Illustrasjon. Par på benk - kva bør du tenke på når du sparer til pensjon?

TIPS OG RÅD

Spare til pensjon – kva bør du tenke på?

Det er mange spørsmål rundt pensjon og pensjonssparing. Éin ting som er heilt sikkert, er at du bør spare sjølv. Her får du fem smarte tips om kvifor og korleis du kan starte privat pensjonssparing.

5 smarte tips for å spare til pensjon

1. Spar sjølv

Det viktigaste du gjer, er å spare til pensjon sjølv. Det kan du enten gjere med Pensjonssparekonto, IPS eller ved å velje fond sjølv. Jo tidlegare du startar privat pensjonssparing, jo betre økonomi får du når du går av med pensjon. 

2. Betal ned på lån

Nedbetaling av bustadlån eller dyre forbrukslån er den beste og tryggaste sparinga. Mindre gjeld betyr meir pengar for til dømes reiser og opplevingar.

Betale lån eller spare?

3. Jobb så lenge du kan

Jo fleire år du arbeider, desto høgare pensjon får du frå Folketrygda og arbeidsgjevar. I det offentlege bør du jobbe til du er 67 år, viss du ikkje går av med AFP når du er 62. 

Les meir om pensjon frå jobben.

4. Få oversikt med eigen pensjonskonto

Eigen pensjonskonto er ein konto der all pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar samlar seg. Pensjonskontoen gir deg betre oversikt over eigen pensjonssparing og gjeld for deg som jobbar i ei bedrift med innskotspensjon med investeringsval.

Les meir om eigen pensjonskonto og få oversikt.

5. Auk aksjeandelen på sparinga

Har arbeidsgjevaren din valt oss som pensjonsselskap, får du automatisk eigen pensjonskonto hos oss. Då kan du sjølv velje andelen aksjar i sparinga. Dette kallast spareprofil, og du kan endre profil sjølv i mobilbanken og nettbanken.

Er du ung kan det løne seg å ha fleire aksjar, som kan gi høgare avkasting. Når du passerer 40 år bør du vurdere ein mindre andel aksjefond, for å minske risiko for tap. 

Her ser du kva spareprofilar du kan velje mellom

Synest du pensjon er vanskeleg?

Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Kva er eigentleg fripolise og innskotspensjon? Her er alt du treng å vite om pensjon, sagt på ein enkel måte.


Sjekk pensjonen din og sjå kor mykje meir pensjon du kan få ved å spare sjølv

Visste du at mange berre får rundt halvparten av lønna si i pensjon? 

Er dette nok for deg?

Utforsk korleis det vil sjå ut for ein person på 35 år med ein årslønn på 600.000 kroner. 


Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring

Få prisfordel på privat pensjonssparing

Sparer arbeidsgjevaren din til pensjon hos oss? Då får du prisfordel på privat sparing i Pensjonssparekonto og Pensjonssparing med skattefordel (IPS).

Kva lurer andre på?

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema, enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Her finn du informasjon og kan starte utbetaling.


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Relevant for deg", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis resultat frå", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }