eller med avkastningsgaranti. Det er kun dei med investeringsval som samlast i eigen pensjonskonto.
På eigen pensjonskonto samlast all di pensjonssparing frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar på éin stad.
Pensjonskapitalbeviset blir forvalta av pensjonsleverandøren til den siste arbeidsgjevaren din, med mindre du vel ein annan leverandør. Ved jobbskifte blir pensjonskapitalbeviset automatisk flytta til pensjonsordninga til den nye arbeidsgjevaren viss dei også har innskotpensjon.
Viss den nye jobben ikkje har innskotpensjon hos oss, kan du flytte pensjonskapitalbeviset hit.
Har du fleire pensjonskapitalbevis, kan du samla dei hos oss. Då får du betre oversikt.
Har du allereie ein pensjonsavtale hos oss, får du same spareprofil på alle pensjonskapitalbevisa dine. Er dette din første avtale hos SpareBank 1, får du ein alderstilpassa spareprofil. Med alderstilpassa spareprofil får du automatisk ei blanding av aksje- og rentefond. Fordelinga blir justert og tilpassa alderen din. Du kan sjølv endre spareprofil etter at pensjonskapitalbevisa er flytta.
Hugs å huke av for at du vil slå saman pensjonskapitalbevisa til éin felles avtale når du flyttar dei, så blir det endå enklare for deg å halde oversikt over pensjonen.
Som medlem av eit LO-forbund får du gode betingelsar for pensjonskapitalbevisa dine. Ved å samle avtalane dine unngår du unødvendige årlege gebyr, du får enklare oversikt og betre kontroll over den framtidige pensjonen din.
Som LO-medlem betaler du eit avtalegebyr på berre 0,02 % av saldo. I tillegg kjem det eit forvaltningsgebyr som avheng av spareprofil på avtalen din. For Svanemerka- eller indeksforvaltning ligg prisane fast på 0,16 % av saldo. På spareprofilane våre med aktiv forvaltning, varierer prisane med 0,9 % av saldo for spareprofil med berre aksjar og 0,4 % av saldo for spareprofil med berre renter.
Pensjonskapitalbevis, pensjonsbevis og fripolise er alle dokument som viser at tidlegare arbeidsgjevarar har betalt inn pengar til pensjon, som sikrar at du får utbetalt pensjon når du når pensjonsalder.
Då får du rimlegare pris på privat sparing i IPS og pensjonssparingskonto. Prisfordelen gjeld også om du er medlem av ein innskotspensjon eller hybridpensjon hos oss.
Når du sparer til pensjon, kan pengane forvaltast på ulike måtar som påverkar samfunnet. Hos oss kan du vere trygg på at berekraft er godt ivareteke.
Er du usikker på om du har fleire pensjonskapitalbevis?
På norskpensjon.no finn du ei oversikt over pensjonsavtalane dine. Der finn du òg avtalenummer på dei ulike pensjonskapitalbevisa dine. Dette nummeret treng du for å kunne samle bevisa hos eitt og same selskap, som for eksempel oss.
I nettbanken og mobilbanken har du alltid oversikt over pensjonskapitalbevis som står hos oss. Du får full oversikt over pensjonen din ved å velje Pensjonen min under sparing i menyen.
Pensjonskapitalbevis (ofte forkorta PKB) er eit "bevis" på pensjonspengar du har opparbeidd deg i tidlegare jobbar du har hatt. Du får eit bevis kvar gong du sluttar i ei bedrift som har innskotsbasert pensjonsordning. Det vil seie at jobben sparer ein fast prosent av løn kvar månad til pensjonen din.
Har du bytta jobb fleire gonger er det sannsynleg at du har eitt eller fleire pensjonskapitalbevis. Kor pensjonen din er plassert blir bestemt av bedrifta du jobbar i, men når du sluttar i jobben kan du velje å flytte pensjonskapitalbevisa dit du sjølv ønsker.
Pensjonskapitalbevisa kan tidlegast utbetalast ved 62 år og utbetalast i minst 10 år.
Du betalar eit årleg avtalegebyr på 0,5 % av grunnbeløpet (G) i folketrygda, men aldri meir enn 2 % av saldo (1 G er for tida 124.028 kroner). Har du ikkje godkjent at vi kan sende deg informasjonen digitalt, har du eit årleg avtalegebyr på 0,6 %, men aldri meir enn 2,4 % av saldo. I tillegg kjem forvaltningskostnadar som avheng av spareprofilen din eller investeringsvalet ditt.
Er du 35 år, e-kunde og har 50 000 i saldo på eit pensjonskapitalbevis, blir kostnadane det første året cirka:
Avtalegebyr | 507 kr |
Eit gebyr for administrasjon av avtalen (0,5 % av G). | |
Forvaltning | 675 kr |
Kostnader for aktiv forvaltning av beviset (alderstilpassa, 1,35 % av sparesaldo). | |
Sum kostnader første år | 1182 kr |
Kostnadar blir berekna ut frå saldoen din og trekkast automatisk. |
Det kostar ingenting å flytte pensjonskapitalbevis til oss.
Dette bør du gjere
Selskapet du har i dag har ein månads frist på å flytte pensjonskapitalbeviset. Når avtalen er flytta får du tilsendt nye avtaledokument frå oss.
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no