Innbu- og reiseforsikring for unge

Det er smart å ha forsikring både inne og ute. Er du under 34 år får du reise- og innbuforsikring i éin forsikringspakke.

Du kan sjølvsagt også kjøpe innbuforsikring og reiseforsikring kvar for seg.

glade studentar i kollektiv kjøper innbu- og reiseforsikring for unge på pc
Ulykkesforsikring er òg inkludert i forsikringspakken.
Du får dekt meirutgifter viss du må bu heime etter ein skade på bustaden.
Du får juridisk hjelp og rådgjeving ved ID-tjuveri.

Pris per månad

frå 159 kr
  • Inkluderer både innbu- og reiseforsikring.
  • Ulykkesforsikring er også inkludert.
  • Pris per år for einsleg er 1932 kroner.
  • Pris per år for familie er 2462 kroner.
LOfavør Studentpakke

Kjekt å vite om innbu- og reiseforsikring for unge

Har du flytta heimafrå er kanskje innbuforsikringa og reiseforsikringa dei viktigaste forsikringane du treng. Då er du og tinga dine dekt både heime og på reise.

Kva dekker innbu- og reiseforsikringa?

Du er dekt på dei same vilkåra som om du hadde innbuforsikring topp og heilårs reiseforsikring. Dei einaste unntaka frå desse forsikringane er at dei:

  • gjeld inntil 70 dagar samanhengande reise (ikkje mogleg med utviding).
  • dekker innbu for maks 300.000 kroner.

Forsikring kan dekke ein person (singeldekning) eller fleire personar (familiedekning). Familiedekning passar for deg som har sambuar, ektefelle eller barn.

Flytta heimafrå?

Du er ikkje lenger dekt av forsikringane til foreldra dine når du melder flytting i Folkeregisteret. Enten du er student og bur på hybel, leiger leilegheit eller kjøper din første bustad, bør du ha ei innbuforsikring som sikrar tinga dine. Legg du saman verdien på til dømes sykkel, sportsutstyr, tv, pc, smykke og klede, kan tinga dine vere verdt meir enn du trur. 

Dei fleste unge treng også reiseforsikring. Etter du fyller 21 år er du ikkje lenger dekt av foreldra dine. Ei reiseforsikring dekker tinga du har med deg på tur, og i tillegg er du forsikra mot skader og sjukdom på reisa.

Med forsikringspakka «innbu- og reiseforsikring for unge» har vi samla det du treng for å sikre deg sjølv og tinga dine, både heime og på tur.

Reisekortet får du på mobilen

Du gløymer ikkje mobilen når du skal ut å reise. Derfor får du også reisekortet ditt på mobilen. Reisekortet er alltid tilgjengeleg, sjølv utan internett-tilgong. 

 

Ulykkeforsikring er også inkludert

I reiseforsikringa er det allereie inkludert ei ulykkeforsikring. Denne gir deg ei eingongsutbetaling på 500.000 kroner ved 100 % medisinsk invaliditet. Ved dødsfall får dine etterlatne denne eingongsutbetalinga.

Les meir om ulykkesdekning i reiseforsikringa.

Eigenandel

Innbuforsikringa har ein eigenandel på 4.000 kroner, men unntak av nokre faste eigenandelar. Reiseforsikringa har ingen eigenandel, med unntak av tjuveri/skade på mobiltelefon.


Innbu- og reiseforsikring vilkår og IPID

Vilkår

Her kan du laste ned fullstendige vilkår som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.

Har du innbu- og reiseforsikring hos oss frå før, må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg. 


Har du hatt uhell eller skade heime eller på reise?

Blant Norges beste på skadeoppgjer

*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Forsikringsselskapet vårt, Fremtind, kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeteneste og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, mellom 22 andre forsikringsselskap.

Les om våre best i test-utmerkingar

Kva lurer andre på?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt, Fremtind.


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }