Spar meir og spar smart til bustad.
Bustadsparekonto
Kva er Bustadsparekonto?
Bustadsparekonto er for deg som vil spare meir til bustad enn maksbeløpet for vanleg BSU.
Sparinga gir ikkje skattefrådrag, men du får framleis god rente på sparinga.
Du kan maks spare 30.000 kroner per år og 300.000 totalt
Ein Bustadsparekonto kan du spare i til og med det året du fyller 34 år.
Har du skattbar inntekt over 111.000 kroner, og ikkje pengar til å fylle opp ordinær BSU? Då kan du ta kontakt med oss for overføring frå Bustadsparekonto til ordinær BSU-konto slik at du får skattefrådrag.
Vil du hjelpe barna med å nå bustaddraumen?
Med Bustadsparekonto kan du med ekstra god rente hjelpe barna å spare til bustad. Pengane kan berre brukast til å kjøpe bustad, nedbetale bustadlån, eller bli overført til ordinær BSU. Vi anbefaler å spare til Bustadsparekonto så lenge barnet ikkje har eiga inntekt over 111.000 kroner.
- Du kan maks spare 30.000 kroner per år og 300.000 totalt
- Du opprettar kontoen i namnet til barnet.
- Begge foreldra/verjene må signere kontoavtalen.
Renter og vilkår
- Du kan spare inntil 30.000 kroner per år og 300.000 kroner totalt
- Alle uttak er gebyrfri
- Du må vere mellom 0 og 34 år.
Alder
Du kan spare til og med det året du fyller 34 år, eller til du har nådd totalbeløpet på 300.000 kroner. Vi gjer merksam på at oppretting av enkelte kontotypar treng godkjenning av foreldra dine/verjer sjølv om kontoen skal stå i ditt namn.
Oppretting
Er du allereie kunde hos oss, kan du opprette Bustadsparekonto. Er du ikkje kunde hos oss, og eller har BSU-konto i annan bank som du ønsker å overføre til oss, hjelper vi gjerne med å flytte kontoen over. Det er inga bindingstid.
Bruk
Pengane du sparer er øyremerka bustad. Dei kan brukast til eigenkapital ved bustadkjøp, nedbetaling av bustadlån, kjøp av byggetomt eller bygging av garasje, eller oppussing av bustaden. Dersom du ønsker å ta ut pengar kan du gjere det så lenge uttak ikkje overskrider årets innskot. Uttak utover årets innskot vil medføre at Bustadsparekontoen vert sperra for nye innskot. Dersom pengane blir brukt på andre formål enn bustad og det gjeld uttak utover innskot du har gjort i år, blir kontoen avslutta og beløpet overført til ønska konto.
Sparebeløp og renter
Du kan spare inntil 30.000 kroner i året og maksimalt 300.000 kroner totalt. Renter du sparer opp undervegs kjem i tillegg til dette. Du bind deg ikkje til noko fast sparebeløp. Du kan setje inn pengar når du vil, eller velje ein fast spareavtale. Det faste trekket på spareavtalen kan du sjølv regulere opp eller ned. Frå fylte 35 år vil renta på Bustadsparekonto vere tilsvarande rente på ordinær sparekonto, og du kan fritt disponere kontoen.
Skatt
Bustadsparekonto gir ikkje skattefrådrag på årleg oppspart beløp.
Kor mykje eigenkapital treng du?
Hovudregelen er at du må ha spart opp 10% av det du betaler for bustaden du ønsker å kjøpe. 90 % kan du låne i banken.
Dette betyr at dersom du skal kjøpe ein bustad til 2 millionar kroner, må du sjølv ha spart opp 300.000 kroner. Sparer du fullt på BSU og Bustadsparekonto, vil du totalt ha cirka 600 000 kroner i opptent eigenkapital når du skal kjøpe bustad.
Er dykk to som skal kjøpe saman, vil de med to fulle BSU-kontoar og to fulle Bustadsparekontoar kunne ha spart opp 1,2 millionar kroner, eller nok eigenkapital til ein bustad til 12 millionar kroner.
Bustadlån for deg under 34 år
Er du under 34 år kan du søke om vårt aller beste bustadlån - uavhengig av om det er den første, andre eller tredje bustaden du skal kjøpe.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no