Tips og råd
TIPS OG RÅD
Korleis spare pengar?
Dei fleste veit at sparing er viktig. Men korleis skal du spare pengar, og kva skal du spare til?
Les anbefalingane våre
TIPS OG RÅD
Dei fleste veit at sparing er viktig. Men korleis skal du spare pengar, og kva skal du spare til?
Les anbefalingane våre
Spar til buffer
Har du pengar til overs, bør du prioritere å bygge opp ein bufferkonto. Uventa ting kan fort skje, kanskje må du plutseleg til tannlegen, vaskemaskina blir øydelagt, eller du får ei mykje høgare straumrekning enn du forventa. Då er det lurt å ha litt pengar på lur, slik at dei uventa rekningane ikkje tar knekken på kvardagsøkonomien din. Vi anbefaler at du sparer opp ei månadslønn, som du kan ha som reservekapital.
Spar til kos
Er du ein som er glad i å vere med på alt, eller likar du å kose deg litt ekstra når det er helg? Ved å sette opp ein konto dedikert til kos, så veit du kva du har råd når vennegjengen spør om du vil vere med på hyttetur, eller når du vil kjøpe deg ein ekstra god helgemiddag.
NB! Har du forbruksgjeld anbefaler vi deg å nedbetale denne først. Les meir om refinansiering av forbruksgjeld
Drøymer du om å eige din eigen bustad? Då er det lurt å starte sparinga så tidleg som mogleg. Når du skal spare til bustad, lønner det seg å spare i BSU – Bustadsparing for ungdom. BSU er ein av Norges aller beste spareordningar, og du skal leite lenge etter ei spareform som er like trygg og som har like god avkasting.
Greitt å vite om BSU
Å betale ned gjeld er ei effektiv form for sparing. Har du mykje lån på bustaden din, kan det vere lurt å betale ned litt ekstra slik at du kjem deg ned på eit komfortabelt nivå. For kvart avdrag du betaler, går gjelda litt ned og bustaden blir litt meir din.
Hugs at nedbetaling av gjeld òg er ei fin form for pensjonssparing.
Sjå Betale ned lån eller spare for fleire tips.
NB! Har du forbruksgjeld anbefaler vi deg å nedbetale denne først. Les meir om refinansiering av forbruksgjeld
Har du spart opp ein bufferkonto, fylt opp BSUen og framleis har litt pengar til overs, er det ein god idé å starte med fondssparing. Å spare i fond passar godt når du skal spare langsiktig.
Start tidleg!
Startar du tidleg så kan sjølv små summar vekse seg store over tid. Begynn i det små, om så berre nokre hundrelappar i månaden. Har du aldri spart i fond, kan det vere lurt å lese seg opp på det du treng å vite om fondssparing før du startar.
Set deg gjerne konkrete sparemål, som til dømes å spare til pensjon.
Vi hjelper deg i gang
Ønsker du hjelp til å velje fond å spare i, har dei fremste fagfolka våre valt ut tre anbefalte fond, og satt dei saman i ein eigen pakke – SpareBank 1s utvalde.
Når du er ung, er det framleis lenge til du blir pensjonist. Å spare til pensjon er kanskje ikkje så gøy, men veldig smart. Pensjon er pengane du skal leve av i framtida.
Jo tidlegare du startar, jo lenger tid har pengane på seg til å vekse. Det betyr at viss du startar tidleg, kan du spare eit mindre beløp i månaden enn viss du startar å spare når du er eldre.
Set opp aksjedelen hos arbeidsgjevar
Har du jobb, bør du skaffe deg ei oversikt over kva pensjonsordningar det er der du jobbar. Pass på at du har ein aldersstilpassa spareprofil. Når du er ung og har mange år igjen av arbeidslivet bør størstedelen av sparinga gjerast i aksjefond.
Les meir om sparing til pensjon for deg som er under 34 år.
Spar til buffer
Har du pengar til overs, bør du prioritere å bygge opp ein bufferkonto. Uventa ting kan fort skje, kanskje må du plutseleg til tannlegen, vaskemaskina blir øydelagt, eller du får ei mykje høgare straumrekning enn du forventa. Då er det lurt å ha litt pengar på lur, slik at dei uventa rekningane ikkje tar knekken på kvardagsøkonomien din. Vi anbefaler at du sparer opp ei månadslønn, som du kan ha som reservekapital.
Spar til kos
Planlegg du å reise på ferie, eller liker du å kose deg litt ekstra når det er helg? Ved å sette opp ein konto dedikert til kos, så veit du kva du har råd til når du set deg på flyet til varmare strøk, eller når du vil kjøpe deg ein ekstra god helgemiddag.
NB! Har du forbruksgjeld anbefaler vi deg å nedbetale denne først. Les meir om refinansiering av forbruksgjeld
Pensjon er pengane du skal leve av i framtida. Folk flest opplever at dei får mindre i pensjon enn dei forventar. Vil du ha god økonomi som pensjonist, blir du nøydde til å spare sjølv. Jo tidlegare du startar å spare til pensjon, jo mindre er det som skal til.
Hos oss kan du velje mellom to spareformer som er tilpassa pensjonssparing: IPS og Pensjonssparekonto.
Fondssparing er òg ein fin måte å spare til pensjon på.
Få aldersstilpassa tips til pensjonssparing
Kvar i livet er du, og kva bør du tenke på når det kjem til pensjonssparing? Vel aldersgruppa di for å lese tipsa våre:
Mange drøymer om hytte, lengre ferie eller å kunne pensjonere seg som 60-åring. For å gjere det må dei aller fleste av oss spare. Korleis du sparer avheng av kor lenge det er til du treng pengane, kor høg avkasting du forventar å få, og i kor stor grad du toler at sparepengane svingar i verdi i løpet av spareperioden.
Hos oss kan du velje mellom to ulike spareformer: Fond (aksjefond, rentefond eller kombinasjonfond) og sparekonto.
Sparekonto
Sparekonto passar for deg som vil setje pengar til side for kortsiktig sparing. Kanskje treng du ein ny sofa? Eller står ein ferietur på ønskelista?
Spare i fond
Skal du spare langsiktig, er fond eit smart val. Har du aldri spart i fond, kan det vere lurt å lese seg opp på det du treng å vite om fondssparing før du startar.
Ønsker du hjelp til å velje fond å spare i, har dei fremste fagfolka våre valt ut tre anbefalte fond, og satt dei saman i ein eigen pakke – SpareBank 1s utvalde.
Sparing er ikkje alltid like lett, og når du er liten har du kanskje ikkje så stor forståing for at du må spare for å kjøpe deg ting.
Set opp sparemål
Eit tips for å lære barn om sparing er å sette opp eit sparemål, til dømes eit spel, sykkel, leikar eller noko anna barnet ønsker seg. Sparer barnet til noko konkret vil det gjer det lettare og meir motiverende å spare.
La barnet spare sjølv
I barnas eigen mobilbank, Spink, kan barna lage eigne sparemål. Jo meir dei får øvd seg på å handtere sine eigne pengar, jo betre rusta vil dei vere når dei blir eldre og skal handtere sin eigen økonomi.
Foreldre har innsyn og disposisjonsrett, og kan følge med på sparinga i sin eigen mobil- og nettbank.
Spare til barn
Ønsker du å spare til barnet sjølv, eller sette til side pengegåver som barnet ikkje skal ha tilgang til, kan du opprette ein sparekonto for barn.
Mange barn treng økonomisk hjelp for å ta førarkortet, kjøpe den første bustaden sin eller studere i utlandet.
Start tidleg!
Sparing til barn og unge har som regel så lang tidshorisont at det vil lønne seg å spare i fond med høg aksjedel. Start tidleg, så kan sjølv små summar veksa seg store over tid. Spar litt kvar månad, eller set inn pengar når du vil.
Bør du spare i eige eller namnet til barnet?
Når du skal spare i fond til barn, kan du velje mellom å spare i ditt namn eller i namnet til barnet. Her kan du lese om fordelane og ulempane med dei to moglegheitene.
La familie og vener bidra med sparinga
Som forelder kan du legge til rette for at barna dine kan få fond i gåve. Opprett ein gåvekonto, og gjer det superenkelt for familie og venner å bidra med sparinga – uansett kva bank de bruker
Lyst til å lære meir om fond?
Her kan du lære meir om fondssparing.
PS! Tilrådingane over gjeld på generelt grunnlag og er ikkje å rekne som personleg investeringsråd.