Tips og råd
Tips og råd
Her finn du alt du treng å vite om gjeldsregisteret
Gjeldsregisteret gir deg full oversikt over kva du har i kredittkort- og forbruksgjeld. Slik kan du bruke oversikta til å ta smarte val for økonomien din.
Tips og råd
Gjeldsregisteret gir deg full oversikt over kva du har i kredittkort- og forbruksgjeld. Slik kan du bruke oversikta til å ta smarte val for økonomien din.
Gjeldsregisteret er ei oversikt over nordmenn si usikra gjeld. Det vil seie all di kredittkortgjeld, alle forbrukslån, handlekontoar og kjøpekreditt du har. Opplysningane hentast inn frå rundt 200 bankar og finansføretak og vert løpande oppdatert.
Målet med registeret er å førebygge at folk tek på seg for mykje gjeld og får betalingsproblem. Med gjeldsregisteret er det nemleg blitt mykje enklare for bankane å vurdere din økonomiske situasjon, og dermed forhindre at du lånar meir enn du har råd til.
Gjeldsregisteret gjer at også du sjølv kan få betre kontroll over eigen økonomi. Har du mange små lån her og der kan det vere lett å miste oversikta. I nettbanken hos oss kan du enkelt sjå all forbruksgjeld du har, også det du har hos andre bankar.
NB: Når du søker om lån og banken skal vurdere låneevna di, hugs at det er størrelsen på kredittrammene på korta og handlekontoane dine som tel – ikkje kor mykje du til en kvar tid faktisk har brukt av dei.
I Norge har vi eit nasjonalt gjeldsregister (levert av Norsk Gjeldsinformasjon AS og Gjeldsregisteret AS) over nordmenns usikra gjeld. Det betyr at all eventuell kredittkortgjeld, alle forbrukslån, handlekontoar og øvrig usikra kreditt du har ligg lagra der.
For kvart kredittkort eller nedbetalingslån du har, ligg følgjande informasjon i gjeldsregisteret:
For at du skal kunne sjå all forbruksgjelda di i mobil- og nettbanken, må du samtykke til at Norsk Gjeldsinformasjon delar denne informasjonen med oss.
For at du skal kunne sjå all forbruksgjelda di i mobil- og nettbanken, må du samtykke til at Norsk Gjeldsinformasjon delar denne informasjonen med oss. Dette samtykket lagrar vi i seks månadar. Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ved å velge Fjern mine opplysningar inne på Forbruksgjeld-delen av mobil- og nettbanken.
PS: Når du søker lån hos oss, må du òg samtykke til at vi kan gjere ein kredittsjekk av deg der vi mellom anna slår opp i det same nasjonale gjeldregisteret.
Sjå personvernerklæringa vår for meir om korleis vi behandlar personopplysningar og kva rettar du har.
Når du brukar eit kredittkort, lånar du pengar av banken. Kredittgrensa di, eller kortet si kredittramme, er det maksimale beløpet du totalt kan låne før du må betale tilbake. Når kredittramma er «brukt opp», kan du ikkje bruke kredittkortet igjen før du har betalt inn på kredittkortet.
Kvar gong du betalar med kredittkortet, brukar du altså av kredittramma. Når du betalar ned heile eller delar av gjelda, anten via kredittkortfakturaen eller ved at du betalar inn ekstra i nett- eller mobilbanken, blir summen du betalar inn igjen tilgjengeleg for bruk.
Har for eksempel kortet ditt ei kredittramme på 20.000 kroner, og du brukar 10.000 kroner, har du 10.000 kroner igjen av kredittramma. Betalar du så inn 5.000 kroner, aukar den tilgjengelege kreditten din til 15.000 kroner.
Kor høg kredittgrense du kan få, avheng av ting som inntekt, betalingshistorikk og kor mykje gjeld du har frå før.
Sjå også
Det å samle kreditten er ikkje så dumt. Vårt råd er å samle mest mogleg av kreditten i eigen bank, då har du oversikt over forbruket i mobilbanken.
Med eit bevisst forhold til kor mykje du har i kreditt, kor mykje du har brukt – og ikkje minst kva du har brukt den på – vil du få betre kontroll på eigen økonomi.
Mange har kredittkort eller handlekontoar dei ikkje har brukt på årevis. Då kan det vere lurt å ta ei opprydding.
I mobilbanken kan du få full oversikt over forbruksgjelda di på ein stad. Der kan du samtidig ta ein rask sjekk for å finne ut om du bør refinansiere noko av den dyre gjelda di.
Å refinansiere gir deg lågare månadlege utgifter og ein sunnare økonomi.
Med hjelp av gjeldsregisteret kan du sjå alle dine forbrukslån og kredittkort i mobilbanken og nettbanken hos oss, uavhengig av kva bank du har forbruksgjelda hos!