Indeksfond

Indeksfond passar for deg som er opptatt av låge kostnadar, enten du er nybegynnar eller en erfaren fondssparar. 

Indeksfond passar for deg som er opptatt av låge kostnadar, enten du er nybegynnar eller ein erfaren fondssparar.
Følger marknaden
Målet er å attskape avkastninga i marknaden fondet følger.
Låge kostnadar
Du får meir igjen for sparepengane dine.
Spreier risikoen
Du spreier sparinga di i fleire selskap.

Kva er indeksfond?

Indeksfond er ei form for aksjefond som følger ein referanseindeks, som Hovudindeksen på Oslo Børs eller verdsindeksen. Målet er å attskape avkastninga i den delen av aksjemarknaden som fondet følger.  

Indeksfond har typisk låge kostnadar då det ikkje er nokon forvaltarar som aktivt tar stilling til kva aksjar som skal kjøpast og seljast. 

Forskjellen på indeksfond og aktivt forvalta fond.

Beste indeksfond?

Det finst fleire ulike indeksfond å velje mellom. Indeksfonda følgjer forskjellege aksjeindeksar, som gjer at verdiutviklinga kan variere noko. Over tid er det dei med lågast pris som har best føresetnader for å gi deg best avkastning.

Familie i sofa.

Vel eit SpareBank 1-indeksfond som passar for deg

SpareBank 1
Indeks Teknologi

Fondet investerer i leiande teknologiselskap over heile verda – og lar deg ta del i den digitale utviklinga og framtidas løysingar.

SpareBank 1
Indeks Norge

Fondet investerer i dei største og mest omsette selskapa på Oslo Børs – og lar deg vere med på verdiskapinga i norsk næringsliv.

SpareBank 1
Indeks Global

Fondet investerer breitt i over 1200 selskap over heile verda – og lar deg enkelt ta del i den globale verdiskapinga.


Hand helde mobil

SpareBank 1-indeksfonda:

  • Gir deg god risikospreiing – investerer i mange selskap.
  • Følger etablerte indeksar – fonda har som mål å gjenskape avkastninga i marknadene fonda følgjer.
  • Har låga kostnadar – har som mål å gje deg marknadsavkastning til ein lågare pris enn fond som aktivt prøver å slå marknaden.
  • Er forvalta i samarbeid med KLP – ein av Norges største og mest erfarne indeksforvaltarar, med sterk kompetanse på berekraft og ansvarlege investeringar.

Globalt indeksfond

Vel du å spare i eit globalt indeksfond, spreier du sparinga di på tvers av land, regionar eller bransje.

Globale indeksfond forsøker å attskape verdiutviklinga på dei største selskapa over heile verda. I hovudsak er det to typar globale indeksfond:

  • Heile verda, alle land: ACWI (All country world index)
  • Modne marknader, til dømes Vest Europa, Australia, Canada, Hong Kong, Japan, New Zealand, Singapore, og USA: MSCI World.

Du kan også velje indeksfond som investerer i bestemte marknadar eller sektorar, som til dømes eit utval av selskapa på Oslo Børs eller i teknologisektoren.

Fordelar og ulemper med indeksfond

Både indeksfond og aktivt forvalta fond kjem med fordelar og ulemper for deg som sparer.

Fordelar med indeksfond

  • Indeksfond er enkelt, og du veit kva du får. Målet er å attskape avkastninga i den delen av marknaden fondet følger. 
  • Går marknaden bra, går fondet bra. 
  • Gode indeksfond er relativt enkle å identifisere, om du veit kva del av aksjemarknaden du ønsker å følge.
  • Forvaltninga av indeksfond er i stor grad automatisert med datamaskiner og kostnadane er derfor relativt låge.

Ulemper med indeksfond

  • Ulempa med indeksfond er at du ikkje vil få betre avkasting enn indeksen som fondet følger, i motsetning til aktivt forvalta fond som forsøker å skape betre avkastning enn referanseindeksen.
  • Indeksfond består ofte av mange selskap og det kan vere utfordrande å vite korleis alle fonda står seg på til dømes berekraft. 
  • Du risikerer å få overprisa selskap med dårlege framtidsutsikter med på lasset.
  • Sjølv om det er lett å finne gode indeksfond, er det ikkje lett å vite kva slags indeksfond du skal spare i. Utvalet er stort og fonda følger ulike aksjeindeksar.

Kva lurer andre på?

Lær meir om fondssparing

Her finn du det du treng å vite om fondssparing. Kom i gang du også, så når du måla og draumane dine fortare. 

Fond forklart

Kort om avkasting
Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnadar ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.

For deg som handlar fond og verdipapir
Sjå avtalar og retningslinjer


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }