Vis alle kredittkorta dine og forbrukslån i mobilbanken
Visste du at du enkelt kan sjå all forbruksgjelda di i nettbanken vår, også gjeld du har andre stadar?
Visste du at du enkelt kan sjå all forbruksgjelda di i nettbanken vår, også gjeld du har andre stadar?
Full oversikt med få klikk
Har du kredittkort liggande som du ikkje brukar så ofte? Kanskje også nokre handlekontoar? Viss du føler du har mista litt oversikten over kor mykje du har i kreditt og gjeld – og hos kven – er dette ein kjempeenkel måte å ta kontrollen tilbake på.
Med eit bevisst forhold til kor mykje du har i kreditt, kor mykje du har brukt – og ikkje minst kva du har brukt den på – vil du få betre kontroll på eigen økonomi.
1 av 6
I Norge har vi eit nasjonalt gjeldsregister (levert av Norsk Gjeldsinformasjon AS og Gjeldsregisteret AS) over nordmenns usikra gjeld. Det betyr at all eventuell kredittkortgjeld, alle forbrukslån, handlekontoar og øvrig usikra kreditt du har ligg lagra der.
For kvart kredittkort eller nedbetalingslån du har, ligg følgjande informasjon i gjeldsregisteret:
For at du skal kunne sjå all forbruksgjelda di i mobil- og nettbanken, må du samtykke til at Norsk Gjeldsinformasjon delar denne informasjonen med oss.
For at du skal kunne sjå all forbruksgjelda di i mobil- og nettbanken, må du samtykke til at Norsk Gjeldsinformasjon delar denne informasjonen med oss. Dette samtykket lagrar vi i seks månadar. Du kan når som helst trekke tilbake samtykket ved å velge Fjern mine opplysningar inne på Forbruksgjeld-delen av mobil- og nettbanken.
PS: Når du søker lån hos oss, må du òg samtykke til at vi kan gjere ein kredittsjekk av deg der vi mellom anna slår opp i det same nasjonale gjeldregisteret.
Sjå personvernerklæringa vår for meir om korleis vi behandlar personopplysningar og kva rettar du har.
For at du skal kunne sjå all forbruksgjelda di i mobil- og nettbanken, må du samtykke til at Norsk Gjeldsinformasjon delar denne informasjonen med oss. Dette samtykket lagrar vi i 6 månadar (med mindre du trekk det tilbake). Du må etter dette samtykke på nytt om du ønskjer å fortsette å ha den fulle oversikta i mobil- og nettbanken.
Informasjonen om gjelda du har hos andre bankar lagrar vi faktisk ikkje i det heile tatt. Vi hentar opplysningane frå gjeldsregisteret kvar gang du loggar inn i mobil- eller nettbanken, og slettar dei når du loggar ut igjen. Opplysningane vil ikkje eingong vere tilgjengelege for bankens tilsette.
Har du fleire forbrukslån, eller kredittkortgjeld du betalar renter på over lengre tid, bør du vurdere å refinansiere forbruksgjelda di. Då samlar du alt i eitt lån, noko som betyr færre gebyr og lågare kostnadar.
NB! Hugs at også unytta kredittrammer som handlekontoar og kredittkort som berre ligg i skuffa er med på å avgrense kor mykje du kan ta opp i lån.