Det kan vere mykje å tenke på når ein av dine nærmaste døyr. Lurer du på kva som skjer med bankforholdet til den avdøde, og kva du gjer med dødsbuet? Følg denne rettleiinga for å ordne det praktiske.
Gravferdsbyrået hjelper deg med praktiske oppgåver etter dødsfallet og varslar tingretten. Tingretten varslar vidare til folkeregisteret og NAV. Du vil då få tilsendt eit orienteringsbrev frå tingretten.
Som arving er det viktig at du skaffar deg oversikt over avdøde si formue og gjeld før du tar stilling til korleis dødsbuet skal handterast. Til dette treng du ein formuesfullmakt, som du får av tingretten. Ei formuesfullmakt gir deg adgang til å få oversikt over kva avdøde har av formue og gjeld i banken. Den gir deg òg tilgang til opplysningar frå blant anna skatteetaten.
Send eller lever formuesfullmakten (Fullmakt vedrørande formue- og gjeldsforhold) til Naustdalsvegen 4, 6800 Førde. Merk konvolutten med "Dødsbu". Du kan òg bruke skjema for Oppgjer dødsbu og sende det inn til oss elektronisk.
Så snart vi har fått fullmakta, sender vi deg ei oversikt over den avdøde si gjeld og formue. Då kan du ta stilling til om du vil overta buet til privat skifte.
Arvingane må ta stilling til korleis buet (formue, gjeld, rettar og forpliktingar) skal skiftast, og kven som skal fordele arven etter den avdøde.
Det vanlegaste er at arvingane overtek ansvaret for heile dødsboet, og at dei gjer opp gjelda og fordelar arven etter lova sine reglar. Dette heiter privat skifte.
Dersom ein er fleire arvingar må den som har påtatt seg skifteoppgjeret skaffe fullmakt frå dei andre arvingane for å ha dialog med mellom anna banken, skatteetaten og NAV. Arvingane kan òg gjere dette saman.
Når du har fått tak i papira frå tingretten, tar du kontakt med oss via nettbanken din og legg ved dokumentasjon.
Vi treng
skifteattest eller uskifteattest
fullmaktsskjema som høyrer til skifteattesten
Ved skifteattest må du sende ved fargekopi av legitimasjonen til alle arvingane.
Når vi har fått skifteattest, fullmaktsskjema som høyrer til skifteattesten, og fargekopi av legitimasjonen til alle arvingane kan vi bistå deg med å avslutte den avdøde sii kundeforhold hos oss.
Ønsker du å avtale tid for ei gjennomgang av praktiske gjeremål i samband med avdøde sii kunde- og kontoforhold. Ring oss på 57 82 97 00 eller avtal eit møte.
Vi avsluttar kort, BankID, nettbank, avtalegiro og eFakturaavtalar.
Pengar avdøde har på konto blir sperra for uttak, også for personar som har hatt tilgang til kontoar. Kontoane blir framleis opne for innbetalingar.
Rekningane til nødvendige gravferdsutgifter (utgifter til gravstein dekkast ikkje) kan betalast frå avdøde sin konto før skifteattesten er klar. For andre rekningar, sjå meir informasjon under.
Om avdøde har livs- eller pensjonsforsikringar i SpareBank 1 Forsikring eller Fremtind (tidlegare SpareBank 1 Forsikring) må arvingar kontakte SpareBank 1 Forsikring/Fremtind direkte. Meld krav til SpareBank 1 Forsikring
Banken har taushetsplikt. Det betyr at vi ikkje kan dele opplysingar om den avdøde sitt kundeforhold før vi har motteke dei nødvendige fullmaktene og attestane.
For dødsfall som har skjedd før 2021, kan vi berre informere arvingar om den avdøde sitt kundeforhold i tida etter dødsfallet.
For dødsfall frå 2021 gir den nye arvelova frå 01.01.2021 innsyn også i dei siste tre månadene før dødsfallet.
Rekningar
Ved eit dødsfall vil avdøde sine kontoar bli sperra for bruk, også for personar som hadde tilgang til kontoane tidlegare.
Før ein skifteattest er på plass dekkast gravferdsutgiftene til
kiste
gravferdsbyrå
gravlegging
Gravstein dekkast ikkje som ein del av gravlegginga.
Viss rekningar står i avdøde sitt namn, kan desse utgiftene dekkast av buet, i tillegg til gravferdsutgiftene:
straum
forsikringar
offentlege avgifter (unnlaten betaling kan medføre tap)
Andre utgifter, til dømes telefon, bustadlån, forbruksgjeld osv. dekkast ikkje av midlane i buet.
Før pårørande og arvingar har fått skifteattesten kan de betale rekningane frå den avdøde sin konto inntil 3 månadar etter dødsfallet. Etter at skifteattesten er levert kan de ikkje betale rekningar frå avdøde sine konti lenger. Då må ein fullmektig, som oftast pårørande og arvingar, dekke dette frå eigen konto. Etter 6 månader er det ikkje mogleg å betale rekningar frå den avdøde sin konto.
Gjeld
Lån og annan gjeld må avsluttast, refinansierast eller overdragast så snart skiftet er klart. Vel du å bruke arveretten din, har du også eit solidarisk ansvar overfor avdøde si gjeld, som betyr at du må ta forhandlingane med kreditorane på vegne av avdøde.
Kontoar:
Kontoar, gjeld og andre midlar frå den avdøde skal gjerast opp eller overførast til arvingar. Dette skjer normalt innan seks månader etter dødsdatoen.
Ein rådgjevar frå lokalbanken din kan hjelpe deg med å avslutte den avdøde sitt kundeforhold. Rådgjevaren vil også hjelpe til med lån, fond, forsikringar og anna som er relevant for kundeforholdet.
Hadde avdøde kun kontoar hos oss, ikkje lån, kan du sende ei melding frå din nettbank med informasjon om kva kontoar som skal avsluttast og kva kontonummer pengane skal settast inn på. Legg ved skifteattest, tilhøyrande fullmakter og legitimasjon frå alle arvingar i meldinga. Du har då ansvaret for å vidarefordele til eventuelle andre arvingar.
Greitt å vite
Var du avdøde sin sambuar eller ektefelle, og hadde de felles lønnskonto? Då må du opprette ny konto. Hugs å varsle arbeidsgjevar eller NAV om det nye kontonummeret ditt.
Avdøde sin brukskonto bør ikkje gjerast opp før etterinnbetalingar av lønn eller pensjon har kome inn på konto.
Hugs at også skattepengane kjem seinare, som betyr at du må varsle skatteetaten om ein ny utbetalingskonto. Dersom avdøde gjekk bort midt i året, må du levere skattemelding (sjølvmelding) for dette året også.
Det kan ta 2-3 månader før alle etterinnbetalingar har kome. Avdøde sine kontoar blir avslutta etter beskjed frå fullmektigen (frå den som opptrer på vegne av alle arvingane).
Du kan ikkje behalde kontoar eller anna på den avdøde. Så snart vi får skifteattesten, må kundeforholdet gjerast opp så snart som mogleg.
Forsikringar
Når ein person døyr blir forsikringar ståande aktive og fakturering held fram heilt til etterlatte eller bubestyrar tar kontakt for å informere oss om dødsfallet. Dødsfallet må dokumenterast med dødsattest.
Før skifte er gjennomført er det viktig å gi beskjed om kven som skal få forsikringspapira og rekningar. Forsikring avsluttast ikkje før dødsboet er gjort opp.
Om avdøde har livs- eller pensjonsforsikringar i SpareBank 1 Forsikring eller Fremtind Forsikring (tidlegare SpareBank 1 Forsikring) må arvingane kontakte SpareBank 1 Forsikring/Fremtind Forsikring direkte. Når skiftet er klart, sender du skifteattesten til oss på e-post til kundesenter.forsikring@sparebank1.no, slik at vi kan flytte forsikringane over på riktig person. Hugs også å seie ifrå om at forsikring for dødsbuet skal avsluttast.
Arveoppgjeret
Arvingane må ta stilling til korleis buet skal skiftast, og kven som skal fordele arven etter avdøde mellom dykk.
Det vanlegaste er privat skifte
Då blir de einige de i mellom korleis gjeld, eigedomar og formuen skal fordelast. Difor er det viktig å fastslå kven som er avdøde sine arvingar. Skal de gjennomføre eit privat skifte, utferdar retten ei skifteattest. Denne attesten gir de som arvingar råderett over avdøde sine eigedomar.
I tillegg kan de velje å skrive ein fullmakt, som fortel kven som har fullmakt til å gjere disposisjonar på vegne av dødsbuet. Skifteattesten med tilhøyrande fullmakt er eit nødvendig dokument for arvingar, òg i høve som ikkje vedrører avdøde sitt kunde- og kontoforhold hos oss.
Du som arving kan òg krevje offentleg skifte
Då er det tingretten som skiftar buet, dersom midlane i buet er tilstrekkeleg til å dekke utgifter til gravferd og skifte. Det er nok at ein av arvingane krev det. Tingretten tar seg då av forvaltninga og fordeling av arven. I praksis skjer dette ved at tingretten oppnemner ein bustyrar - vanlegvis ein advokat.
Eit arveoppgjer er den juridiske, økonomiske og praktiske avviklinga av alt avdøde har etterlatt seg av eigendomar og forpliktingar, og fordeling av det som er igjen etter at utgifter og forpliktingar er gjort opp. Arveoppgjer blir også referert til som dødsbuskifte.
Overføringa av avdøde sine verdiar (og eventuell gjeld) til gjenlevande ektefelle, sambuar eller andre arvingar kallast skifte av dødsbu. Korleis dødsbuet eller arven blir fordelt regulerast av arvelova, skiftelova og ekteskapslova, i tillegg til avdøde sitt testament der det finst.
Ein bustyrar er den som administrerer dødsbouet og tek seg av det praktiske og juridiske arbeidet i samband med skifte av dødsbu.. Bustyraren kan vere ein av arvingane eller ein advokat, revisor eller nokon andre de stolar på.
Rolla som bustyrar kan vere både omfattande og kompleks, då bustyrar har det overordna ansvaret for at arvereglane og føresegner i eit eventuelt testament blir fulgt. Bustyraren har i tillegg ansvar for at skifteattest ligg føre, for organisering, fordeling og sal av eigedomar, løpande informasjon til arvingar, rekneskap og innsending av sjølvmelding.
Uenigheter kan oppstå ved arveoppgjer, då kan det vere lurt å engasjere ein advokat til oppgåva. Dersom ein av arvingane tar rolla som bustyrar er det ofte vanleg med kompensasjon for ansvaret.
For at du som arving skal få innsyn i avdøde sin økonomi må du ha ein formuesfullmakt. Ein formuesfullmakt gir deg tilgang til opplysningar frå skatteetaten, banker, forsikringsselskap og andre, slik at du får eit bilde av avdødes verdiar og gjeld. Er du i tvil om avdøde kan ha gjeld ein ikkje veit om, bør ein også utstede proklama. Då må kreditorar melde krav innan seks veker, elles bortfaller som hovudregel gjelden.
Når det føreligg ein skifteattest, må det også føreligge ein fullmakt på kven som skal føreta disposisjoner på vegne av dødsbuet - dersom ikkje arvingane opptrer saman.
Skifte: Skal det føregå eit buskifte skal skifteattest nyttast. Ein skifteattest trengs når dødsbuet skal gjerast opp og arven skal fordelast mellom livsarvingar.
Uskifte: Er du gjenlevande ektefelle har du rett til å ta over felleseiget uskiftet med avdøde sine andre arvingar. Eventuelle særkullsbarn må samtykke. Ein uskifteattest trengs når dødsbuet skal takast over av deg som er enke eller enkemann til avdøde.
Arvingane må ta stilling til om dødsbuet skal skiftast privat eller offentleg. Privat skifte er den vanlegaste forma for skifte og vanlegvis mindre kostbart enn offentleg skifte. Privat skifte inneber at arvingane sjølve gjennomfører skiftet av dødsbuet, inkludert gjer opp avdøde si gjeld og forpliktingar og føretar deretter fordelinga av verdiane i buet.
Offentleg skifte inneber at tingretten tar hand om skiftet. Denne forma for skifte er kostbar og kostnadane belastast dødsboet. Denne forma for skifte er anbefalt i tilfelle der gjelda er større enn verdiane i buet eller når arvingane er uenige om korleis dødsbuet skal bli fordelt. For rettleiing om offentleg skifte, kontakt din lokale tingrett.
Les meir om privat og offentleg skifte på domstol.no.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}