Du kan få inntil 2750 kroner i skattefrådrag kvart år.
Eigenkapital
Ver klar til du skal kjøpe bustad.
BSU-rente og vilkår
6,50 %
Spar inntil 27.500 kroner per år og 300.000 kroner totalt
Få 10 % av det du sparer per år som skattefrådrag
For å få fullt frådrag for BSU-sparinga, må du ha inntekt over 111.000 kroner i året
Skattefrådrag blir gitt til dei som endå ikkje har kjøpt den første bustaden sin
Spar på BSU-kontoen til og med det året du fyller 33 år
Kva er BSU?
BSU (Bustadsparing for ungdom) er ein sparekonto for deg under 34 år, som vil spare til eigen bustad. Du får den beste renta vår frå første krone, og skattefordel på sparebeløpet.
Du får 10 % i skattefrådrag på sparepengane du sette inn på BSU-kontoen førre kalenderår.
Du sparer til bustaddraumen på ein eigen konto.
Du vel sjølv kor ofte og kor mykje du vil spare av det årlege sparebeløpet.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du kjøper bustad.
For å få fullt skattefrådrag, må du ha inntekt over 111.000 kroner. Skattefrådraget gjeld berre deg som ikkje eig bustad (heilt eller delvis) per 31. desember i inntektsåret.
75 kroner dagen gir full BSU-konto
Visste du at viss du klarer å spare 75 kroner om dagen, eller 2292 kroner i månaden, har du ein full BSU-konto på slutten av året?
Bustadsparekonto er for deg som allereie har ein BSU-konto hos oss, og som ønsker å spare meir enn maksbeløpet på vanleg BSU. Du får framleis god rente, men utan skattefordel.
Bustadsparekonto passar også for deg som vil spare til barn og unge utan skattbar inntekt.
Frå det året du fyller 34 årkan du ikkje lenger setje inn pengar på BSU-kontoen din, men du treng ikkje avslutte kontoen. For å få skattelette på det du har spart det året du fyller 33 år, må pengane stå på konto til over nyttår. Når du har kjøpt bustad, og eig den heilt eller delvis per 31. desember, mistar du retten til skattefrådrag for dette året.
Du kan behalde BSU-kontoen din etter at du er 33 år, men den må til sjuande og sist brukast til bustadsformål.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane til. Dersom BSU-pengane blir brukt til føremål som ikkje er godkjent i samsvar med Skatteetaten sine reglar, er det du som er pliktig til å informere Skatteetaten.
Ikkje godkjent bruk av BSU-pengar vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefrådrag på sparinga.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Nei, du må ikkje bruke BSU-kontoen når du skal kjøpe bustad.
Om du bruker pengar frå BSU-en din til å kjøpe bustad er opp til deg sjølv og økonomien din. Ofte vil det bli lettare å kome inn på bustadsmarknaden om du bruker BSU-kontoen din. Dette kan også bety at du får mindre lån.
Kjøper du bustad før fylte 34 år, og renta på BSU-kontoen er høg, kan det vere ein fordel å vente med å «sprette» BSU-en, for renta på innskotet kan vere høgare enn bustadlånsrenta.
Før du har kjøpt din første bustad, får du eit skattefrådrag på inntil 10 % av det årlege sparebeløpet på BSU, så framt du har skattbar inntekt. Etter at du har kjøpt din første bustad, får du ikkje skattefrådrag i det heile tatt.
Som ein hovudregel skal bankane ikkje låne ut meir enn 90 % av kjøpesummen. Det betyr at du må ha 10 % eigenkapital når du skal kjøpe bustad. I tillegg må du dekke kostnadane ved kjøpet. Kor mykje du må betale i omkostningar, avheng av kva type bustad du kjøper.
Sjølveigar: Du må betale 2,5 % av kjøpesummen i dokumentavgift til staten, og eit lite gebyr for tinglysing av skøyte og tinglysing av sikkerheita til banken.
Burettslag: Kostnadane er betydeleg lågare, ca. 5000 kroner.
Kjøper du ein einebustad til 4 millionar kroner, må du altså ha 400 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du betale ca. 100 000 kroner i omkostningar.
Du kan bruke BSU som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Merk at du ikkje kan spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengane, med mindre det er pengar du har spart tidlegere i år.
Det er mogleg å låne meir enn 90 % av kjøpesummen viss du har nokon som kan stille som kausjonist.
Skattefrådraget på BSU er 10 % av det du sparer per år. Det vil seie inntil 2750 kroner. Pengane må vere på konto innan 31. desember, og stå over årsskiftet. Banken melder inn beløpet du har spart til Skatteetaten, som reknar ut skattefrådraget basert på inntekta di.
Skattefrådraget er berre for dei som ikkje eig eigen bustad frå før av. Det vil seie, eig du ein bustad (heilt eller delvis) per 31. desember får du ikkje skattefrådraget for dette året.
For å få fullt utbyte av BSU-frådraget, må du tene over 111.000 kroner. Først då betaler du nok skatt til at du får frådrag for det maksimale BSU-innskotet på 27.500 kroner.
Ja, det kan du! Frå 1. januar 2021 blei det godkjent å bruke oppsparte BSU-pengar til oppussing, påbygging og vedlikeholdsarbeid på eigen bustad. Det vil seie at du for eksempel kan bruke BSU-pengane til oppussing eller påbygging (på eigen bustad) du har gjort frå 1. januar 2021.
Du er sjølv ansvarleg for kva du bruker BSU-pengane på. Dersom BSU-pengane brukast til formål som ikkje er godkjent i henhold til Skatteetaten sine føreskrifter, er det du som er pliktig å opplyse Skatteetaten. Ikkje godkjent bruk av BSU-pengane vil føre til at du må betale tilbake det du har fått i skattefradrag.
Du kan ikkje spare meir på BSU-kontoen etter at du har begynt å bruke BSU-pengene, med mindre det er pengar du har spart tidlegare i år. Desse er ikkje låste før årsskiftet og kan takast ut igjen.
Du kan flytte BSU-kontoen du har i ein annan bank til oss.
Når du vel å flytte BSU-kontoen din til oss, må du legge inn kontonummeret til BSU-kontoen du har i dag og bekrefte at du ønsker å flytte denne kontoen til oss.
Du kan berre ha éin BSU-konto, derfor er det viktig at denne flyttinga skjer korrekt og at du ikkje avsluttar BSU-kontoen din før du opprettar ein ny hos oss. Les meir om reglane for BSU her.
Er du under 18 år må kontoen opnast av dine foreldre/verge. Verge må sende oss ei melding i nettbanken eller mobilbanken, så hjelper vi dykk med å opprette BSU-kontoen.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}